Johanna f. Nådland i Jelsa og Bjarne Høyvik. 

Johanna har skrevet denne minneoppgaven.

Opplegget for slike oppgaver var: 

1. Boligforhold

2. Kosthold

3. Helse og hygiene

 4. Klær

5. Familiesamvær

6. Arbeidsliv

7. Barnearbeid

8. Fritid sommer og vinter

9. Skolegang

10. Ungdomstid

11. Barn/voksen

12. Planer

13. Samvær og normer

14. Voksen alder

15. Sivilstand, familie og arbeid.

 

 

Eg Johanna Høyvik f. Nådland født 16.01 1920 var interessert i å fortelja mi historie frå barndommen og livet vidare opp gjennom åra også her på Jørpeland. Då ein eldre bror høyrde dette, spurde han om han kunne hjelpa meg, for han hugsa godt frå barndommen. Så det bære kanskje litt preg av att eg ikkje har vore åleina om dette.

 

Vi er to syskin som, etter anmodning her vil fortelja ein del frå barndommen og ungdommen frå vår barneheim den tid vi vaks opp inne i Jelsa i Ryfylke.

Den som fører dette i penn er mann født i 1918 og søstera som har vor e med å forma historia er kvinne født 1920. Garden, der vi vaks opp, ligg ca 3 km. frå Jelsa strand­-stad og sentrum. Bruket er på noko over 30 da dyrka areal, og 2-300 da utmark med ein del skog, då mest bjørkeskog. Bruket ligg 100 meter over havet og er omkransa av skog. Næraste nabo er Grønnevik nede ved Økstrafjorden, om lag eit kvarters gange. På Nord-Vestsida stig terrenget bratt opp mot Jelsaheia. Då vi vaks opp var det arbeidd opp veg noko over halve vegen mot sentrum. Den andre halvparten var brukbar til å kjøra med kjerre med eit lite lass. Ved flaum var det mykje vatn i vegbana. Dette var og skulevegen vår.

 

Garden var frå fyrst av leilendingbruk under Jelsa Preste­gar. Far vår kjøpte garden då han overtok i 1915 - 16.

Dei fyrste åra etter at han overtok, bygde far nye hus, bustadhus, løe bygning og eit mindre uthus til vedhus, utedo og eit mindre rom til 10 - 15 høns.

Bustadhuset hadde ein grunnflate på omlag 80 kvadratmeterr, bygd i 1/2 høgd. Rominndelinga i første høgda var dagligstove og bestestove, kjøkken, eit lite kammer, gang og spisskammer.

I andre høgda var det gjestesal i eine enden med skråkammer på kvar side, det ein kammer nytta til oppbevaring av helge­klær o.a. Det andre kammeret vart nytta til soverom for oss borna. I andre enden var det eit stort ope rom til lagring av mjøl og elles ymse bruksting.. Her vart det seinare frådelt eit soverom. Over gjeste salen var det hems (rotaloft) med åpning ut mot det åpne rommet.. Under huset var kjellar, murt av gråstein med jordgolv. Her vart lagra poteter, tønner for salting av kjøtt, saft, syltetøy o.a.  

Møbleringa var enkel. I daglig stova spisebord ved vinduet med pinnestolar omkring, i eine kråa ein stor bufe', i ei anna krå ei dobbel seng der foreldra våre sov, i tredje kråa ein sengebenk med lokk som vart nytta til sete om dagen og sove­stad for eit par av de i minste borna om natta. I fjerde kråa var det ein etaseovn. Elles var det vanlegvis vogge framfor senga etterkvart som det vart fødde nye born. Det var og ein vaskeservant og jyngestol. Taket var kvitmalt medan vegger og golv var trekvite. Huset var oppsett av liggjande tømra og veggene i stova vart kvar årsands kura, eit tidkrevjande og tungt arbeid for kvinnfolka på garden.

I beste stova var det eit rundt bord mitt på golvet med ein bronsa henge lampe over og pinnestol ar rundt, eit par småbord konsoll speil og på veggen i eine kråa eit rosemåla skap for oppbevaring av, utanom dokumenter, ymse medisiner som. kamferdråpar, nafta, jod, borvann og Rigabalsam som var del. mest brukte medisiner på den tida. Utanom dette var det og eln stor såkalla krakk, øksa ut av eit større trestykke.

