Dette heftet er eit forsøk på å samle den kunnskapen eg til nå har om Ole Thorsen Barkveds liv. Det meste er frå skriftelege kjelder. Ikkje minst har eg henta mykje stoff frå bygdebøkene. Eit par misjonshistonske bøker har og vore nytta. Men det er også tatt med det eg kjenner til av muntleg tradisjon. Litt arkivarbeide ligg og til grunn.
Eg har mykje å takka Kristoffer Fjelde for. Han har raust delt med meg av alt det stoffet han sit inne med. Og han har gitt meg mange tips om aktuelt materiell.
Kjelder som har vore nytta:
Holger Barkved: Soga um Strand
Jan Alsvik: Strand bygdebok 1870-1940
Jan Alsvik: Folk i Strand
John Nome. Demringstid i Norge
Emil Birkeli: Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946
Kristoffer Fjelde: De fyrste bedehuset i Noreg (Bedehusrapporten)
Strandbuen med artiklar av Martin Nag og Sigurd Barkved
Muntleg tradisjon
Mandal i februar 1998. Odd Tungland
Ole Thorsen Barkved - Politikar og kristenleiar i Strand på 1800-talet
Barndomsheimen på Svines
Ole Thorsen Barkved (1814-1891) sitt opphavelege namn var Ole Thorsen Svines. Han var nemleg fødd på Svines. Men han gjorde det som var vanleg på den tida, når folk flytta på seg å ta namnet til den garden dei blei buande på. Då Ole Thorsen slo seg til på Barkved, tok han til å bruke Barkved i namnet sitt. Og det er som Ole Thorsen Barkved han er kjend. Svinesgarden som han kom ifrå, ligg for seg sjølv på sørsida av Idsefjorden. Det er vel Svin-neset, som stikk ut i sjøen mot Svinesholmane, som har gitt garden namn. Av folk på 1900-talet er dette neset med saga kalla for Bagri. Gardsbruk har alltid vore ein næringsveg på Svines. Men Svines har også vore ein av dei større skoggardane i Strand. Garden ligg også nær gode fiskeplassar. Mellom anna har både Sandvika og Svinesvika vore gode plassar for notfiske. Det er ikkje små mengder med makrell og brisling o. a. fisk som har blitt tatt opp der gjennom åra.
Svines låg under bispestolen fram til 1841. Då fekk foreldra til Ole Thorsen, Inga og Thore, kongeleg skøyte på garden(1). Men slekta hadde vore brukarar på Svines sidan slutten av 1600. Då kom Kristoffer Thorsen Grøderri til Svines. Han var gift med Ingrid Thorsdtr. Helland.
Foreldra
Tradisjonen vil ha det til at det var storveges då Inga Ivarsdtr. Gøysa (1781-1873) og Thore Thorsen Svines (1780-1869) held bryllaup i 1803. Bryllaupet var det dei kalla skakkebryllaup. Då held dei bryllaup 3 dagar på kvar stad der brur og brudgom kom ifrå. Så då har dei nok festa i 3 dagar på Svines og 3 dagar på Gøysa i Forsand. Holger Barkved skriv i boka «Soga um Strand» om den dramatiske bryllaupsmiddagen:
«Tore Svines og Inga Gøysa hadde brullaup andre pinstidagen 1803. Dei satt nett med middagsbordet etter at dei hadde vore i Høle kyrkja då dei høyrde ein kraftig smell upp i marka. Då var det slutt med bordskikken. Mannfolka sette av stad. Dei treiv øksar, knivar, hakkor og staurar og kva dei i farten kunde finna. Kvinnfolka heldt seg noko på fråstand, for ein skadeskoten bjørn var ikkje gild å takast med. Men då dei kom upp, låg bjørnen daud De batt føtene saman på han, stakk ei råta i gjenom og bar han millom seg.. Og det var nok ikkje drakk og skåla med den hepne brudgommen. Det var nok å ta av.»(2) Det spurdes vida om dei store rikdomane som var på flyttelasset som blei rodd i frå Gøysa ti Svines då Inga flytte inn på der:
«Brudgommen vart reima for den beste mannen i Strand, og brura kom med ni lasta båtar i heimafylgja.»(3) Syskinflokken som Inga kom frå hadde vore 8 i talet, men det var bare to søstre som levde opp og blei gifte. Dei to søstrene blei gifte til gardar, og Gøysagarden blei seld. Og då det bare var to til å dele arven, er vel det forklaringa på det det store flyttelasset som Inga hadde med til Svines. Søstera, Siri, blei gift med Torger Pedersen Forsand. Både Inga og Thore Svines blei gamle. Dei nådde begge 90 år før dei døde.
Ole Thorsen Barkved voks opp på Svines i ein søskenflokk på 4 gutar, Thore Svines, Ivar Idsal, Ole Barkved, Thore Botne. Ein femte gut, Ole, døde som liten.
1 Jan Alsvik: Folk i Strand s 1202 og 1204
2 Holger Barkved: Soga um Strand s 208
3 Holger Barkved: Soga um Strand s 209
Uvissa om fødselsåret
Ole Thorsen Barkved blei fødd på Svines 22. september 1814. Det har vore litt uklart med fødselsåret hans. Det har blitt brukt både 1812 og 1814. I «Soga um Strand» står det at han er fødd i 1812. Presten Skaar som har samla opplysningar om Svinesslekta, har også brukt 1812 som fødselsår. Det same har Jakob Straume i boka: «Kristenliv i Rogaland». Ole Thorsen Barkved skal sjøl ha skrive i Dr. Luthers Kirke- og Huuspostille at han var «fød 22. sept. 1814»(1) Då Ole Thorsen Barkved gifta seg i 1839 står det at han var 25 år. Folketellinga for 1865 fortel at han var fødd i 1814. Likeeins står det i kyrkjeboka då han døde i 1891 at han var fødd i 1814. Grunnen til at det har vore brukt to ulike årstal, er at det blei fødd ein Ole på Svines i begge desse åra. Og så må ei dårleg førd kyrkjebok ta skulda for uvissa. Det er truleg slik at den første Ole må vera død tidleg. Og det er rimeleg å tru at den Ole som blei fødd i 1814 er oppkalla etter den første Ole. Alt dette skulle tyde på at det var Ole Thorsen Barkved som blei fødd på Svines i grunnlovsåret.
Giftarmål
Det er blitt fortalt at mora, Inga Gøysa, sørgde for at gutane deira blei «godt» gifte, og dei blei alle sitjande på nokre av dei «bedre» gardane i Strand. Thore overtok heimegarden på Svines. Ivar blei gift til ein gard på Idsal og den yngre Thore slo seg til i Botne. Ole Thorsen blei buande på den største garden på Barkved i den tida, etter at han i 1839 gifte seg med Kari Ivarsdtr. Barkved. Då Kari var 6 år, gamal miste ho faren sin. Kari voks då opp som einebarn saman med mora, Anna Kristoffersdtr. Barkved (1778-1860). Anna var 20 år eldre enn mannen, Ivar Olsen Barkved (1798-1827). Dei var begge frå Barkved. Kari var altså einearving til ein bra gard på Barkved. Ho fekk skiftes-skøyte i 1828 etter at faren var død i 1827. Mora har nok sett fram til å fa ein dugande svigerson. For Ole og Kari var ikkje før gifte, før ho sette seg i folga i 1839. Ole og Kari fekk sju born, og dei har ei stor etterslekt.
