Treff: 2719

Primstaven for september

September tyder den 7. Det vart han i den gamle romerske kalendaren som rekna året frå mars. Men etter den norrøne kalenderen er han siste delen av tvimånaden og første delen av neste, som dei kalla haustmånad, og som tok til den 15.

Den katolske kyrkja påla folket mange helgedagar, i alt 37 utan om sundagane og høgtider som ikkje er faste. Det var uråd for folk å halda greia på alle dei, men det var kyrkja si plikt å gjera dei kjende i høveleg tid føreåt. I Gulatingslova heiter det i kap. 19: No skal presten skjera bodstikka som likna ein kross føre helgedagane, kvar i si sysla, der han held gudstenesta, anten det er i fylkeskyrkja eller i fjerdingskyrkja eller i ottungskyrkja. Krossane skal skjerast slik at dei kjem til alle stader som høyrer prestegjeldet til. Krossane skal koma til kvart rykande hus. Krossaen skal kvar mann bera til den neste, utan folk bor samtunt på ein gard. Då skal dei bera han av garden kvar si gong. Men krossen skal fara til alle vinterhus og ikkje til fjellet (til sætrane). Kvar mann skal ha ansvar for at ikkje krossen stansar der, endå om han eig fleire hus. Men om han let krossen stansa, då skal han bøta tre øyrar for det til den presten som skar krossen. Vidare heitte det at mistek presten seg ved å påby festar, til fleire s¨skal han anten rida eller spring etter den vegen bodstikka gjeng og nå eller stansa bodet, så at ikkje folket skulle eta eller arbeida i utide.

På primstaven er 1. september merka med messe for den heilage Ægedius. Han var fødd, i Athen, men levde mykje av tida si som eremit i nærleiken av Arles i Frankrike. Hjå oss kalla dei han Ørjan, og messa vart då til Ørjansmessa. Men det vanlege namnet, og som me delvis held på endå, var Kvernknurren. Det var ein merkedag for veret, for det heitte at var det då så lite vatn i bekkene at kvernane knurra, ville hausten verta så tørr at det ville verta vanskeleg å få nok vatn på kvernane. Det heitte også at slik veret var den dagen, ville det verta i tre veker framover. På primstaven er dagen merka med to kvernsteinar.

Den 8. september var minnedag for Jomfru Maria sin fødsel. Ho vart ofte kalla Marimessa - øvre, for skilja mellom dei andre messene me heldt for henne. Ho var også minnedag for veret, og det. heitte at var det godt den dagen, kunne ein venta eit godt haustver. Dagen skulle også minna om at det var på tida å klyppa sauene, og difor er dagen merka med ei sauesaks på primstaven.

Den 12. september vart det av erkebiskop Eystein gjeve påbod om fest i Nidaros, til minne om at noko av blodet til Kristus, på den dagen i 1165, kom som eit stor-heilag relequi til Kriskyrkja. Dagen vart ofte kalla fingergull-messa, men ein kjenner ikkje tydinga av dette namnet.

Den 14. september vart det halde Krossmessa. Det var ein minnefest om at det heilage korset som perserkongen, Kosru, hadde rana og ført bort frå Jerusalem, var kome att. Ho var også ein takkedag for årsgrøda, som då var komen i hus. Frå den dagen rekna dei at grindane kunne takast ned, og etter den tid kunne dyra gå horn om horn og klau om klau, som eg minnest dei gamle sa her. Dagen er på primstaven merka med eit kors.

Den17. var helga til biskop Lamberts. Dagen er merka med eit lam, og det kjem nok av at namna liknar einannan.

Den 21. september vart det halde messa til minne om evangelisten Matheus. Då skulle ein ta til med lauvinga, og difor er dagen merka med ei øks. Men ho kan også vera merka med ein hest og ein støvel. Dette skulle tyda at då kunne ein venta så mykje regn at ein måtte gå med høgstøvlar og rida. I den tida rekna dei med at bjørnen samla gras og lyng til hiet sitt.
Den 24. i månaden var 9 månars dagen før Jonsok, som var døyparen Johannes sin fødselsdag, og dagen var til minne om hans undfangelse.

Ein av dei største messedagane i året, og som me endå reknar med, var den 29. i månaden. Då heldt dei minnehøgtid for erkeengelen, Mikael, som sigra over Antikrist. Dagen vart kalla Mikkelsmessa, eller Mikeli, som me seier her. Vermerke for dagen lydde, at sålenge det hadde frose og rima før Mikeli, så lenge skulle det rima og frysa før Gaukemessa. Hausten var då over, og dei skulle baka Mikkelskaka, plent som dei til Olsok baka olsokkaka. Primstavane kan ha fleire merke for dagen. Det kan vera eit englehovud med strålekrans, eller ein englebasun, som båe skulle minna om St. Mikael. På andre kan han vera merka med ei vekt, som peikar på at St. Mikael såg på kor sjelene vart vogne inn i Himmelen, slik det er omtala i Enok si apokrybok. Me finn det også att i Draumkvedet, der det heiter:

Det var sankte Såle Mikjel 
han vog i skålevikt. 
Så vog han alle synde-såline
til Jesum Krist. -

Neste dagen, eller den siste i månaden, kan på sume primstavar vera merka med eit tørt tre med greinknaggar på. Det var spisskammeret til forfedrane våre, og der bruka dei å hengja mat, kler o.a. Så merket han vera ein leivning heilt frå oldtida.