Treff: 4999

Minneord over Thorvald Torreson Svines skrevet av Holger Barkved.

 

svines

Thorvald Toreson Svines som drukna under siste kappsiglinga i Stavanger, vart gravlagd frå heimen på Jørpeland fredag. Ei mengd med folk hadde møtt fram. Prost Laland nemnde at Svines var den femte som let livet ved ulukkehending her i bygda berre på nokre få vikor. Han vilde då minne um eit ord frå Johannes evangelium 11. kap: Meisteren er her og kallar på deg.


Etter talen vart det lagt ned fleire kransar. Frå familien på Jørpeland ved Holger Barkved, frå syskinda og barnebarna ved prost Laland, frå familien åt kona ved Rasmus Nordbø, frå arbeidskameratane på blokklageret ved Sigurd Ommundsen, frå hamarverket ved den same, frå stålverket ved kontorsjef Peter Olsen, frå funksjonærane ved ingeniør Arntzen, frå støyperiet ved Harald Brække, frå Jørpeland seglforening ved Henry Thomsen, frå Seglforeninga 1928 ved Alv Holgersen og frå heidningemisjonsforeninga her ved Rasmus Barka. Deretter vart han køyrt til siste kvileplassen.


Thorvald Svines var fødd på Svines i Strand 19. februar 1886. Straks etter han vart konfirmera, var han ei tid i forretninga åt Holgersen & Heggen, Stavanger. Sidan var han ein vinter på Dalheim fylkesskule. I 18 års alderen reiste han til jordbruksskulen på Nedstrand, men han vart sjuk og laut slutte. Då han hadde vore heime ei tid, reiste han til Danmark på Ladelund meieriskule. Etterpå vart han tilsett som styrar på Brekkeidets meieri i Vik i Helgeland. Han synte seg å vere ein flink meierist, og han steig fort i gradene. Han fekk straks plass som meieristyrar på Meldal i Orkdal, derifrå kom han til Årnes på Romerike og so til Oslo melkeforsyning. Men Svines ynskte helst å kome nærare heimen, og i 1912 slutta han som meierist og reiste til Jørpeland og fekk arbeid på stålverket. Då ingeniør Bacher Fagerberg stod fyre utbyggjinga av Tafjordanlegget, fekk han Svines med seg dit. Då dette var ferdig, kom han attende til stålverket her og vart tilsett som funksjonær ved blokklageret der han sidan har vore. Det arbeidet han stod fyre, utførde han alltid samvitsfullt. Ja, då folk kom på plassen hans måndagen etter han var drukna, synte det seg at han hadde unnagjort på laurdag det som han skulde havt til måndag fyremiddag.


Utanum arbeidet på verket, har Svines gjort mykje godt for ungdomen på Jørpeland. Serleg var han sterkt interessera for fråhaldssaka. Han var ein av dei som hardast gjekk i brodden for å skipe losje her. Denne kom i gang 7. september 1913, og Svines var den fyrste varatemplaren der. Han arbeidde og mykje for å skaffe losjen hus, og dette vart reist i 1915. Jørpeland hadde lenge eit dårlegt ord på seg når det gjaldt rusdrykken. Svines var ein av dei som har gjort mest til at bygda ikkje er å kjenne att på dette umkvervet. Han var og mykje interessera i arbeidet for målsaka og han var med og skipa Jarpa Mållag i 1923. Men elles var han fyrst og fremst heimen sin mann. Der han bygde huset sitt, fanst det lite og inkje jord, men Svines fekk det til å gro so det var som ein Edens hage. Sidan tok han på å fylla ut ”Søyla” med stein, grus og jord, og no hadde han fått jamna dette utover og hadde teke til å plante på ny.


Svines hadde ein salme som han sette som motto for sitt liv: Eg hev ei tenesta stor for Gud frå 
dag til dag i det stille, der kvardagsklædi vert høgtidsskrud og livsens småting so gilde. I det siste verset hadde han streka under setningen: Heimen han er mi kyrkja.
Svines let etter seg kona, Marie, fødd Ravn, og sønene Tore og Odd som båe arbeider ved stålverket her.


Jørpeland 18. juni 1938
Holger Barkved