«Skoleholderen»
Ole blei omgangsskolelærar i bygda allereide som 16-åring. Kva som gjorde at presten Schavland plukka han ut, er ukjent. Men å døme etter hans innsats seinare i livet, så er det sikkert ikkje minst fordi det må ha synt seg at han hadde gode evner. Han var lærar i sju år i krinsane Botne, Svines, Kvalvåg, Idsal og Idse(2), og med det var han fri militærtenesta. I «Soga um Strand» er Thore Thorsen Svines ført opp som lærar 1823-30, og Ole Thorsen (Svines) Barkved 1830-37(3). Holger Barkved har i boka si skreve at denne Thore Thorsen Svines, som var lærar, var far til Ole. Men Ole hadde ein bror som var 17 år i 1823, og det er rimeleg at det var han Ole tok over lærarjobben etter. Faren var 43 år i 1823. Det er lite truleg at det er han som var lærar 1823-1830, då det var vanleg å setje ungdomar til lærarjobbane.
Distriktet som «Skoleholderen» måtte fare over, var ikkje det enklaste. Det var greitt nok å halde skole i stovene heime på Svines. Der kom vel borna frå Ådnanes også. Men skulle han til Idsal og Idse, måtte han i båt. Kanskje rodde eller segla han åleine, eller det kunne vera einkvan som skyssa han. Til Erlandsdalen og Kvalvåg kunne han kome landvegen etter ein tur gjennom utmarka. Det same kunne han gjere, når han skulle til Botne. Men også dit var det nok enklast å kome sjøvegen inn Bossfjorden.
1 Strandbuen 2/10-1992. Artikkel av Sigurd Barkved
2 Strandbuen 2/10-1992. Artikkel av Sigurd Barkved
3 Holger Barkved: Soga um Strand s.248 og 313
Under arbeidet med bedehussaka er det kome fram eit par innberetningar til prostiet frå sokneprest Jæger vedkomande Ole Thorsen si stilling som lærar. Den eine er dagsett 2. desember 1837, og den andre 16. desember 1839.(1)
«Jeg har herved den Ære at indsende til Provstiet ansøgning om Afskedfra den udtjente Skoleholder O. Thorsen Svinæs, ledsaget af Søesessions-deputasjonens Resolution af 19. Januar 1831. Ved Aarets Ende ønsker han at blive befriet fra Skoleposten, da han allerede har tjent over 1/2 Aar over den bestemte tid, og da han ved det nye Aars Begyndelse agter sig paa Sildefiskerier.»
«Skoleholder i 4de District, Ole Thorsen Barque har paa Grund af sin ægteskabelige forbindelse begjært sig entlediget fra sin Post... Dags dato har jeg indberettet til Søesessionsdeputationen, atførmeldte Ole Thorsen nu ikke længer er Skoleholder samt indsendt den herpaa under 25 Februar 1835 udfærdige Resolution.»
Ein får og samstundes greie på at det i det distriktet som Ole Thorsen hadde hatt skole, var det 110 barn.
Sokneprest Schavland og von Bülov
Eit lite gløtt frå «kristenfronten» i Strand, medan Ole Thorsen ennå sprang som unggut på Svines, kan ein få av eit brev presten Ole Schavland i Strand sende kollegaen sin på Finnøy Gabriel Kielland. Brevet er dagsett 9. september 1826 og opnar slik:
«Høystærede Hr. Broder. Ved at tilbagesende de Brever Du var saa god at overlade mig, aflegger jeg forbintlig Tak for Laanet, hvoraf jeg har haft den Glæde at see den Iver og den lykkelige Framgang hvorved Evangeliet udbredes, paafaldende var mig det Forslag, som de Danske Bülov har giort Continental Selskab betreffende vort Fedreland; det vilde være sørgeligt, om Religion og Christendom skulde nogensteds være saa fremmed for os som han foregiver og at hans forslagne Foranstaltninger skulde være nødvendige og ønskelige, hvilket jeg ikke tror er tilfældet. »(2)
Det kan her synast som om Schavland har fått tilsendt frå Kielland papirer vedkomande von Bülov si verksemd i Norge, kanskje ei form for høyring. Som ein ser, fall verksemda ikkje i god jord hos Strandapresten.
Carl von Bülov var sende ut av eit engelsk selskap «Continental Society». Denne samanslutningen skulle drive misjon i Europa. Bülov blei sende i dette ærende til Norge og skulle freiste å skipe foreiningar til støtte for arbeidsgjevaren i England. I 1826 var han på Stavangerkanten. Det året blei den første misjonsforening i Norge skipa i Stavanger, som ei fylgje av von Bülov si verksemd. Som ein kan skjøne av brevet til Schavland, var von Bülov ein refsar av kristenlivet i landet. Han heldt kristelege samlingar og gjekk i rette med prestane. Det varde ikkje lenge før prestestanden reagerte og klaga han for vranglære, og truga med konventikkelplakaten. Det enda med at Bülov blei utvist frå landet.
Haugianer eller brødreven?
I tida som lærar må nok Ole Thorsen ha sysla med religiøse spørsmål. Det var i denne tida han var med å skipe den første misjonsforeininga i Strand. Det er lite detaljer om kva som rørde seg i kristenlivet i Strand i denne tida. Tidlegare er nemnt at Carl von Bülov ikkje fekk fotfeste for si verksemd i Strand. Men ein veit at Haugerørsla voks fram på 1800-talet, og at den fekk tilhengjarar i Strand. Dette er stadfesta med skriftlege kjelder, som Martin Nag har funne fram til.
1 Martin Nag: Portrett av Ole T. Barkved. -En norsk haugianer høvding...
2 Familien Kielland si brevsamling i Lyngdal bibliotek
Presten Jæger svarte i 1840 på eit rundskriv som var sendt til alle prestane. Dei skulle svare på kva slag sekter det fantes i distriktet deira, og talet på familiar og personar som høyrde til. I Jæger sitt svar gjev han opp at det var omlag 12 familier i «i dette District» som høyrde til haugianarane, og det utgjorde omlag 40 personar1 «Disse er meget arbeidssomme, ligesom de ogsaa udmærker sig ved et ordentlig og christeligt forhold.»
Den 25 september 1840 uttalte Strand formannskaps seg om professor Hjelms forslag til endring av dissenterloven. I fråsegna heiter det mellom anna:
«Hvad angaar Separatister, da i religiøs Henseende Gives ingen saadanne. Separatister er Formentlig dem der adskiller sig fra Statskirken. Dette kan ikke siges om de saakaldte Haugianerne, af hvilke her gives nogle,...»(2)
Ole Thorsen var nok ein av dei. Ein haugianer var både alvorleg kristen og ein engasjert samfunnsborgar. Og av det som ein kjenner til av Ole Thorsens liv og virke, så gir det i så måte inntrykk av at han var ein ekte haugianer.
