Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

August

Primstaven for august

August månad har namnet sitt etter keisar Augustus. I den gamle romerske kalendaren heitte han sextilis, som tyder den 6., og det var han i året deira, som tok til med mars. Men i den norrøe kalendaren er han siste delen av høyannir og 2/3 av neste, som dei kalla tvimånad og som tok til kring den 10.

Den gamle romerske kalendaren kjenner me ikkje så nøye. I året 45. f.Kr. fekk keisar Julius Cæsar utarbeidd ein ny kalendar, som etter han fekk namnet den julianska. Han rekna året til 365 dagar og 6 timar. Etter si tid var han svært nøyakteg, men ikkje nøyakteg nok, og i året 1582 låg alle datoer 10 dagar for seint. Men då gav pave Gregorius påbod om at dei i alle katolske land skulle innføra ein ny kalender, og som etter han har namnet den Gregorianske. Her i Norden lydde dei ikkje påbodet, og den Julianske kalendaren var i Noreg i bruk til året 1700, då me tok i bruk den Gregorianske. Det har i det heile vore så mykje rot med kalenderane ned gjennom tidene, at det er store vanskar med å finna rett datering, og ofte har det vore gjort feil.

På primstaven er 1. august merka med ein nøkkel. Det er merket til St. Peter. Det var ein festdag til minne om St. Peter i fengslet, slik det er omtala i Apostel gjerningane kap. 13. På latin vart det her    St.Peter ad vincula. Men dei gamle nordmenn hadde lett for å forvrengja namna, og hjå oss vart han til Pævinkel eller Peter Vindfælsdag. I England heldt dei den dagen brødmessa og skulle ofra brød av den første årsgrøda. Som merkedag for veret, heitte det at regna det den dagen, ville det halda fram med å regna i tre veker. Likt med dei to messedagane som ligg før, skulle dei heller ikkje den dagen arbeida med høyet, for elles ville det koma lus på buskapen.

3. august er på primstaven merka med ei øks, St. Olav si stridsøks. Då heldt dei ei ny Olavamessa, som dei kalla vetle-Olsok. Dagen vart høgtida til minnet om at på den dagen vart liket av St Olav ført frå sandmelene, der har først vart gravlagt, og til St. Clementkyrkja. Den dagen skulle alle som kunne, ta turen opp til sætra og eta St. Olavsgrauten.

6. august var minnedagar for Jesu bergpreik. 10. august var messedag for martyren Lauretius. Hjå oss vart dagen kalla Lavransmessa eller Lavransok. Lavrentsius var frå Spania, men kom til Rom og  verka for kristendomen. Han leid martyrdøden under keisar Decius i året 250. Det heitte at han vart steikt ihjel på ei rist, og difor er dagen på primstaven merka med ei rist. Dei gamle sa at den dagen snudde sevja gangen i trea og gjekk nedover. For veret heitte det at var dagen klår, ville vinteren verta streng, men var det gråver og regn, kunne ein venta ein våt vinter.
13. august var minnedag for ein av Lavrantsius sine læresveinar. Det heitte at han leid martyrdøden ved å verta slept kringom av ville hestar.

15. august var den største festdagen i månaden. Då heldt dei Marimessa, eller Vår frues dag, som han også vart kalla. Det var ein minnefest for Jomfru Maria sin himmelfart. Den dagen rekna dei jernnettene eller frostnettene tok til, og då kunne dei venta frost i fjellet. Jomfru Maria vart alltid framstilt som den snilde, og ungane som laut gjeta ute i villmarka i kaldt og ruske ver hadde lært seg å fine bøner til den dagen, som dei sendte opp til den heilage mor. På primstaven er dagen merka med eit madonna-bilete.

24. august vart det halde messa for apostelen Bertelomeus. Dagen er merka med ein slaktekniv, og han skulle minna folk om at det var på tida å slakta bukkane. Hjå oss kalla dei dagen Bertolsmessa eller helst Barsok. Kniven skulle også minna om den grusome døden han fekk. Det heitte at han vart krossfesta og flådd levande. Dagen var kjent for å vera ein uversdag. Difor kalla dei stundom dagen for Bertel bryt strå. Den dagen kunne dei også venta den farlege Barsok - rykken. Då var alle haugfolk og huldre ute, og Barsok frost var det verste uvret i heile året, sa del gamle.
29. august heldt dei ei messa dei kalla vergismessa eller verjemessa. Dagen er merka med eit sverd, og det er venteleg etter dette dagen fekk det namnet. Men messa var ein minnedag om at døyparen Johannes vart halshogd etter pålegg av kong Herodes på fødedagen hans, slik det er omtala i Matheus 14-3II. Dagen vart difor stundom kalla hovuddagen.

30. august var minnedag for martyren Felix og ein ukjend kristen. Det er fortalt at då Felix vart ført bort for å avrettast, møtte det opp ein annan kristen og bad om å få dela lagnaden med han, og dei vart førte bort saman og avretta. Fordi ein ikkje kjenner namnet til denne framande kristne, vart han kalla Adauctus, som tyder den tillagte.

31. august var minnedag for St. Suniva sin translasjon eller flytting. Då Kristkyrkja i Bergen vart ferdeg i 1170, vart skrinet med leivningane av St. Suniva ført frå Selje og under stor høgtid sett inn i denne kyrkja. Etter professor Chr Hanstein, skulle denne dagen ha vore den rette Olsok, for han har rekna ut at slaget på Stiklestad stod 31. august. I Ols omsetjing av Snorre står det at etter at kong Olav var fallen, gjorde Tore Hund eit streiftog opp gjennom Verdalen og kom ned att femte dagen. Dette tyder ikkje at han kom ned att fem dagar etter slaget. Men femte dagen er på islandsk torsdag. Ein annan stad heiter det at kongen fall på ein onsdag, og såleis må Tore Hund ha kome ned att dagen etter slaget.

 

 

Joomla templates by a4joomla