Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

April

Primstaven for april 

 

April månad har fått namnet sitt av det Latinske ordet apeire, som tyder å opna. Såleis vert april åpningsmånaden. Det er då jorda opnar seg og alt gjer seg ferdeg til å spira og gro. Månaden er siste delen av eje-månaden og totredjeparter av den neste, som dei kalla harpa eller gaukmånaden, og som varte frå 14. april til 13. mai, men ved innføringa av kristendomen vart det fastlagt at han skulle ta til med den torsdagen som låg nærast 19. april.

På primstaven er den 14. rekna som sumarmål eller sumarnatt. Dei gamle rekna med at døgeret tok til med natta framfor dagen. Difor sa dei slik som her sumarnatt, i staden for sumardag, som me ville seia. Alle dagane i april var likt med dei andre dagane i året minne dagar for ein eller annan helgen, difor kan me ikkje ta med alle, men berre dei det vart haldne messe for og nokre andre av dei mest kjende elles. 4. april var minnedagen for den store biskop Ambrosius i Milano. Han var ein stridvoren mann, men best kjent for dei Ambrosiske lovsongane. Det er også han som har æra av å ha påverka og døypt oldkyrkja sin største teolog, biskop Augustinus i året 387.

Som tidlegare nemt, rekna dei med at sumaren tok til 14. april. Han var merkedag for at dei då kunne ta til med såinga. Men vinteren var ikkje langt borte alle stader, og det heitte at kom det sludd eller snø den dagen, ville det koma snø 9 gang til før ein var trygg for vinterveret. Men i kvar bygd hadde dei gjerne eigne kjennemerke for kva tid dei kunne ta til med dette høgtidelege arbeidet, og som dei lita meire på. Dagen minna kvinnene om at den store vårreingjeringa stod føre, og at det var tida til å sjå over koller og kinner, skura, lufta og vaska dei godt i einerlåg, som førebuing til stølsdrifta.

For dei gamle nordmenn var han ein av dei store festdagane i året. Då skulle dei festa for god avling og godt år. Åkrane trong livskraft, og dei hadde stor tru på at ho kunne førast over frå alt levande i natura. Difor gjekk dei denne dagen over åkrane og stakk ned friske kvister. Men ingen stad var livs krafta større enn i egget, og då kunne det løna seg å grava ned nokre av dei også. Mennesket sjølv trong også livskraft etter ein lang vinter. Difor høyrde det til å eta egg i denne festen. Sidan påske oftast fell i denne tida, vart skikken sidan ført over til denne høgtida, så det ligg ein urgamal tradisjon i å eta påskeegg. Det må vera ein like gamal skikk, som gjekk ut på at dei som hadde krøter eller som skulle gjeta dei om sumaren ikkje måtte eta kjøt den dagen, for elles ville ulv og bjørn få makt over dyra om sumaren. Det er også vanskeleg å skyna kva den skikken grunna seg på at ingen skulle arbeida på mandagen etter sumarmål. Sumarmålsdagen er på primstaven merka med eit tre eller ein busk.

16. april vart det halde Magnusmessa. Det var dødsdagen til den heilage Magnus Ørkenøyjarl i 1115. Dagen er på primstaven merka med ei hakka eller eit grev, som skal minna om arbeidet i jordbruket. Men han kan også vera merka med ei øks og pil, som skal syna til den dødsmåten han fekk.

17. april var helga til minne om biskop og martyr, Elphegus i Canterbury, som vart drepen på ein grusom måte av vikingane i 1012. Det heiter at vår eigen St. Olav skulle ha vore med i denne udåden. Neste merkedagen på primstaven finn me 23. april med eit kors. Det er minnedagen over den heilage Gregorius. Sagnet seier at han eingong drep ein fæl drake som heldt på å øydeleggja ein heil by i Libya. Han kravde dagleg menneskeofre, som vart tekne ut ved loddtrekning mellom folket i byen. Så fall loddet på ei kongsdotter, og ho hadde kome til å late livet om ikkje Gregorius med stort heltemod hadde drepe dragen. Men då han sidan kom til Spania, vart han etter ordre frå statholdaren pint og sidan halshogd for at han ikkje ville ofra til dei heidne gudane, men i staden arbeidde med å omvenda folk til kristendomen. I Skandinavia har han hatt ulike namn, men hjå oss vart han helst kalla St. Georgine. Det heitte at på dagen hans hadde alle villfuglane teke til å leggja egg i reira sine.

To dagar etter, den 25 april hadde dei minnedag for evangelisten Markus. Men dagen vart kalla gangdagen eller den store gangdagen i motsetnad til dei tre gangdagane før Kristi Himmelfartsdag . Namnet gangdag kjem av at dei den dagen gjekk i prosesjon over markene, medan prestane bad om signing og gode avlingar og skvetta vigd vatn utover. Det heitte at eingong var det slikt tørkeår i Noreg at jorda sprakk, og det såg ille ut med veksten. Då vart det pålagt at det denne dagen skulle fastast strengare enn nokon gong før. Dyra skulle heller ikkje få mat, og ikkje eingong spedbarna fekk koma til morsbrystet. Det var klårvêr då dei gjekk til kyrkja, men då dei korn dit auste regnet ned.

Eit anna segn om gangdagen fortel at dei fasta fordi det eit år låg så djup snø den dagen at han gjekk over målstanga. Difor er dagen på primstaven merka med ei stang med mange prikkar kringom, som skal tyda snø.

 

 

Joomla templates by a4joomla