Men på same tid har presten Gabriel Kielland på Finnøy hatt innverknad på kristenlivet i Strand. Det blir stadfesta av misjonær Knudsen, som besøkte Strand i 1840. Han skriv at Gabriel Kielland hadde «utbredt Velsignelser i herrnhutisk Retning»3 i Strand. Han høyrde til den hernhutiske rørsla, eller Brødrevenene som dei blei kalla. Kielland var fleire gonger vikar for Strandapresten, Ole Schavland, då denne var på Stortinget i 1827 og 1828. Om dette fortel Gustava Kielland i boka si «Erindringer fra mitt liv»:
«I den tiden vi bodde på Finnøy var presten i nabolaget Strand flere ganger på Stortinget. Gabriel var da flere ganger på Strand, holdt gudstjenester og utforte andre kirkelige forretninger. På den måten ble han godt kjent og yndet og fikk adskillige kristne venner der. Disse besøkte ham iblant på Finnøy, og ville gjerne at han skulle besøke dem, men Gabriel hadde ikke tid til det. Likevel var han to-tre ganger i bryllup hos dem. Dagen før bryllupet hentet de ham da, og når de om kvelden skulle skilles, ba huseieren ham om å holde en bønn. Alle folkene på gården kom da inn i stuen. Gabriel leste et kapitel av Bibelen, ba en kort bønn og sang et par vers med dem, hvoretter alle gikk til ro. Bryllupsdags-kvelden ba brudgommen ham også å holde en bønn. Gabriel leste da igjen et kapitel av Bibelen, ba og sang. Morgenen etter rodde han tilbake til Finnøy. Slik hadde det gått for seg de to-tre gangene han var i bryllup i Strand. »(4)
Samstundes som dette gir eit fint tidsbilete av Kielland sin kontakt med folket i Strand, så gir det også grunn til å tru at Kielland sin åndelege påverknad i Strand må ha vore stor. Han hadde også ei hand med bibelspreinga i bygda. Biblane fekk han frå det britiske bibelselskap. Nokre brev frå Schavland til Kielland i slutten av 1820-åra er bl. a. oppgjer for biblar som Kielland hadde sendt Schavland, og som Schavland skulle selja i sitt prestegjeld. Schavland hadde vanskar med å få inn pengane av folk. Folk klaga på at dei hadde lita råd. Og det meinte Schavland var nok tilfelle.
Nokre brev frå ein ungdom på Tjøstheim, Ole Larsen(5), til Kielland etter at han hadde flytta til Lyngdal, vitnar om at presten sto høgt i kurs hos strandbuar.
Fleire tilhøve tyder på at Ole Thorsen kan ha høyrt til krinsen kring Kielland. Mellom anna står Ole Thorsen som innsendar av gåver til Brødrevenene, som Kielland høyrde til. Denne rørsla hadde sine røter og base i Tyskland, og ein del av deira tyske skrifter fann vegen til vener i Norge, ikkje minst til Gabriel Kielland. Det forklarer kanskje grunnen til at Ole Thorsen freista seg på tysk. Det er barnebarnet til Ole Thorsen, Sigurd Barkved, som skreiv i Strandbuen 2. oktober 1992 om eit notat bestefaren
1 Strandbuen 6/2-1996. Artikkel av Martin Nag.
2 Strandbuen 15/3-1996. Artikkel av Martin Nag.
3 F. T. Knudsens og hans Søn Missionær H.C. Knudsens Levnedsbeskrivelse. Christiania 1867.
4 Gustava Kielland: Erindringer fra mitt liv IKO-Forlaget, Oslo 1996 s 134
5 Familien Kielland sin brevsamling i Lyngdal Bibliotek
hadde gjort i Dr. Luthers Kirke- og Huuspostille, trykt i 1835:
«Ole Thorsen skriv i postillen på ikkje feilfritt tysk (-på tysk kanskje for å ha det for seg sjølv):
«Etter at eg i tjue år har gått i teneste åt djevelen, då forbarma seg Gud over meg og oversalva meg i sitt nåderike på jord i året 1835.» O. Th. Svines født 22. sept. 1814»(1)
I dette notatet kan det synast som om at han reknar si omvending til året 1835. Korleis dette heng saman med at han var med å skipe misjonsforeininga året før han vart omvend, kan ein ikkje vite noko om. Tjøstheimguten, Ole Larsen, tidfestar si omvending til 1836. Ein kan undra seg om det var noko serleg som rørde seg i kristenlivet i Strand i midten av 30-åra. Det som ein veit, er at det var vekkjing på Finnøy medan Gabriel Kielland var prest der i åra 1824-1837. Kan noko av vekkjingselden ha slått ned på Strandalandet?
Det var i slutten av 20-åra at Kielland var vikar for Schavland i Strand, og dette var i konfirmasjonstida til Ole. Det kan godt tenkjast at dei to har møtt einannan då. Det er rimeleg å tru at dersom dette er så, så kan Kielland ha øvd ein viss påverknad på konfirmanten i høve til brødrevens-rørsla?
At det har vore eit drag av hernhutisk påverknad i Strand på den denne tida, kan fylgjande sitat frå boka «Liv i vekst» tyda på:
«Ved H. C. Knutsens reise i Ryfylke fikk han leilighet til å mekle mellom de troende i Strand og Aardal. På denne tid var det kommet en strid mellom dem så de ikke gikk, eller reiste tilhverandres møter, ja gikk av vegen for hverandre når de møttes. Det har ingen storinteresse å granske årsaken til striden (antakelig har Strandbuene vært hernhutisk anlagt), men større er det, at den unge misjonskandidat kunne få dem forlikt og vekke misjonskjærligheten i dalen. »(2)
Misjonær Hans Christian Knudsen, som her er nemnt, besøkte Ryfylke i 1840, og heldt samlingar både i Høle, Strand og Årdal.(3) Eit sermerke ved brødrevenene var deira syn for misjonen. Og i dette synte Ole Thorsen seg å vera fullt på linje med dei. For det er ikkje minst som misjonsmann ein kjenner til hans virke.
Misjonsforeininga i 1834
Som tidlegare nemnt var Ole Thorsen med å skipe den første misjonsforeininga i Strand Denne foreininga var også den første av misjonsforeiningar på landsbygda, og ho var den tredje misjonsforeininga i det heile i Norge. Dette var i 1834. Han skriv sjølv om det i ei melding til «Missionsbladet» i 1837. Den første misjonsforeiningen i landet blei skipa i Stavanger i 1826.(4)
Etter ein noko daud periode blei det ny fart i foreining i begynnelsen av 30-åra. I mars 1834 sende Stavanger Missionsforeining ut innbying til å vera med i deira arbeid. I oktober same året kom det ei foreining i gong i Egersund, og i desember var Ole Thorsen med på å skipe foreininga i Strand.(5)
Dette er ei hending som også har levt i tradisjonen. Kan skipinga av desse foreiningane m. a. vera eit resultat av innbyinga frå Stavanger? I «Liv i vekst» kan ein lese at foreininga i Strand blei skipa i tilslutning til Stavanger misjonsforeining.6 Dette meiner også John Nome i «Demringstid i Norge.(7) Det er ting som tyder på at det kunne vere så i den meldinga Ole Thorsen sende «Missionsbladet». Der ser ein at strandbuane har hatt kjennskap til korleis møteverksemda var ordna i byane, det vil seie i Stavanger. Vidare finn ein uttryksmåtar i dette skrivet som minner om tilsvarande uttrykk som er bruka i lovane for foreininga i Stavanger.