 

2.

I kammerset var det to senger. Der sov vi borne. Det var elles eit par stolar og ein liten etasjeomn som avdi han rauk.

I kjøkenet var det spisebord, kjøkkenbenk med hylle over, sjølvsagt vedkomfyr, eit gamalt skap, ein mindre benk for sepa­ratoren. på veggen vekkeklokke ei hylle for krydder o.a.

I gangen var eit lite bord med spegel over og trapp opp til andre høgda. spisskammeret var plassert under trappa med oppbevaringshyller frå golv til tak.

På gjestesalen var det to doble senger, eit bord, vasevannsstol

og ei stor gammal kiste i eine kråa. Pa det eine skråkammeret to doble senger, eit par stolar og eit lite bord under vinduet.. Det andre skråkammeret vart, som nevnt, nytta til oppbevarlng av klær. Der var og ymse ilåt for oppbevaring.       .         .

Låvebygningen var av det slag som var vanleg den tida, gjødsal ­kjellar med forrom over i eine enden og fjøs med landkum under i andre enden. Over det heile, frå ende til anna, kjørebane for innkiøring av høy og korn.

Lokalt vart garden rekna for eit bruk av middels storleik.

Utanom høy til for, vart det dyrka poteter til eige bruk og ein del havre. Havren vart henta av fartøy frå ei mølle på Eidsvåg på Ombo og vart malt til for og noko til grautmjøl

og havregryn.

Buskapen var vanlegvis hest, tre-fire kyr, 2-3 kalvar, 2-3 ungdyr, 20-30 sauer og som regel hadde vi ein gris til året. Det var ikkje lagt inn vatn på garden. Dette vart båre inn

i bøtter frå ein liten bekk 40-50 meter frå huset. Bekken starta i ei ile i nærleiken og var såleis aldri tom.

Til fjøset vart det båre vatn frå ei kjelda omlag 30 meter frå fjøsdøra. Om vinteren når det var glatt vart det ikkje så sjeldan våte sokkar før vi var ferdige med brønninga. Elektrisk kraft hadde vi ikkje. Dette fekk Jelsa først i 1954. Vi var i 8-10 års alderen då det vart innlagt telefon. Kosthaldet var enkelt. vi hadde fire mål for dagen, morgonmat i sjutida, middag mellom Il og 12, mellommat mellom 15 og 16 og kveldsmat i 19-20 tida. Mor baka sjølv brød av fint kveite­mjøl blanda med grov kveite. Brødet vart nærast halvfint. På brødet bruka vi heimekjerna smør, sjeldan nokoslags pålegg. Brød vart vanlegvis ete til morgons og mellommat. Drikke

til var kaffe, for oss borna spedd med halvparten mjølk. Laurdag vart det steikt vaffelkaker til søndagsbruk. Til ein så stor huslyd vart det sjølvsagt mykje brødbaking. Det gjekk vanlevis med omlag 100 kg. kveite og 10-20 kg. kneip­mjøl kvar månad.

Søndagsmiddagen var til vanleg salt kjøt og supa (ertersupa eller hovudkålsupa). Elles i veka ymsa det mellom tørrfisk, ferskfisk når dette var å få tak i, sild i ymse variasjonar (islandssild, nordlandssild og på ettervinteren stor- og vårsild som vart kjøpt inn i halve og heile kassar. Silda vart salta, røykt og hengt til tørking. Det var alltid stas når vi høyrde gauken om våren. Det var merke på at nå kunne vi eta silda i speke. Tørrfisken var vanligvis tilverka på garden. Det vart innkjøpt stor sei som var flekt, salta og hengt opp til tørk. Med poteter og feit til var det eit herleg middagsmåltid.  Det var elles ikkje kunne brukast.

Johannas søsken og foreldre jentene i like kjoler antakelig rett før krigen.

Johanna f. 1920, Mora f. ca 1885, Faren ca 1887 

3.

Til kvelds vart det til vanleg ete havremjølsgraut kokt på skumma mjølk tildels blanda med vatn. Denne grauten hata vi begge to, men ville vi ha mat måtte vi eta den.

Om hausten vart det steikt potetkaker av poteter som for skuld sjukdomsflekkar ikkje kunne lagras.

