Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Juli

Primstaven for juli

Juli heitte først hjå romarane Quintelise, som tyder den femte. Dette heng saman med at dei lenge rekna året frå mars. Men då keisar Julius Cæsar fekk omarbeidd kalendaren til den me kallar den julianske, vart namnet bytta om etter han og kalla juli. Etter den gamle kalendaren vår er månaden siste delen av solmånaden dei fire aukenettene og siste delen av den månaden dei kalla høyonnir, og som tok til 23. juli.

Fordi kalendaren har skifta fleire gonger, kan det vera eit hovudbrot å rekna seg bakover og få rett tid. Likevel er kanske ikkje det verste, men alle kalendarar har hatt feiler, som har lagt på seg med åra. Dette kjem av at ein kan ikkje dela året opp i heile dagar, og så vil ein koma i utakt og liggja anten før eller etter rett tid. Slik me har det no, reknar me året for stutt og må leggja til skotårsdagen.

Den gamle norrøne kalendaren delte året i to halvdeler, som kvart hadde 6 månader med 180 dagar. Med det ville feilen verta altfor stor, og for å retta på han, skaut dei inn 4 dagar, dei såkalla aukenetter i sumarhalvåret mellom 3. og 4. månaden. Likevel tapte dei kvart år ein - og i skotåret to dagar. Dei har nok hatt ein måte å retta dette på, som me ikkje kjenner til, men likevel har det blitt ein feil. Det er berre hjå islendingane me har sikre haldepunkter for at denne kalendaren vart brukt, men truleg hadde dei han i alle dei germanske landa. Den eldste norrøne oppteikninga har me av islendingen Are Frode. Her skriv han m.a. at dei visaste menn i landet har rekna eit år til å vera på 364 dagar eller 52 veker, men så såg dei at sumaren stadeg trekte seg nærare våren, og det var ingen som kunne seia det at året var ein dag lenger. Då gjorde Torstein Surt, soneson til ein landnåmsmann framlegg om at dei kvart 7. år mot slutten av sumaren, skulle leggja inn ei veka, sumarauke, og freista sjå korleis det ville gå. Dette vart straks vedteke.

Den 2. juli heldt dei messa for den heilage engelske bispen, St. Svithun, som vart Stavanger sin skydshelgen, og difor er Domkyrkja vigd til han. Dei fleste kalla dagen syftesok. Likt med mange andre litt framande namn, vart også Svithun-namnet forvanska. Det liknar noka på. syfte, som tyder å reinska, og såleis fekk me syftesok. Men kanske har dette syftenamnet ei heilt annan tyding, som kan vera mykje eldre. Det var nemleg ein gamal skikk at på den tida syfta bøndene åkrane sine. Då gjekk dei kringom med friske kvister av or og einer, sette dei i kross ned i molda og sa at no vil eg syfta sorken(udyra) or åkrane mine, så dei kan verta både store og friske. På primstaven er dagen merka med to kvister i kross.

8. juli heldt dei St. Suniva messa. St. Suniva var ei Irsk kongedotter. For å sleppa gifta seg med ein heiden konge, rømde ho med fleire kvinner og menn. Men dei kom ut for uver og rek tilslutt i land på Selje i Nordfjord. Her omkom dei eller vart drepne. Så heiter det at Olav Trygvason på ei av ferdene sine kom over beinrestane deira og gravlagde dei. Skelettet av Suniva var heilt og vart lagt i eit eige skrin. Sidan vart det bygt ei minnekyrkja på Selje, og det vart endåtil bispesete der. Dette vart i 1170 flytta til Bergen, og skrinet med restane av St. Suniva vart under stor høgtid sett på høgalteret i kristkyrkja der. Dagen hennar har eit merke på primstaven som liknar ein trearma ljosestake.

10. juli var minnedag for den heilage danskekongen, Knut. Dagen er merka med ein ljå, og her kalla dei han Knut med ljåen, og dei hadde eit gamalt stev som sa: Kong Knut driv bonden med ljåen ut. Det var tida å ta til med slåtten, men den gamle høyannir månaden tok først til den 14. og er merka med ei sol.

20. juli var det messedag for den heilage Jomfru Margarita frå Antiochia. Men folk kalla dagen Man Vassausa. Denne vassausinga kunne vera både vond og god. Hadde det vore tørk, såg dei fram til denne dagen, for då kunne dei venta regn, men hadde det vore rikeleg med regn, ville det ausa ned den dagen. Det hadde truleg ikkje vore lett å samla folk til kyrkja i travlaste høyonna, og det var venteleg difor det heitte at ingen måtte slå den dagen, for det ville dei ikkje få noko godt av. Dagen er merka med eit auskar.

Den 22.. juli høgtida.dei minnet om Maria Magdalena. Dagen er merka. med ei stol, og han skal minna om at Jomfru Maria elska henne så høgt at ho gjekk av stolen for henne i Himmelen.

Den 25. juli vart det halde messa for apostelen Jakob, og dagen heiter difor Jakobsmessa eller Jakobsok. Men her kalla dei han Jakob Våthatt. Merket på primstaven er ein hatt det dryp av. Dette skulle tyda at dei heldt dagen for å vera sur, og regna det, ville dei få ein våt haust. Også denne dagen skulle dei ikkje røra åker eller eng, for det heitte at gjorde dei det, kunne udyra koma til å få bukt med avlinga, Det er litt mistenkeleg at i begge desse to siste messedagane, som fall inn i slåttonna, måtte ikkje åker eller eng rørast om ikkje avlingane på ei eller anna vis ville taka skade. Dei var vel sette slik for at ein ikkje skulle fristast til å gløyma at dei var messedagar.

7 sovardagen hadde me 27. juli. Han var framom alt ein merke dag for veret, og gamle folk har rekna med han like til det siste. Det heitte, at regna det den dagen, ville det regna i 7 veker framover.

29. Juli var etter gamalt ein stor minne – og merkedag. Då heldt dei Olavsmessa eller Olsok, til minne om den største helgen i Norden, vår eigen konge, St. Olav. På Færøyane, der dei har halde betre på dei gamle tradisjonane, er dagen framleis ein stor festdag. Kong Olav vart heilag fordi han gjekk så sterkt inn for å kristna landet, og fall for det på Stiklestad. Nidarosdomen vart bygt over grava hans, men skrinet med dei heilage leivningane gjekk tapt under reformasjonen. På primataven er dagen merka med ei øks, St. Olavs stridsøks. Om veret heitte det at fekk ein fullmåne den dagen, ville vinteren verta streng, og eldre folk har like til det siste rekna med den flaumen dei kunne venta då, Olavsflaumen.

 

 

Joomla templates by a4joomla