1 Strandbuen 2/10-1992. Artikkel av Sigurd Barkved
2 Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946 s. 364
3 John Nome: Demringstid i Norge s 314
4 John Nome: Demringstid i Norge s 159
5 John Nome: Demringstid i Norge s 237
6 Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946 s 386
7 John Nome: Demringstid i Norge s 238
Den meldingen Ole Thorsen Barkved sendte Norsk Missionsblad i 1837(1)
Statutter til den første Misjonsforeining skipa i Stavanger i 1826. Oppattnya i 1834(2)
I meldinga til «Missionsbladet» fortel Ole Thorsen at foreininga bare greidde å halde møter 4 gonger til året. I Stavanger greidde dei å ha møter ein gong i månaden. Men i Strand var avstandene for store til det. Og det var nok ikkje så lett å ta seg fram heller. På møtene var det oppbyggelse, misjonsinformasjon og innsamling av misjonsgåver. Misjonsarbeidet var det utanlandske organisasjoner som stod for. Melding om gåver blei sende til «Missionsbladet», og når dei kom inn der, var det som ei kvittering. Mykje av dei innsamla midlane blei sende til dei mange misjonane som brødrevenene dreiv. Misjonen mellom jødar er m.a. nemnt som mottakar, og likeeins misjonen på Grønland. Gåvene som blei sende inn frå foreininga i Strand, kom frå «tienere og simple børn». Misjonsgåva som er nemnde i meldinga frå Ole Thorsen, var bra stor, 15 Spd, samla inn gjennom året.
Misjonsmannen
Det er klart at Ole Thorsen hadde sterke misjonsinteresser. Eit vitnemål om det, er ikkje minst skipinga av misjonsforeininga som han var med på. Denne foreninga blei «delt i flere» i 1840. Det kom som eit resultat av misjonær H. C. Knusen sitt besøk i bygda det året. I sine dagbøker har han fortalt litt om opphaldet i Strand. Om sitt kome til Strand frå Høle skriv han:
Af Ole Aanen, en fattig men flittig 30aarig Bonde, som i længere Tid har været gift uden at faa børn, og som har stor Lyst til Missionærtjenesten, blev jeg ledsaget til Strand Her har fra Findø den forrige kjære Præst, Pastor Gabriel K. Kjelland, som er Sognepræst i Lyngdal i Nærheden af Farsund, udbredt Velsignelser i hernhutisk Retning, og Missionen var derfor for disse ikke saa ubekjendt som i andre Egne og som i Høllesogn. Medlemmerne bleve altsaa her kun talrige ved Forsamlingerne.
1 Det Norske Missionsblad No 23 Christiania den 14de November 1837
2 Liv i vekst Stavanger krets av NMS 1846-1946 s 402
Foreningerne deltes i flere Dele, og forsynedes med Comiteer; og istedetfor fjerdingaarlige Forsamlinger blev anordnet maanedlige.(1)
I desse få linjene får vi eit ganske godt innsyn i det miljø som Ole Thorsen verka i. Vi merke her den påverknad presten Kielland har hatt i bygda. Det var også lett å få medlemmer til misjonsforeiningar. Så lett ser det ut til å ha vore, at det var nødvendig og praktisk å dele opp i fleire foreiningar. Dei må ha lege spreidd i bygda, slik at avstandane ikkje har vore større enn at dei nå kunne halda møter kvar månad. Foreiningane blei også organiserte med styre (Comiteer).
Det blei då i alle fall ei Søndre Strand Missionsforening og ei Nordre Strand Missionsforening. I nordre Strand var det Rasmus Holgersen Fiskå som var leiaren, og i søre Strand var det Ole Thorsen Barkved. Denne leiarskapen kjenner vi m.a. til på den måten at det var dei som sende inn misjonsgåvene frå foreiningane. Ole Thorsen sende inn gåvene frå foreininga i søre Strand. Vi finn namnet hans fleire gonger i åra som følgde i samband med gåver frå «Missionsforeningen i søndre Strand.»
Då det skulle velgjast utsendingar til skipinga av Det Norske Misjonsselskap i Stavanger i 1842, var det nok vanskeleg å kome forbi Ole Thorsen Barkved. Det var tre utsendingar frå Strand: Ole Thorsen Barkved, Rasmus Holgersen Fiskå og sokneprest Jæger. I «Liv i vekst» er det ikkje heilt klart kva foreiningar dei representerte. Men det synes nokså sikkert at Ole Thorsen har vore utsending for Søndre Strand misjonsforening. Jæger representerte truleg Nordre Strand misjonsforening. Og så ser det ut til å ha vore ein Fiskaaen misjonsforening, som Rasmus Holgersen representerte. Men her er det at det er uklart i boka «Liv i vekst». Der har ein medarbeidar i boka teke Fiskaaen misjonsforening til inntekt for Strand og ein annan for Avaldsnes, begge med Thore J. Fiskaaen som utsending. Grunnen til problemet er at i ei oversikt over utsendingane til skipinga av N.M.S, i 1842 heiter det at det var utsending frå Fiskaaens misjonsforeining; Avaldsnes ved Thore J. Fiskaaen.(2) Kva dette tyder er altså uklart. I «Liv i vekst» blir det sagt at Fiskå misjonsforening blei utskilt lengst i nord i sokna p. g. a. dei store avstandane.(3) I gåvelistene finn ein denne foreininga fram til 1855. Men så er ho førebels borte.
Bedehusbyggaren
I 1990-åra har det blitt ny interesse omkring Ole Thorsen, Barkved. Det skuldast at det då kom i gong «jakt» på det første bedehuset i Norge. I tradisjonen har det aldri vore tvil om at det var Ole Thorsen som bygde det første bedehuset i Strand. Og det har etterkvart blitt klart at det også er det første bedehuset i landet, bygt berre til oppbyggelse. Initativet til denne «jakta» kom frå Kristoffer Fjelde. Og han har vore den drivande krafta bak det som idag skjer med det gamle bedehuset. I april månad i 1997 reiste han rundt på dei 13 bedehuset i kommunen og orienterte om det første bedehuset, og planane med det for ettertida.
Om ein har vore viss på at Ole Thorsen bygde det første bedehuset i Strand, så har ein vore tilsvarande usikker på kvar det stod. Den første teorien om det gjekk ut på at huset var bygt på Fjelde. Grunnen til det er mogeleg ei samanblanding med eit skulehus på Fjelde. Det blei sidan bedehus på Heia: Elles var det også nærliggande å tru at bedehuset blei bygt i Sørbygda der Ole Thorsen budde.
Men då Kristoffer Fjelde sette igang granskingane sine, fann han mellom anna i «Soga um Strand» følgjande:
1 F. T. Knudsens og hans Søn Missionær H.C. Knudsens Levnedsbeskrivelse. Christiania 1867
2 Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946 s 92, 221 og 387
3 Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946 s 387
«So lenge Strand og Høle var saman, vart heradstyremøtene haldne i tingstova på Idse. Sidan flutte ein til Strand. Der leigde ein rom i eit hus som var uppsett av «et interessantskab». Det var nærmast å kalla for eit bedehus».
I Strand og Høle skilde lag i 1842, og med dette årstalet er ein komen nær året 1837 som etter tradisjonen skulle vere byggeåret. Denne tradisjonen bygger på det som skal vere Ole Thorsen sine eigne ord: «Bedehuset blei bygt same året som vi fekk formannskapslovene.» Mellom anna desse nye opplysningane førde til nærare granskingar omkring gardane på Strand.
Fjelde fall heilt ut som mogeleg stad. Og stoda idag er at staden der bedehuset stod, er lokalisert like nordaust for kyrkja. Og ikke blei bare staden funnen, men også bedehuset. Det står på garden til Magne Tjøstheim, og har vore brukt som bustadhus. Det er nå ein aksjon i gong med å få ta vare på det og flytta det nærare den opphavlege staden.