Helsetilstanden var for det meste god. Sjølvsagt kunne vi ikkje, gå klar dei vanlege barnesjukdoman som kikhoste, meslingar o.a, eller dei vanlege forkjølings- og innfluensafaranger som gjekk igjen mest kvar vinter. Desse vart lite påakta. Far

vår fekk nervegikt ein vinter og låg heile førjulsvinteren.

Det skulle ikkje meir til før det vart økonomisk vanskelig, men det ordna seg også den gang. Også mor vart liggjande ein vinter med underlivssjukdom. Dette førde sjølvsagt også med seg vanskar i eit hus med ein stor barneflokk i ei tid då det var økonomisk hardt å måtte leige hjelp.

Ein del kjerringråder forekom sjølvsagt utan at vi kan hugsa nokon bestemt. Vi tek med ei historie som i dag kan virke morsom, men som, då det hende, var fullt alvor. Ein sau skulle lamme og vart sjuk. Far var ikkje heime, og i si naud sendt

mor båd på ei eldre kone i grannelaget. Ho kom, men kunne ikkje gjere noko. To råder meinte ho likevel måtte kunne prøvast. Dersom ein hadde eit tørka hoggormhovud, kunne ein kna dette inn i ein mjølklump og så prøve å få det inn i sauen, eller eit av borna kunne tisse i den venstre treskoen og så prøve å renne dette inn i sauen. Råda vart ikkje prøvd. Turka ormehovud fanst naturleg nok ikkje, og det med tiss i den ven­stre treskon hadde nok mor inga tru til. Endinga vart at sauen låg dau.

Tannlege vart sjeldan eller alæri søkt. Sjølvsagt hadde vi ikkje det på staden, men måtte ifall til Stavanger. Eldre folk fekk doktor eller ein nabo til å trekkja tennene etter kvart som dei rotna. Skuletannlekjar var ikkje komen på mote endå men vart innført ei god tid etter at vi var ferdige med vår skulegang. Vi trur nok at kosthaldet må ha størst ære for at vi har fått behaida tennene våre så bra heile livet.

Tannpuss var det ikkje snakk om i oppveksten.

Lækjar hadde vi saman med Nedsrand. Han måtte i båt for å koma over til Jelsa (sjå noko meir om dette seinare). Ettar kvart vart det ein kontordag i veka nokre timar, starta ei

tid før siste krig.

Jordmora budde på Jelsa og hadde heile kommunen som sitt dis­trikt. Distriktet var særs tungvindt, ofte i båt over fjordar, og sidan ho var ei eldre dame måtte ho kjørast der det var brukande veg eller førast fram på hesteryggen. Borna vart mest utan untak fødde heime den tida vi vaks opp, og medan vi var små var det jordmora som kom med borna i veska si.

Klær og skotøy var enkelt, og vi trur nok, at det liten skil­dnad på dette hjå dei aller fleste i distriktet. Jentene var ikkje i den tida byr ja å bruka utanpå bukser. Klærne deira

var kjole eller bluse og skjørt. For gutane var det heimestrikka sokkar som rakk ovafor kne og vart haldne oppe med strikk (springband), bukse som rakk til omkring kne, skjorte og om vinteren trøye. Vi hadde vanligvis to sett, eit til kvardags­bruk, og eit noko finare til søndags- og skulebruk. Når vi kom heim frå skulen måtte vi bytte over til kvardagsklærne. Vart det hol i eit klæplagg kom det ikkje på tale å kaste det. Klærne var lappa og sokkane stoppa så lenge det var botavon.

 

4.

Tresko var det vanlege fottøy. Desse laga far sjølv. Han sat ofte på kjøkenet om vinterkveldane etter ein travel arbeids­dag og "hola" ut tresko. Treskoa vart tjærebredde. Dei var varme og gode, men tunge å gå på, Om sumaren sprang vi berr­føtte. Hovudplagg var til vanleg ikkje brukt heime. Skulle vi bort, til skule og anna måtte vi ha hovudplagg, gutane huve og jentene tørkle. Ein kvinneleg skreddar i nabolaget sydde det meste av klærne vi bruka. Sokkane vart strikka av mor.

