Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Juni

Primstaven for juni

For juni er det uvisst kva namnet kjem av. Det kan koma av Juno, som var kona til Jupiter, den største guden i den romerske mytologien. Men det kan også koma av namnet til den første konsulen i Roma, Marcus Junius Brutus. Etter den gamle norrøne kalendaren er han siste delen av den månaden dei kalla skjerpla og 2/3 av neste, som dei kalla solmånad. Me hadde i kvar månad fleire messedagar, men alle var ikkje like store. Dei største skulle taka til ved non, niande timen ( kl. 3 ) dagen føreåt, og då måtte alt arbeidet stogga. Heilag Olav og bisp Grimkjell påla 14 slike messer i året, men det kom fleire til sidan  I namnet har dei ofte endinga våk, som kjem av å vaka. Første stavinga av våk vart ofte dregen saman til o, og slik får me t.d. Jonsok istaden for Jonsvåk.

Det var vel helst prestane som skulle - ha våkenatt, for å førebu seg til messepreika. Men i stort mun vart det ei våka for mykje av folket, særleg for ungdomen. Det hang slik saman at det lenge vart halde gudstenesta på messafta, som dei sa, og då folk først var samla ved kyrkja, vart det ofte til at dei dreiv natta med leik og dans. Dette utarta slik at dei laut slutta med natt - gudstenestene. Men folk var blitt så vant til desse nattfestane ved kyrkja at dei heldt ikkje opp endå det vart sett forbod for dei. Det er nok ein leivning etter dette me har i Jonsok - feiringa.

Første messedagen vart halden 9. juni og var høgtida til minne om Skotlands apostel, den heilage abbed Columbas. Det var han som bygde det kjendte klosteret på Icolkill ved Vest Skotland. Namnet hans vart hjå oss først drege saman til Kolban og sidan til Kolbjørn. Dagen er på primstaven merka med ein laks, difor kalla dei han Kolbjørn med laksen. Merket skulle elles tyda at frå den dagen gjekk laksen opp under land og let seg fanga. Frå denne dagen rekna dei også at den eigentlege sumaren tok til.

15. juni var minnedag for St. Vitus og St. Modestus. Det var denne St. Vitus som legte son til keisar Deoclesian for vonde ånder. Og det er etter han me har fått sjukdomsnamnet Sankt Veits dans. Likevel vart han og to andre heilagmenn, etter pålegg frå keisaren, drepne på ein grusom måte.

Botolvsmessa eller Botsok vart halden 17. juni og var høgtida for den heilage Botolv i England. Der var han ein stor helgen, men kom også tidleg inn på kalendaren vår. Frå 1276 og langt ned i tida, var dagen fast for Lagtinget i heile Noreg. Viktegare for folket var det at frå den dagen heitte det at ugraset sat laust med rota. Det vil seia at då var det tida å riva opp ugras som elles sat godt fast, som t.d. høymol. Veka fram til Jonsok kallar med endå rotløyseveka. Dette er noko alle bønder veit og nytta seg gjerne av. Det kunne mest sjå slik ut at det ligg noko verkeleg til grunn for denne trua, men noko sikkert prov for det har me visst ikkje. Dagen er merka med ei rot, gjerne med eit kors på.

Alle veit at Jonsokdagen har me 24. juni. Det var ein av dei store festdagane, og messa heldt dei til minne om fødedagen til døyparen Johannes, slik dei har rekna han til etter Lucas I -36. Etter den Julianske kalendaren rekna dei at den dagen snudde sola. Og me held også midtsumarfesten då, endå me veit at høgste sumardagen hadde me eitpar dagar tidlegare. Det var ein festdag som hadde djupe røter ned i heiden tid. Eit minne om det har me m.a. i bålbrenninga. Sol og eld høyrde nøye saman, og i med bålbrenninga meinte dei å hjelpa sola med kraft i denne kritiske tida. Elden var også eit krafteg middel til å halda vonde vette borte, difor brann dei ofte bålet på bulega. Jonsokbålet hadde ein eigen styrke, og difor skulle også den tjøra dei skulle ha til å krossa dyr og dører med, brennast den dagen.

Me kjenner alle til det hellage krusefikset i Røldalskyrkja, som sveitta kvar Jonsoknatt, og som sjuke strøymde til for å verta friske. Dei hadde ei fast tru på at kunne dei få smørja noko av denne sveiten på der dei hadde vondt, ville dei verta friske. Denne valfartinga heldt på like til 1835. Då vart prest merksam på det som gjekk føre seg og stengde kyrkja. Men det er venteleg ret som det heite at det låg att stavar og krykjer i mengder etter slike som hadde vorte friske. Merket for veret var at regna det den dagen , ville ein få ein våt haust. Både Jon Hans, som me har i namnet er ei avstytting av Johannes. Namnet St. Hans, har me fått frå Danmark. På prinstaven er dagen marka med eit hovud med strålekrans. Det skal minna oss om døyparen sitt hovud på eit fat.

29. juni heldt dei Petersmessa eller Petersvaka. Hjå oss kalla dei helst dagen Persok og var ein messedag til minne om martyrdøden til apostlane Peter og Paulus. På primstaven er dagen merka med ein nøkkel. Han vart kalla St. Peter sin gullnøkkel, som Vår Herre gav han den dagen til å kunne opna og lukka Himmelporten  med.

 

 

Joomla templates by a4joomla