Det er fleire notater som viser at de har vore «gudelige samlingar» i Strand omkring 1840, og det er all grunn til å tru at dei har gått føre seg i eit samlingshus nær kyrkja på Strand. Notatane er skaffa fram frå arkivene av Martin Nag. Det eine er ein rapport i 1840 frå sokneprest Jæger om dei religiøse tilhøva i Strand:
«Husandagter er alminnelig, og store Samlinger til Andaktsøvelse udenfor kirken holdes om søndagene, naar det ikke er Gudstieneste i Sognets kirke. »(2)
Den andre står Finnøypresten B. J. Food for dagsett 10. oktober 1840:
«End mere forundres maa man, når man ved at Hr. Professoren(Professor Hielm) er født og baaren, som man siger, i et af Landets Egne, Strands Præstegjeld ved Stavanger, hvor deslige gudelige Forsamlinger i langsommelige tider har været alminnelige. Skjønt aldrig styrede afStedets Sogneprest.. "(3)
Vidare har vi det tidlegare nemnde møtet i formannskapet i Strand prestgjeld den 25/9-1840 som med si fråsegn støtter opp om det same:
«Separatister er Formentlig dem der, adskiller sig fra Statskirken. Dette kan ikke siges om de saakaldte Haugianerer, af hvilke her gives Nogle,.......... Hva de Gudelige Forsamlinger Angaar da vides Intet uordentligt Uanstendigt eller afskyeligt i disse at være Passeret....»(4)
Året 1837 og tida etter
Frå denne tida har vi kjennskap til fleire forhold som knyter seg til Ole Thorsens liv. Det kan ikkje vere tvil om at for den samfunnsengasjerte Ole Thorsen var iverksetjinga av formannskapslovene i 1837 ei sak som opptok han. Så det er bare rimeleg at det ikkje var vanskeleg for han å hugse at han same året var med på bygginga av bedehuset. Det skal vere hans eigne ord at det blei bygt «same året som vi fekk formannskapslovene».(5) Det var også same hausten, medan han ennå var «skoleholder», at han sende inn beretningen om den første misjonsforeininga i Strand til «Missionsbladet». Den stod i bladet den 14. november, i nr 23. Då hadde misjonsforeininga vore i aktivitet i 3 år. Det var også same han året slutta av som «skoleholder». Då blir det nemnt at han hadde vore i lærarjobben i 1/2 år meir enn dei 7 åra som var bestemt. Som nemnt tidlegare, er det presten Jæger som søkjer om at Ole Thorsen må bli fritatt frå lærarstillinga.
I 1837 var det presteskifte i Strand. Jæger overtok kallet etter Schavland som hadde hatt det i 52 år. Det ser ut til at Ole Thorsen har fatt ein «medspelar» i den nye presten. For det synes å vere klart at Jæger var
1 Holger Barkved: Soga um Strand s 363.
2 Strandbuen 2/2-1996. Artikkel av Martin Nag.
3 Strandbuen 29/5-1996. Artikkel av Martin Nag.
4 Strandbuen 15/3 1996. Artikkel av Martin Nag.
5 Kristoffer Fjelde: Det fyrste bedehuset i Noreg s 15.
positiv til haugianarane og det som braut fram på «kristenfronten» i denne tida, noko som slett ikkje var det vanlege innan prestestanden.
I 1839 kom det eit nytt skriv frå Jæger på vegne av Ole Thorsen som «har paa Grund af sinægteskabelige forbindelse begjært sig entlediget fra sin Post». Det kan då sjå ut til at han har stått i lærarstillinga heilt til 1839.
Når han i 1838 sender inn gåvene til misjonen, brukar han initialene O. T. S. som står for OleThorsen Svines, men i 1839 er midlane merka O. T. B. for Ole Thorsen Barkved. At han bruka O. T. B. i 1839 er rimeleg, for det året gifta han seg med gardgjenta og einebarnet Kari Ivarsdtr. Barkved og slo seg til for godt på Barkved som gardbrukar.
Det var i 1840 at misjonær H. C. Knudsen besøkte Strand. Han fekk stor innverknad på misjonsforeininga, som Ole Thorsen var opptatt av. Som nemnt tidlegare, blei då foreininga delt i fleire.
I 1840 begynner også eit nytt avsnitt i livet hans. Då går han inn i politikken for fullt. Han blir då vald inn i kommunestyret. Og bare to år etter sit han som varaordførar, same året som har er med på å skipe N.M.S. Det året far han også oppleve at det er over og ut med konventikkelplakaten, som hadde lagt strenge restriksjonar på lekmannen sin rett til å forkynne.
Kyrkjebyggaren
Det er ikkje uventa å finne Ole Thorsen svært engasjert i bygginga av den nye Strandakyrkja, som blei vigsla 4. november 1874. Det var i den siste ordførarperioden hans, 1862-1869, at det blei fart i planane om bygging av ny kyrkje, då den gamle var for liten. Tidleg i planlegginga finn vi Ole Thorsen i kontakt med arkitekt Fr. von der Lippe, som leverte teikningar. Dei fall ikkje heilt i god jord hos kommunestyret. Så måtte Ole Thorsen til Fister for å drøfta teikningane med ein byggmeister, før dei blei godtatt. Før det det blei endeleg vedteke å bygge, fremja Ole Thorsen eit eige forslag som ikkje førde fram. Holger Barkved skriv slik om det i «Soga um Strand»:
«Men so kom ordføraren, Ola Barkved, med eit nytt framlegg som førde saka i ei ny leid. Han meinte sokna var så stor at det var for lite med ei kyrkje. Vegane vart for lange for dei som budde i utkantane. Den gamle kyrkja burde få stå, og i staden burde dei byggja to mindre kyrkjor, ei på Barka og ei på Varland. Skrivet kom attende då vedtaket ikkje hadde stort nok fleirtal. Men det vart vedteke å halda fast på søknaden i næste møte og. Det var likevel til ingen nytte dette, for både presten, prosten, bispen og departementet sette seg imot.»(1) Ole Thorsen blei med i byggenemnda då det var klart til sette igong. Saman med dei to andre medlemene, Knut Vasstveit, J. C. Hemsen og Holger Strand, var han med på å sette opp byggekontrakten 12. oktober 1872.
Politikaren og kommunemannen
Som den ekte haugianer som han var, var Ole Thorsen sterkt samfunnsengasjert. Så det fall rimeleg at han gjekk inn i politikken i 1840, då han blei vald inn i kommunestyret... Han kom i nært tilhøve til familien Hjelm i Ugeli. Her voks professor og statsråd Hjelm opp. Ein bror av professoren var gift inn i familien til Ole Thorsen. Ole Thorsen skal ein gong ha besøkt professoren i Oslo. Men han hadde nok fatt med seg ein politisk arv heimefra også. Det var ikkje mindre enn 3 av dei 4 brørne på Svines som blei ordførarar. I 24 år sat Ole Thorsen i kommunestyret,2 og i 18 år av desse var han ordførar delt i 3 periodar. Han var den den første ordføraren i Strand etter at Strand bli skild frå Høle som eigen kommune. Som politikar kom han bort i dei fleste kommunale verv. Og det fylgde