Ull av eigen produksjon vart levert inn til ein lokal mottakar som så sendte den vidare til strikkeri for opparbeiding til garn. Noko av garnet vart farge svart til finare bruk. Elles vart sokkane strikka av grått garn.

Foreldra våre gifta seg i 1914, og fekk etter kvart 11 born

4 gutar og 7 jenter. Ei av jentene var beten av hoggorm dagen før ho fyllte 4 år. Som før nevnt hadde vi lækjar saman med Nedstrand. Til distriktet høyrde og Sandeid og Vikedal. Det kunne då ofte være vanskeleg å få tak i lækjar. Slik og då systera vår vart ormstukken. Lækjaren vår hadde ferie. Hjelmeland, Finnøy og Sand vart prøvd utan resultat, og på resten fekk dei tak på lækjar i Ølen. Ho vart ormstukken

på ettermiddagen og 1ækjaren nådde fram først i totida om natta. Det var lite han kunne gjera og ho døydde etter to dagat.

Dette førde med seg mykje sorg i familien, og 'særleg mor tok dette tungt. Ei søster døydde av kreft då ho var noko over 50 år. Vi andre har heldigvis vore sparde for sjukdom og plager av noko art. Den eldste er nå 80 og den yngste 63 år.

Farmor døyte i 1918. Mormor levde til vi var i tenåringsalder­en, medan begge bestefedrene var døde før vi vart fødd.

Det var fast tenestejente på garden dei første 12-15 åra før dei eldste borna var gamle nok til å ta over ein del av pliktene med hushaldetm.v. Desutan var det leigd ein tenåring nokre veker under innhaustingsarbeidet sumar og haust.

Foreldra våre var saman om oppsedinga, men naturleg nok fall det meste på mor avdi far hadde arbeidet ute på garden og i skogen. Det var skjeldan noko form for løn. Var det turvande med straff, var dette for det meste slag over neven, eit kraftig tak i armen (nyving) eller ein sjeldan gong slag ­under øyra.

Mor var flink til å syngja. Utanom gamle regiliøse sangar var det fur det meste kjærleiksviser og andre viser ofte med syrgjeleg avslutning.

Kveldsseta, mellom då myrkret braut fram og til lampa vart tend, er blandt dei beste minne frå barndommen. Då samlast alle i stova til ei roleg og avslappa stund, kanskje ei times tid. Far låg vanlegvis på sengebenken og slappa av etter ein travel dag. Mor hadde som regel eit strikketøy (spøt) mellom hendene (det meistra ho godt utan ljos) og vi barna leika oss med slike leikar som kunne gå for seg i mørkret. Det var fortalt historier, ofte noko skumle, om hoggorm, slagbjørn, fantar i gamal tid o a. Elles vart det tala om hendingar gjennom dagen, hendingar i nabolaget, historier om ætter.

Å fortelja var det oftast mor som stod for. Det 'var og ho som for det meste lærde oss barna å lesa. Etter at vi eldste vart så gamle; vart det vår oppgave å læra dei som var yngre. Far tok sjeldan del i desse oppgavene.

Far var høgremann og hadde i alle år dagbladet Stavangeren til dei slutta av. Mor haldt For fattig og Rik. Bøker lånte vi på skuleboksamlingea frå 3. klasse. Eg hadde nok ein vondt samvet for at bibliotekbøkene vart førtrekt før skulebøkene. 

5.

Selskapslivet var heller lite utbredt i distriktet.

Grannar vitja ein annan søndag ettermiddag. Når høvet baud seg, gjekk også far og mor på vitjing til grannar. Kom det såleis nokon på vitjing vart det servert kaffe med oppdekning som huset hadde å bjoda. Mor steikte pannekaker og, som før nevnt vafler i tillegg, til heimelaga brød.

Mormor vår, saman med to ugfte syskin av mor som budde saman med mor-mor, kom på vitjing til vanleg ein gang i året og stoppa då nokre dagar. Då var det stor stas blandt oss borna. Elles hende det og at andre slektningar korn på vitjing. Årmålsdagar vart markert med noko ekstra godt.

