Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Mai

Primstaven for mai


Mai månad meiner dei har fått namnet etter den romerske gudinna Maja og er siste delen av den gamle gaukmånaden og 2/3 av neste, som dei kalla skjerpa. Det er uvisst kva dette namnet skulle tyda, men venteleg kjem det av skarp, hard, og skulle såleis vera den månaden då jorda tørka og vart hard. Dette stemmer godt med den forsumartørken dei alltid rekna med. Skjerpa tok til laurdag etter 12. mai.

Mai har alltid vore ein travel månad for bøndene. Då stod dei hardast i med vårvinna og trong om å få nytta tida godt, men det tok ikkje den katolske kyrkja omsyn til, likt med fleire andre månadar i året, hadde mai fire messedagar, og dei var tapte for arbeidet. I den heidne tida hadde folket vore van til å styra seg sjølv, og dette var harde inngrep i fridomen. Då Håkon den gode på Frostadtinget kom med helgedagspåbodet, knurra folket og sa at kongen ville ta arbeidet frå dei. Men då kristendomen fekk makta vart dei lovfesta og motstanden la seg etterkvart.

Alt I. dagen i månaden var messedag. Ho vart halden til æra for apostlane Fillip og Jakob, og vart difor stundom kalla tveggja apostolmessa, men det vanlege namnet var gaukemessa. Det må vera eit gamalt namn, for islendingane bruka det også og må ha teke det med seg frå Noreg, sidan dei ikkje har gauk på Island. På primstaven er dagen merka med ein gauk og som kan mima om at det både er gaukmessa og at gauken er ventande. Denne fuglen varsla om mange ting, særleg om ein høyrde han på messedagen, men for sumt galt det første gongen ein høyrde han om våren. Dei fleste vil kjenna det vesle varselrimet:

Nord

någaug.

Sør

sørjegauk.

Vest

viljande.

Aust

giljande.

Dette vil seia at høyrde me han i nord, spådde han dødande, og lydde han frå sør, varsla han sorg. Frå vest varsla han at det ville gå ein godt og ein kunne venta gode avlingar. For dei som hadde tenkt seg ut på friing, var det gildast å høyra han frå aust. Då ville dette gå godt, og det var også eit godt varsel for god fiskefangst. Men det var ille om han gol frå bar kvist. Då varsla han om uår og uheld. Men kva som ligg til grund for at han då spådde at det ville verta mange lausungar, er vanskeleg å finna. Dei gamle sa alltid at gauken tok ut før høyet var kome i såter. Han skulle eingong ha drepe maken sin i ei høysåta, og sidan torde han ikkje sjå dei, men let han seg høyra etter den tid, varsla det ikkje godt. Me lydde alltid godt etter for å ta varsel, men gløymde vel helst å samanhalda dei med utfalla.

Alt 3 mai heldt dei messe att. Ho vart kalla krossemessa og var til minne om at på den dagen fann Helene, mor til keisar Konstantin det heilage korset i Jerusalem. Til den dagen skulle grindane vera oppsette og gjerda overfarne, og då skulle ulla på sauene vera losna så ho kunne rivast av.

15. mai var det ei ny messe, og denne dagen for martyren, St. Hallvard, som var i slekt med heilag Olav. Det heitte at tre dagar før og tre dagar etter Hallvardsmessa, eller Hallvardsok, som dei sa, var beste såtida. Men hadde dei ikkje sått før 12 dagar etter, kunne dei like gjerne lata det vera, for då ville ikkje sumaren strekkja til for å få moge korn.

St Hallvard var Oslo sin skydshelgen. Dagen hans er på primstaven merka med ein kvernstein. Det heiter at han vart skoten og liket søkt ned i Drammensfjorden med ein kvernstein. Men etter ei tid flotna både liket og steinen opp. Det vart då lagt i eit skrin som vart sett på altaret i St. Hallvards kyrkja i Oslo.

Dei gamle hadde nok ofte hatt dårleg røynsla av å gå til heis med sauene så tidleg. Då hadde dei ofte kome ut for uver, og det hadde arbeidd seg opp ei fast tru på åt dei kring Hallvardsok kvart år fekk nokre kalde dagar, som dei kalla reinskjølen. For det heitte at då kom reinkalvane til å vassa i snø til over klauvene.

18 mai var minnedag for den heilage Eirik, svenskekongen, som vart drepen på denne dagen i 1160. I 1342 påla kong Magnus Eiriksen at dagen skulle høgtidhaldast også hjå oss.

Den 22. mai var det messedag att. Dei kalla dagen bjørnevåk, som er ei forvansking av Bjarnvards vaka eller St. Berthard messa. Namnet har mykje som liknar på bjørn, og dei gamle hadde legg for å vrengja namna til så dei passa betre deira tunga. På primstaven er dagen merka med ein bjørn. Og den dagen skulle bjørnen koma ut or hiet, trudde dei.

St. Bernhard var ein av dei største menn i mellomalderen. Han bygde kloster og var m.a. far for den strenge Bernhardinerordenen, som også rådde i klostra våre. 
26. mai var minnedag for St. Augustinus. Han vart sendt til England av pave Gregor den Store for å omvenda engelsmennene til kristendomen og døydde som erkebiskop av Canterbury i 608. Han er kalla Englands apostel.

28. mai var minnedag for St. Germanus som i året 555 vart biskop i Paris. Han døydde i 576 og vart gravlagt i St. Vicenti kyrkja ved Paris. Sidan vart kyrkja omdøypt etter han til St.Germankyrkja. På primstaven er dagen merka med eit teikn som kan likna ei bispehua.

31. mai var minnedag for jomfru Petronilla. Sume sa at ho var dotter til apostelen Andreas, men truleg har dei meint at ho var den åndelege dottera hans. Kanske vart ho det ved dåpen av St. Peter. Ho døydde på ein forunderleg måte då den romerske prefect ville tvinga henne til ekteskap.

 

 

Joomla templates by a4joomla