1 Holger Barkved: Soga um Strand s 88.
2 Holger Barkved: Soga um Strand s 242 - 248
også med å ha sete i amtstinget. I ei vurdering frå 1887 heiter det om han:
«Han hørte til Ordførere af den gamle Skole, der selvfølgelig ikke i dyktighed kan maales med Nutidens Alen; men blandt de gamle var han en meget brugbar Mand, der endog til sine Tider kunde gjøre Tjeneste som Komiteformand.»(1)
I ymse arkiv i frå denne tida vil ein nok finna Ole Thorsen sitt namn gå att gong etter gong. I det fylgjande skal stort sett bare bli tatt med det som er omtala i bygdebøkene til Holger Barkved og Jan Alsvik av saker som Ole Thorsen var med å handsama. Det kunne reknast opp ei mengd nemnder som han var medlem av både i kommunestyret og amtstinget. I kommunen var det mest ikkje den tillitsposten som han ikkje var bort i, og som Holger Barkved skriv:
«...elles ei mengd med mindre arbeid som kunde falla på ein ordførar like frå tilsyn med brubyggjing til å styra manngarden etter skrubben. »(2)
I amtstinget fekk han vera med i arbeidet med det første amtsjukehuset, då han var medlem av sjukehusnemnda. Som medlem av vegnemnda fekk han også innverknad på vegbygginga i fylket. Han var medlem av skolenemda og styret for landbrukskolen for å nemna nokre av oppgåvene hans i fylket.
I 1842 blei Høle og Strand skilde i to kommunar. I kommunestyre før skilsmissa var Ole Thorsen varaordførar. Det var han som fremja forslag om delinga i Sommartinget på på Idse 16. Juni 1841:
«Aar 1841 den 16 Juni blev ved Sommertinget for ldtsø Skibrede ifølge Amtets Ordre af 2den December f. A. grundet paa et Forslag fra Ole Thorsen Barqved paa Strands formandskabs Vegne foretaget Stemmegivning om Hvorvidt Strands Og Hølle Sogn for fremtiden bør danne 2de særskildte Formandskabsdistricter. Hvor da Fogden bemerkede at det med Bekjendtgjørelse fra Kirkebakken er bragt til Almuens Kundskab at den omhandlede Stemmegivning idag skulde foregaae og efterat formeldte Ole Thorsen Barqveds Forslag var blevet opsagt, foregik Stemmegivningen efter Opraab af Mandtalsprotocollen, og havde saadant Udfald at 12 Stemmeberettige ærklærede sig for, og derimod 4 imod at forslaget tages til Følge»(3)
Det er tidlegare nemnt at han var med i byggenemnda for Strandakyrkja. I 1863 kom det lov om at det skulle arbeidast ny matrikkel over jordeigedomane. Ole Thorsen blei vald til formann i ei nemnd som skulle gjera dette arbeidet i Strand. Med seg i nemnda hadde han Thore L. Idse, Endre L. Tjøstheim og Gunnar Alsvik:
«Fyrst mælte dei nokre gardar. So gjekk dei og mælte same gardane med skritt. Sidan skritta dei alle gardane i Strand og tok ein og annan «stikkprøve» og mælte på ny. I 58 dagar gjekk dei»(4)
Mellom underskriftene på ein utskiftningsforretning på Tungland i 1854 står også namnet O. Barkved. På den tida kan det ikkje ha vore andre enn Ole Thorsen Barkved som på den måten sette namnet sitt «Til Vitterlighed» under eit slikt dokument.
I førstninga av 70-åra var Ole Thorsen med på utskiftninga for nokre gardar på Heia. Det galdt gardane Nordland, Nes, Sædberg og Melberg. I 1883 var det på ny utskifting på dei same gardane. Då var ikkje Ole Thorsen med, men han måtte gi ei erklæring om korleis dei hadde vurdert myrane ved den førre utskiftningen i 70-åra:
«At den Tid da Torvmyrenepaa Heien bleve udskifiede, da var der kuns Tale om Torv, ikke om Muld til Staldfyld»(5)
1 Strand bygdebok 1870-1940 s 145. (Vestlandsposten tilegg 25.5.1884)
2 Holger Barkved: Soga um Strand s 248
3 Holger Barkved: Soga um Strand s 240
4 Holger Barkved: Soga um Strand s 133
5 Jan Alsvik: Strand bygdebok 1870-1940 s 59
Han måtte også «trø til» i arbeidet med brygga i Strandastøa. Strandastøa var eit viktig knutepunkt for ferdselen i Strand på den tida. Ole Thorsen sin bror, Thore Thorsen Svines, hadde tatt på seg arbeidet med å oppføra brygga, etter at kommunestyret hadde vedtatt planane i 1849. Thore Thorsen var då ordførar, og han blei ferdig med brygga i 1851. Men resultatet var ikkje vellukka, og då måtte broren, Ole Thorsen, overta og fullføra projektet.(1)
Statskyrkjeordninga
Eit døme på hans vidtfemnande innsats i offentleg liv kan ein finna i boka «Liv i vekst». I ei fotnote der blir det fortalt om at han var med i ein komite som la fram for amtstinget eit forslag om reformer i statskyrkjeordninga:
«Synet på statskirken omkring 1850 i Amtstinget.
Ordførere. A. Ødegaard, O. Tjessem, O. Kjeldsen, H. E. Tuestad, I. Grude,O. Barkved, T. Svalestad, T. Tjentland framla på amtstinget et forslag om kirkelige reformer av følgende art: Hvori reformen i dens detail skal bestaa, ligger udenfor vor plan at udvikle, selv om vi dertil havde evne og tid, kun saa meget maa vi bemerke at menighedens deltagelse i valget av lærere (prester), at kirken tilstaaes en egen legislatur som den udfører ved en indført synodalforfatning, at menigheden ogsaa bliver repræsentert saavel med hensyn til det hele samfunds som de enkelte menigheders anliggender og endelig at det udvalget menighedsraad i forening med præsten tilstaaes en begrenset myndighed med hensyn til kirketugten og anliggender som vedkommer den hele menighed, ere hovedmomenterne paa hvilke vi troe reformen maa bygges. Forslag:
«Regjeringen anmodes om, ved dertil skikkede mænd, at lade udarbeide forslag til en tidsmæssig kirkeforfatning, og drage omsorg for, at samme bliver ophøiet til lov» Forslaget blev enst. vedtat av Amtstinget.
Kirkedepartementet svarte al det for tiden ikke blir at treffe nogen tidsmæssig kirkeordning, men departementet skulde ha sin opmerksomhed henvendt paa sagen»(2)
Dette må vere, om det ikkje er den første, så i alle fall ein av dei første freistnader på å demokratisere statskyrkja. Det at Ole Thorsen er med i ein slik komite, syner at han både hadde interesse for kyrkja sin lagnad, og at han må ha hatt ein demokratisk tenkjemåte, som ikkje var vanleg på den tida. Han og hans medarbeidarar i komiteen var lenge føre si tid. Det skulle gå 70 år før vi endeleg fekk sokneråd i 1920. Fleire forslag framover frå 1850-åra hadde blitt stansa gong etter gong.
Biblioteket
Det er bare rimeleg at Ole Thorsen også hadde syn for folkeopplysning. Kommunen hadde hatt eit leseselskap, som presten Schavland hadde hatt ansvaret for. Men då han trappa ned, gjekk selskapet inn. Ole Thorsen var ein av dei som hadde nytta seg av utlånet, og sakna selskapet då det slutta. Han og presten Jæger gjekk då saman om å samle inn midlar til «Opprettelse av et «Almuebibliotek» i 1843.(3) Det kom i gong i 1846. Då staten løyvde pengar til soknebibliotek i 1851, måtte det velgjast styre. Ole Thorsen kom med i styret saman med broren Thore Thorsen Svines. Soknepresten var sjølvskreven styremedlem.