Jolehøgtida var den høgtid i året då det vart mest selskaper. Jolekvelden og l. Joledag vart det fyrt i omnen i Bestestova. Der stod juletreet. Maten Jolekvelden var risgraut og lutefisk. Vi "dansa" rundt joletreet og kvar fekk ei liti gåve av far og mor, sokkar, vottar eller anna småting. Etter kvart som vi borna vaks opp og hadde tent oss nokre myntar, gav vi og kvar­andre små gåver. Vi trur nok at vi sette større pris på våre små gaver enn dei gjer idag med mange og dyre gåver. Joledags-morgon fekk vi kaffe og jolekaker på senga. Til frukost var det himelaga grovt og fint brød med rosine samt lefse.

Far og dei største av borna gjekk til kjerka. Det gjekk alltid mykje folk i kjerka høgtidsdagane. Vel heimkomn vart servert steik med desser.

I romhelga baud ein inn til selskap, borna ein kveld og dei vaksne ein annan kveld. Dette gjekk på omgang blandt dei næ­raste grannar og vart sett fram til med stor forventning.

Til kvar eigedom eller bolig høyrde eit distrikt natuleg avgrensa som vart kalla "Benad". Ved dødsfall og gravferd vart, som regel, ein e1dre mann innan "benaden" beden om å væra "bedemann (har ikkje noko med det som er bedemann i dag å gjera). Han gjekk omkring i "benaden" og baud inn til gravferd.Med hatten i handa uttrykte han seg slik: (lat oss tenkja oss eit ektepar, Karl og Ola, og at han Ola er død) Eg skulle helsa frå ho Kari og borna og høyra om de ville væra gilde å koma og fylgje han, Ola til grava om torsdag. Det vart takka for innbjodinga og bedemannen var bjoden inn på kaffe. Til gravferdsgarden hadde ein med førnad, Dravle (game), lefser, vafler, julebrød o. a.. Den fyrste tida vi kan hugse vart det servert tre mål, før ein drog til kyrkegarden, eit når en kom attende og kveldsmat før ein drog heim. Det kunne væra opp til tre bordslag i små hus, så det sat folk ved bordet mest heile tida. Ein skulle væra "tråbeden" så kjøkemeisteren hadde eit svare strev før han fekk alle til bords. I kjørla som ein hadde gravferdsmaten i, skulle det "leggjast atti", det' vil segja at gjestene skulle få med seg noko av gravferdsmaten til deim som var heime. Det er nå slutt på det meste av dei skikkar som her er nemnd, og godt er det.

Liket hadde ein liggjande på likstrå heime til gravferdsdagen. Før liket vart songje ut, vart det vanligvis halde ein liten tale, som regel av klokkaren. Gravfylgje var sjeldan innom kyrkja. Gravtale og jordpåkasting gjekk føre seg ved grava.

6.

Far måtte arbeide hardt og truge for å klara turvande utgifter. Om sumaren var det gardsarbeid og om vetteren skogsarbeid. Mykje av jorda som er oppdyrka er det far som har gjort, då med noko hjelp. Reiskapane som vart nytta var spade og spett, feisel og minebor, i grøftene også pikke. Grøftene vart stein­sett og over grave jord. Hestereiskapane var gjødselkjerre, langslede, høyslede, dragslede, to plogar, hyppe, fjørharv, tindeharv og steinslede. Til skogskjøring dråg og dille. Vårvinna vart utført i fyrstninga mai. Kornet vart sådd med hand. Før han byrja å så, tok far av seg hua og la den i åker, reina. Dette var nok ein gammal skikk. Ei skulle handsama "gudslånet" med respekt og udekka hovud for å væra sikra god avling. Tida mellom våronna og slåtten var ei heller rolig tid då det vart utført arbeide som elles var lagt tilside og måtte vente, setja istand reiskap, arbeide tresko, kjøra heim ved på drag­sleden og anna førefallande arbeid.

Slåtten starta omkring midten av juli. Det vart nytta ljå, langorv og stuttorv. Vi var vaksne før far såg seg råd med å skaffe seg slåmaskin, den fyrste ein brukt kjøpt av ein nabo. Draging av slipesteinen var eit arbeide vi hata som pesten avdi det var for tungt etter alderen, men det nytta ikkje å nekta. Slåttonna var ei travel tid. Vi barna fekk tidleg lære kva det var å arbeide, breie høy etter ljåen, kasta såter ettr at dogga var turka om marganen, venda (kå) høyet etter middag og rake høyet saman til såter eller innkøyring etter at sola gjekk ned i vest. Slåtten gjekk oftast i eit med skuronn og potetopptak. Kornet vart skåre med sigd, bunta saman med bendel og turka på staur. Trøskinga gjekk føre seg med vasskraft.

