Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Februar

Primstaven for februar

 

Månadsnamnet februar kjem av det latinske ordet februaris, som tyder å reinska, og såleis skulle februar vera reinsemånaden. Etter den gamle norrøne kalendaren er han slutten på den månaden dei kalla thorre og 2/3 av den neste, som del kalla go eller gø og varte frå 12 februar til 13.- mars. Etter innføringa av kristendomen rekna dei at goi - månaden skulle taka til sundagen etter 11 februar. I denne månaden kunne dei ta varsel for korleis det ville gå med familien i resten av året. I ei oppteikning frå Suldal heitte det at første gongen ein såg goi-månen på himmelen, skulle ein ta ei salmebok, slå ho opp med attletne augo, halda ho på ryggen og seia: ”Seg meg du goi, er det nokon i huset som er feig og skal døy?” Så kunne dei ta salmeboka og sjå etter. Hadde dei slege opp ei liksalme, skulle ein i huset døy før året var omme. I ei anna gamal regla dei bruka her i Rogaland, heitte det: Sist i thorre og først i gjø, skal sild og kval vera i sjø.

Den første mess i månaden, vart halden 2.febr. Ho vart halden til minne om Jomfru Maria sin reinsingsfest etter Jesu fødsel, - slik det var pålagt dei etter moselova, og det er til minne om den månaden har fått namnet sitt. Denne festdagen valde kyrkja også til  vigsling av dei heilage kyrkjeljosa, som på latin heitte candelaria, og kyndel er berre ei omskriving av dette namnet. Såleis vart messa kalla kyndelsmessa, men etter uttalen her i Rogaland, vart det til kjønnesmøss. Det var ein av dei store merkedagane i året, og me høyrer endå gamle folk reknar med han. Då måtte halve foret vera att om ein skulle sleppa velberga gjennom vinteren, og kunne dei finna minst tre dråpar frå nordsida av kyrkjetaket, middag kl. 12, spådde det eit mildt og godt år. På primstaven er dagen merka med ein fleirarma ljosestake.

5.februar var også messedag. Då høgtida dei minnet om biskop Blassius. Han var biskop i Sebaste i Armenia og leid martyrdauden under keisar Deoclesian. ikring 302. Sidan namnet Blassius liknar så mykje på å blåsa, vart messa hjå ass kalla blåsemessa, og difor er dagen på primstaven merka med eit blåsande hovud eller eit skip med fulle segl. Dei gamle hadde det til merke at bles det mykje den dagen, ville ein få mykje vind gjennom året. Dei gamle hadde det såleis, at var det noko dei var redde, måtte det ikkje nemnast med rette namnet og me høyrde dei fortelja at ingen torde nemna dagen med det rette namnet sålenge dei var på sjøen, for då kunne det lett ryka opp til storm. Messene fylgde tett på einannan i førstninga av februar, og alt den 5.vart det halde messe for den heilage Agathe, eller Ågot, som ho vart kalla hjå oss. Agathe eller Ågot var ei usmitta gjenta på Sicilia som leid martyrdauden under keisar Desius i år 250. Hjå oss heitte det at ho vart børsta ihjel, og difor torde ikkje gjentene børsta håret sitt den dagen. Andre stader heitte det at ho var ei kona som musa åt nasen og øyro av, og at ho hadde kome til å verta eten ihjel om ho ikkje hadde bede til Gud om å verta berga og at ho i tilfelle ville heilaghalda dagen. På primstaven er han merka med ei mus, og dei gamle sa at frå den dagen kunne dei venta myke uty av alle slag. 
6. februar vart det også halde messa, og då for den heilage Dorthea, eller Dorte, som dei sa her. Dagen er ikkje merka på alle primstavar, men på sume er han innrissa med eit kors.

Den 10. februar var minnedagen for den heilage Scholastica som var søster til den heilage :Benedicht frå Nursia. Ho var einebuar, og dei sa om henne at ho hadde slik bønekraft i seg at eingong broren såg til henne, nedbad ho eit fælande uver, slik at han laut stogga ein dag lenger hjå henne.

Det stod endå att to messedagar i februar. Den eine vart halden den 22. til minne om årsdagen då St. Peter vart sett på patriarkstolen i Antiotica. Her kalla dei alltid dagen for Peder Stol, men andre stader kunne dei kalla han Per Varmestein. Dette siste namnet kjem av at dei trudde St. Peter den dagen kasta varme steinar i vatne slik at isen losna, og vatn som til den tid ikkje hadde vare islagde ville også halda seg opne. Sjøisen ville også frå den dagen vera usikker. Dagen er likt med andre merkedagar for St. Peter merka på primstaven med ein nøkkel, St. Peter sin himmelsal …. For veret var han ein stor merke dag, og eg minnest vel at dei gamle sa at slik veret var den dagen, ville det verta i 40 dagar framover.

Den siste messa i månaden heldt dei den 24. Ho vart halden til minne om apostelen Matthias, men sidan skotårsdagen i eit skotår eller laupar vart innskoten der, vart messa hjå oss kalla lauparmessa. På primstaven vart dagen merka med eit eller to flag med krossen lagt inn diagonalt.

I gamle segner heiter det m.a. at den dagen vaks det opp av myrane ein plante dei kalla gråkolle og som skulle vera gifteg for dyra til  sumaren. Stundom kunne me høyra dei kalla dagen : Matthias bryt is, og ei gamal regla sa at fanst det is på vatna, ville Matthias bryta han, men var det ingen, ville han laga is.

Me finn også ein gamal regel som seier at kyrne ikkje måtte laupa (verta bedekka) før den dagen, og løb dei på skotårsdagen, ville dei koma til å kasta kalven. Om dette har noko samband med at messa vart kalla lauparmessa, er det venteleg vanskeleg å få greia på.

 

 

Joomla templates by a4joomla