1 Jan Alsvik: Strand bygdebok 1870-1840 s 156
2 Liv i vekst. Stavanger krets av N.M.S. 1846-1946 s 70
3 Holger Barkved: Soga um Strand s 400
Gardbrukaren
Men midt i all sin utadretta aktivitet i kommune og kristenliv, var Ole Thorsen også gardbrukaren. Han sat på den største garden på Barkved. Når Ole og Kari gifter seg 3. april i 1839, står det i kyrkjeboka at han er gardbrukar og bur på Barkved. Så det ser ut til at han ha flytta frå Svines til den komande svigermor si før han gifte seg. Same året gir det nye ekteparet folgekontrakt til mor og svigermor. Det er ikkje mykje ein kjenner til korleis han var som bonde. Folketellingane syner at han hadde bra stor buskap. Hest hadde han og 9 krettur. Saueflokken kunne vere stor, opp i 60 småfe. Geiter og gris hadde han også. Åkerbru dreiv han, dyrka både havre, bygg og poteter. Kor mykje han spedde på innkomene med sildefisket, er uvisst. Ein veit at då han søkte seg fri lærargjerningen i 1837, grunngav han søknaden med at han skulle på sildefisket på nyåret i 1838.
Mennesket Ole Thorsen Barkved
Det har vore lokalhistorikarane si store sorg at det ikkje finst eit bilete av Ole Thorsen. Det er i grunnen merkeleg, fordi han var ein svært «offentleg» person, både på lokalplan og på fylkesplan. Det kan skuldast at han døydde før dette med fotografering for alvor tok til. Eller kan det fortelja noko om personen, at han ikkje held seg frampå? I 1892 blei alle som var med på skipinga av NMS i 1842, fotografert. Det fekk ikkje Ole Thorsen oppleva. Han døydde i 1891. Og ettertida har måtta leva utan eit bilete av han.
Om vi lite og ingenting veit om utsjånaden, så finn vi ein del i tradisjon og skriftlege kjelder som vitnar om personlegdomen hans.
Ein talande karakteristikk av mannen er det som tradisjonen fortel om kva samtida kalla han. Kvar av dei fire brørne frå Svines fekk sitt tilnamn på folkemunne. Ole blei kalla «den rettferdige». Det er eit sterkt vitnemål om personlegdomen hans. Og det er rimeleg å tru at denne sida ved han, har forsterka seg hos han i møtet med haugianismen. Haugianarane var kjende for å vera rettskafne samfunnsborgarar, som hadde tillit hos folket. Dei opplysningane som vi har om haugianarane i Strand frå 1840-åra, fortel at dette også var slik i her. Si kristentru tok han også på alvor m.a. på den måten at han var aktivt med i kristeleg verksemd. Om det skreiv B. Ragnvald Askvik i Stavangeren om lag 75 år etter Ole Thorsen døde:
«Men alltid var det det kristelige arbeide som opptok ham. Der var han aktivt med som taler og leder helt til sine siste år. »(1) Om denne sida ved mannen fortel også ei hending som Sigurd Barkved har med i ein artikkel i «Strandbuen»:
«Soneson hans, Ole Iversen Barkved, fortalde meg såleis at bestefar ein julafta for til Randøy og skulle ha samling der med jul.- Han rodde vel- Kona, Kari, ytra litt om at han ikkje då kunne vere heime. Til dette svara han: «Det er viktigare at folk kan få si sjel frelst.»(2)
Som så mange som står fram føre ei forsamling, har sine eigenheter, så hadde også Ole Thorsen sine. Når han tala så stod han og vreid med hendene, er det blitt fortalt. Folk må ha hatt respekt for mannen. Det er blitt fortalt at då han ein gong var på Monane i Bjørheimsbygda, tykte folket i huset at dei ikkje hadde god nok mat å setja fram for han. Men same historien seier også litt om kor liketil han måtte ha vore. For då det ikkje kom mat på bordet, gjekk Ole Thorsen sjølv i skåpet og fann seg mat.
1 Stavangeren 14/12-1959
2 «Strandbuen»2 4/11-1992
Ei liknande soge fortel Sigurd Barkved etter Knut Holta:
«Gamle Knut Holta, bonde og skomakar der, fortalde al bestefar (til Sigurd Barkved) var hjå han og held samling. Knut smolka då han fortalde at bestefar utan vidare sette seg til å smørja niste. - Han skulle i kommunehuset på Strand.»'
Eit vitnemål om den tillit han hadde i bygda, viser seg og i det at formannskapet ynkste å tilsetje han til ny lensmann etter Daniel Nielsen Jørpeland, som døde i 1864. Av dei 12 søkjarane ville formannskapet ha Ole Thorsen. Formannskapet uttalte at han hadde folks «Agtelse og Tillid» og at han var ein «alvorlig, hederlig og christelig Mand, hvem Menigheden vilde glæde sig særdeles ved.» Men amtmannen tilsette Markus J. Foss i stillingen.(2)
Ole Thorsen kunne ferdast mellom både «høg og låg.» Ein gong finn vi han i vitjing i Oslo hos statsråd og professor Hjelm, som han kjende frå heimbygda. Om det fortel Kristoff Fjelde etter barnebarnet Sigurd Barkved:
«Han (Sigurd Barkved) sa mellom anna: «Beste» (Ole Thorsen) reiste til Oslo og vitja professor Hjelm. - Han skildra koss dei var kledde i den tida- i vadmål og "klaffa-buksa" osv. Då han banka på hjå Hjelm, ville teneste-jenta helst ikkje sleppa han inn. -Men seinare då ho såg bestefar og Hjelm saman, då såg ho på «beste» på ein annan måte » I 1844 finn vi han som verje for ein foreldrelaus gut. Det året hadde to gutar på husmannsplassen Veiene på Tungland mista faren sin. Det var Guttorm Torsteinsen 8 år og Tormod Torsteinsen bare 2 år. Mora var død tidlegare, så gutane sat att åleine. Då blei Ole Thorsen oppnemnd som verje for Tormod. Far til smågutane, Torstein Guttormsen, og Ole Thorsen, var nok godt kjende. Dei var like gamle, og blei konfirmerte saman. Truleg har dei også hatt same åndelege interesser. I skiftet etter Torstein(3) finn ein nemleg ein del kristeleg litteratur som vitnar om at også han hadde slike interesser.
Det enkle leveviset til Ole Thorsen dei siste leveåra, kan kanskje også kaste litt lys over naturen hans. Han budde då hos sonen Tore i eit lite kammers. Huset med kammerset stod opp til våre dagar der som barnebarnet hans, Olaus Barkved, seinare bygde seg hus. Og tradisjonen fortel at i dette kammerset gjekk han inn når kvinnfolkpraten blei for livleg i stova eller kjøkken. Om det var alderen eller den alvorlege haugianeren i han, som gjorde at han trekte seg tilbake slik, kan ein ikkje vita. Kanskje skuldast det begge deler. Her budde han til han døde 2. mai 1891.