Det måtte væra flaum for å få vatn nok til vasshjulet. Det var alltid stor stas etter treskinga når det vart bytta halm i sengene.

Utanom onnearbeid fall det mykje arbeid på oss barna etter kvart som vi kunne væra til nytte. Jentene måtte væra til hjelp med husarbeide og i fjøset. Fjøsarbeid var nemleg Kvinne­arbeide. Far hadde aldrig lært å mjølka. Han fora hesten og sauene. Det var lite tid til leik. I alle fall var det berre jentene som leika. Eg som skriv dette hadde lite tid til leik, avdi det oftast var eit eller anna arbeid som skulle gjerast. Eg hogde veden som vart nytta i huset, eit tungt og møysommelg arbeid i fyrstninga.

Det var lite endring på driftsmåtane så lenge fram til 1952 då bror vår tok over. Jorda var skrinn og trong mykje jødsling, meir enn far såg seg råd til. Avlingane vart såleis heller små.

Utanom det som vart nytta på garden og i hushaldet, mjølk, kjøtt, havre og bær vart det seld lam etter sauesankinga om hausten. Eit lammeslakt innbrakte frå 12 til 16-17 kroner etter storleiken, eit eller to ungdyr frå kr. 150,- til kr. 200,­ og år om anna ei boraku til omlag kr. 400,- Desutan 6 – 8 favner ved, for bjørkeved var prisen frå 16 til 18 kr for favnen.

7 .

Som før nevnt er garden omkransa av skog eigd av Opplysnings­vesenets Fond (Jelsa Prestegard). Kvar vetter vart det teke ut ein del skog, skurtømmer og tynningsvirke. Far, saman med ein onkel, arbeidde saman i skogen om vetteren. Tynningsvirke kjøpte dei, dreiv det fram, og seIde det for eiga rekning.

For framdrift av skurtømmer fekk dei utbetalt ein viss sum pr kubikkfot. Dagløna for dette arbeide utgjorde omlag kr. 4,-. For dagarbeidarar var det ofte lite arbeid å få. Daglønen dreide seg omkring 3 - 4 kroner om dagen på eigen kost, og ei krone mindre når vedkomande fekk kosten.

Med ein så stor barneflokk var det ofte vanskeleg å klare seg økonomisk. Far hadde ein del gjeld og renter av denne måtte sjølvsagt betalast. Dette i tillegg til alt som skulle til i hushaldet, klær, skor og kostutgifter samt andre kostna­der førde med seg at det nærmast var frå hånd til munn. Vi vaks opp i ei vanske leg tid for alle, og når så mykje er sagt veit vi at vi var blandt dei verst farne trass skort og savn. Vi hadde altid både nok og variert kost.

Vi har tidlegare nevnt at det var lite av fritid. Garden låg einbølt til, og det vart såleis liten omgang med andre born.

Vi var noko saman med borna hjå næraste granne som vaks opp samstundes med oss. Elles var vi jo sjølvsagt saman med andre born i skulen. Til sentrum fekk vi ikkje lov å gå. Det hende det var basarar og ymse tilstellningar vi fekk gå på, men då med utrykkelig ordre om å koma rett heim etter avsluttning. Nokon form for idrett forkom ikkje. Dei første skia var tønne­stavar islegne ein gjerdkrampe på kvar side og med ei snor over vrista. Skeiser kjøpte eg då eg var 11-12 år for eigne spar de midler kr. 5,-.

Skule_huset var berre ei skulestove innreid med pultar, karter, ei tavle, kateter, eit lite bord for læraren, eit skåp til skule boksamling a og sjølvsagt etasjeomn for ved. Stor­leiken på stova var omlag 25 - 30 kvadratmeter. Det var ein liten gang der veden vart lagra og elles spikrar for utetøyet. Skulen var tredelt med ein lærar. Han var og kyrkjesongar.

Han var av den gamle Bård Skulemeistertypen, flink lærar etter vår meining som ikkje sparde seg for å slå noko lærdom inn i skuleborna. Vi hadde stor respekt for ham.

Første og annan klasse møtte på skulen Onsdag og laurdag frå kl. 0900 til kl. 1500. Tredje og fjerde klasse møtte tirsdag og fredag og då frå kr, 0900 til kl. 1600. og femte, sjette

og sjuende klasse mandag og torsdag og for desse og frå kl. 0900 til kl. 1600. For alle var det ein times middagspause mellom kl. 1200 og kl. 1300. Vi "innante" med lang veg hadde mat med som vi åt i pausen. Læraren og dei som hadde Kortare veg gjekk heim til middag. Skulevegen for oss syskin var omlag 2.5 km., og som før nemd var berre ca halve vegen opparbeid. Det hende nok vi trødde feil med treskoa og vart våte på beina, og sokkane måtte då turkast på beina.

Undervisninga var vel den tradisjonelle for tida, bibelsoge, kattekisme med forklaring, Noregssoge, Landkunne, Naturfag, skriving, lesing, Norske og Teikning o a. Vi var eit år samla 20 born i ein klasse fordelt på tre årsklassar. Læraren hadde nok vanskar med å ta seg av alle slik stoda var. Dette gjekk nok diverre mest ut over dei mest tungneme som kunne hatt mest bruk for hjelp.

                                                           Johannas familie.

8.

Vi er samde om at dei fag vi lika best på skulen var Bibel­soge, Noregssoge og rekning. Gramatikk lika vi dårleg, avdi vi tykte vi ikke fekk rektig tak på denne.

Av leikar var det for gutane tikken rundt huset,hueball og noko som vi kalla å kasta skåthelle. For jentene var det vegg­ball og hinka Paradis. Saman heldt vi gøymsle, stal stein, jeppa og andi ånde (delte oss i to flokkar og kasta ballen over hustaket. Fekk dei på andre sida tak i ballen vart det ropa andi-ånde og så skulle ein prøve å råka ein av motparten før denne kom over midtsreken. Læraren sat mykje inne, eller han rusla rundt i skulegarden.

Læraren laga til Juletre-fest mellom Jul og Nyttå, ei minne­rik hending som vi såg fram til kvart år. Inngongspengane var 25 øre for born og 50 øre for vaksne. For den prisen fekk vi eta så mykje vienerbrød og anna småbakst som vi orka. Det vart servert tynn kaffe til. Oftast fekk vi borna og kvar si appelsin, Elles var det ein liten andakt, gang rundt juletreet der vi sang julesalmer og elles eit innslag med leikar rundt treet.

Den som ikkje hadde lært leksa skikkeleg, eller forbrote seg på nokor vis, måtte sitje inne i friminuttet eller sit ja igje ein time etterat dei andre gjekk heim etter skuletid. Einaste form for løn var ros dersom vi hadde gjort ei oppgave særlig bra.

Konfirmert vart vi i 1932 og 1933 av sokneprest Olav Valen­ Senstad.. Konfirmanttalet var mellom 30 og 40 frå heile kommunen. Lesartida var frå mai til månadskifte september- oktober nokre timar' ein gong i veka. Konfirmasjonssøndagen var jentene kledde i sid kjole, som regel kvit. Gutane hadde blå dress og sjølsagt hatt, symbolet på at no var dei vaksne. Vi trur nok det var meir ålvor over konfirmasonen den gongen enn det

er idag, men det var nok stort sett feira meir eller mindre som ein tradisjon utan noko form for plikt. Til festen heime etter gudstenesta var fadrane innbedne. Vi kjende det nok noko rart at vi plutseleg den dagen vart heidra som æresgjesten.

Noko form for vidare utdaning var det lite råd med i den tida., Vi måtte i såfall reist heimefrå, og økonomisk såg ein seg ikkje råd med det. Det var nok arbeide som venta. Eg var dei første åra heime på garden og i skogen saman med far. Søstera mi var første året etter at ho var konfirmert i teneste, hus­post, der ho hadde kr. 15,- for månaden.

Det var ungdomshus i bygda der vi møttest søndagskveldane om vetteren til leik og moro. Vi var begge mykje med i styret i ungdomslaget. Laget var tilslutta Noregs ungdomslag. Vi kunne ha fire fester i året med runddans. Elles skulle det ikkje væra dans i laget. Dette medførde ein del missnøye. Vi hadde leike­ kursleidarar på vitjing, og vart etterkvart rimeleg flinke til å leike. Det var vanleg at jentene fekk fylgje heim etter ein fest. Gjentok dette seg fleire gonger etter kvarandre var det tale om meir ålvorlege saker som vart påakta av andre.

Samtaleemne når vi kom saman var sort sett dagligdagse ting, sjeldan meir ålvorlege spørsmål.

Våre foreldre og læraren kom aldrig inn på spørsmål om erotikk og kjønnsliv. Det såg ut til å være tabu. Slike opplysningar fek vi ute blandt omgangskretsen, og då ikkje alltid heilt korrekt.

9.

Alkohol var det ein del av blant gutane, mest heimelaga vin. Før dei store helgene vart det og skreve til Bergen som var nærmaste by med brennevinutsalg. Ein kan ikkje rekna forbruket for misbruk. Kvinnene bruka ikkje alkohol. Tobakk var det og gutane som bruka. Somme tok til å røyka til og med før dei var ferdige med folkeskulen. Det var stort sett sigaretter som vart bruka blant ugdommane, men og ein del pipe og snus. Tobakk og alkohol har vorte meir vanleg og balnt kvinnene etter krigen.

Krigstida var vanskeleg for oss som for folk flest. Jelsa hadde på den tida ikkje vegutløysing til vegvettet, og av den grunn hadde vi liten direkte kontakt med tyskerane. Me hadde nok samme sakna som alle andre når det gjaldt klær og skor og andre bruksting. Gardsbruket hjalp godt til når det gjaldt matforsyning. Me kan ikkje hugsa at vi nokon gong gjekk svultne til sengs.

Eg blei konfirmert i 1933 pga eg byrja på skulen då eg var 6 år. Det var for at eg skule ha følge med syska mine. Etter konfirmasjonen gjekk eg rett ut i teneste. Først var eg hos jordmor Brita Knutsen på Jelsa i ca 1 år. Var sidan heima og stelte huset og hjalp til på garden. I denne tida gjekk eg på søm- og vevkurs. Senare tente eg i 1/2 år på Tednes i Erfjord. Der var det helst utearbeid. Ute var der brattlent så det var tungt å arbeide med slåtten. Etterpå gjekk vegen til Hebnes hos Karl Hebnes. Han dreiv forretning og fartøyfart. Tente så hos gardbrukar Bjørn Jelsa. Her var det mykje utearbeid og melking av 15 kyr. Så tente eg hos Hans Gjerde.

Ei tid var eg også som tenestejente hos presten Kvam på Jelsa.

Eg var så heime ei stund og hjalp til der. Der var eg til eg reiste til Førre oktober 1944.

Etter krigen var eg hos tante Inger og onkel Age Meland i Vormedal. Så gjekk vegen til Stavanger som tenestejente hos Dr. Pettersen. Eg gifta meg på Jørpeland med Bjarne Høyvik i 1946. Me fekk to barn og var da heimeverande. Deretter pendla eg til Stavanger i 3 år og arbeida på en Askim Gummivare fabrikk. Etter åra i Stavanger fekk eg jobb som syerske hos Øglend på Jørpeland. Der var eg i 8-9, år. Dessuten hadde eg heimearbeid som sying, vask, baking av brød og hagearbeid. Me hadde egen grønnsakshage og mye frukttrær på 2 mål jord. Eg gjekk i venneforeninger og kino.

Bjarne var støtt og stadig på arbeid, men me prøvde å reise til hytta vår i Fundingsland så sant me hadde tid. Nå er me begge pensjonister, og er med i den lokale pensjonistforeningen. Dagene går til dagligdagse ting; matlaging, vask, strikking og kryssordløysing, og me trives godt begge to.

Nå har me skrevet om barndommen. Det blir å blottlegge seg for andre. Ja-ja nå har me mimra tilbake over 70 år. Då me nå skil lag bror min og eg, ligger barndomstida bak oss. Ungdomstida er helst den samme som min mann Bjarne. Me har vore på felles arrangementer, unntatt arbeidstida.

 

les også : Minne fra Førre skrevet av Bjarne Høyvik.

 http://www.strandhistorie.no/index.php/krigsarenee/354-hoyvikbjarne-2