Etterord
Fiskå 1842. I Avaldsnes finst ein liten gard som heiter Fiskå. Den har hatt både kverner og mølle. Omkring 1842 budde der ein mann som heitte Thore J. Fiskåen, dette i følgje bygdebok for Avaldsnes (Statsarkivet i Stavanger 17/4 1998) og Magne Nygård, Avaldsnes. Det synes då vere klart at vi må rekna med at det som står i «Liv i vekst» side 387, om Fiskåens misjonsforeining i Strand som hadde Thore J. Fiskaane til utsending ved stiftelsen av NMS i 1842, må vere galt. Utsendingen er nok frå Avaldsnes, slik vi finn det omtala i same boka side 92 og 221.
1 Strandbuen 4/11-1992
2 Jan Alsvik: Strand bygdebok 1870-1840 s 152
3 Jan Alsvik: Folk i Strand s 1144
16-feb-1998
Etterkommere av Ole Thorsen Barkved f. Svines
1 Ole Thorsen Barkved f Svines f. 18 Sep 1814 d. 2 Mai 1891 g. 3 Apr 1839 Kari Ivarsdtr Barkved f. 24 Mar 1821 d. 23 Des 1873
2 Anna Olsdtr Barkved f. 3 Mar 1840 g. 8 Apr 1862 Erik Tormodsen Nag f. 25 Des 1825 d. 16 Feb 1903
3 Tormod Eriksen Nag f. 21 Apr 1863 d. 1 Jun 1946
g. 26 Nov 1904 Kristiane Andreasdtr Vaula f. 11 Okt 1886 d. 1978
3 Serina Eriksdtr Nag f. 13 Sep 1865 d. 9 Apr 1960
g. 13 Nov 1888 Ivar Holgersen Strand f. 12 Apr 1863 d. 3 Apr 1937
3 Karina Eriksdtr Nag f. 18 Okt 1868 d. 22 Jun 1907
g. 17 Nov 1893 Tarald T Fjelde f. 26 Des 1867 d. 16 Des 1913
3 Olava Eriksdtr Nag f. 20 Aug 1871 d. 3 Jan 1948
g. 12 Apr 1897 Holger Holgersen Strand f. 23 Jul 1873 d. 19 Jun 1946
3 Ole Eriksen Nag f. 14 Jun 1874 d. 11 Mar 1956
g. 13 Jul 1900 Rakel Førland f. 17 Nov 1876 d. 27 Jan 1952
3 Tore Eriksen Nag f. 30 Jul 1877 d. 5 Sep 1953
g. 27 Nov 1903 Sofie Toresdtr Barka f. 12 Aug 1879 d. 7 Jan 1966
3 Einar Eriksen Nag f. 15 Mai 1880 d. 1978
g. 1916 Andrea Andreasdtr Vaula f. 11 Okt 1886 d. 1978
2 Inger Oldsdtr. Barkved f. 2 Jan 1843 d. 7 Jun 1919 g. 7 Des 1870 Rasmus Rasmussen N Fjelde f. 10 Jun 1837 d. 15 Jan 1900
3 Serina Fjelde f. 13 Des 1871 d. 1914
g. 14 Apr 1898 Erik Larsen Jørpeland f. 6 Jun 1862 d. 15 Feb 1927
3 Rasmus R Fjelde f. 5 Des 1875 d. 24 Mai 1956
g. 7 Sep 1905 Randi Malena (Lina) Borgø f. 12 Okt 1873 d. 9 Apr 1906
g. 22 Jun 1907 Rakel T Svines f. 30 Aug 1877 d. 19 Feb 1943
3 Karen Olava Fjelde f. 3 Jul 1884 d. 29 Jan 1964
g. 1910 Ole Tungland f. 23 Mar 1885 d. 10 Jul 1966
2 Ivar Olsen Barkved f. 22 Jun 1846 d. 22 Mar 1895 g. 28 Nov 1878 Inger Samuline Knutsdtr Barka f. 12 Mar 1854 d. 4 Mar 1
3 Karen Barkved f. 2 Jun 1879 d. 13 Mar 1972
3 Ole Barkved f. 21 Sep 1880 d. 18 Mai 1963
3 Rakel Bertine Barkved f. 25 Jun 1883 d. 4 Des 1883
3 Rakel Kristina Barkved f. 16 Sep 1884 d. 22 Jul 1957
g. 1912 Bjarne B Melberg f. 8 Mar 1892
3 Kornelius Barkved f. 29 Aug 1887 d. 1976
g. 1915 MariaTorsdtrNagf. 22 Jun 1886 d. 18 Jun 1963
3 Ivar Barkved f. 8 Mai 1890 d. 1933
g. Sophie Austinson f. 1883
3 Serina Jørgine Barkved f. 14 Des 1892 d. 7 Nov 1934
g. 1917 Hans Åkre f. 16. Feb 1895 d. 1 Sep 1971
2 Ane Serina Olsdtr Barkved f. 21 Jan 1850 d. 10 Sep 1922
g. 18 Nov 1875 Jonas Jonsen Barka f. 21 Mai 1845 d. 4 Aug 1897
2 Tore Olsen Barkved f. 10 Jan 1853 d. 9 Des 1929 g. 22 Nov 1881 Gurine Rasmusdtr Jøssang f. 24 Mai 1862 d. 26 Mar 1894 g. 13 Nov 1896 Kristiane Olsdtr Alsvik f. 28 Mai 1860 d. 15 Jun 1941
3 Karen Barkved f. 10 Mar 1883 d. 27 Jan 1967
g. 1 Jul 1902 Tormod Larsen Nag f. 16 Nov 1876 d. 25 mar 1951
3 Ole Barkved f. 7 Des 1884 d. 6 Jun 1933
g. 1916 Guro Stople f. 15 Jul 1890 d. 1984
3 Rakel Barkved f. 7 Sep 1887 d. 1972
g. 30 Jun 1905 Samuel Larsen Nag f. 22 Jan 1878 d. 1959
3 Anna Barkved f. 30 Mar 1890 d. 19 Mar 1947
g. 1918 Sevrin Tommesen Nag f. 31 Des 1882 d. 1972
3 Regina Barkved f. 13 Jun 1892 d. 22 Feb 1893
3 Teodora Gurina Barkved f. 24 Jan 1894 d. 10 Nov 1894
3 Gurina Barkved f. 17 Sep 1899 d. 1979
3 Olaus Barkved f. 9 Aug 1901 d. 1993
g. 1931 Johanna Marie Amdal f. 14 Des 1908
2 Olaus Olsen Barkved f. 19 Aug 1856 d. 15 Nov 1869
2 Peder Olsen Barkved f. 30 Mai 1860 d. 22 Aug 1928 g. 3 Nov 1893 Anna Johanna Førland f. 28 Mar 1874 d. 26 Mar 1956
3 Karen Barkved f. 28 Aug 1894 d. 9 Aug 1976
g. 7 Aug 1920 Olav Torvund f. 4 Des 1891 d. 8 Aug 1969 3
Ola Barkved f. 14 Aug 1896 d. 1988
g. 1923 Ragnhild Solberg f. 23 Apr 1901 d. 1987
3 Holger Barkved f. 11 Aug 1897 d.15 Feb 1963
g. 22 Jul 1922 Klara Måland f. 8 Aug 1895 d. 1978
3 Adolf Barkved f. 1 Des 1899 d. 7 Apr 1990
g. 16 Aug 1930 Ragna Gunhilde Hagen f. 2 Jun 1903 d. 28 Okt 1943
g. 3 Aug 1946 Borgny Gunda Grønset f. 4 Nov 1918
3 Kristina Barkved f. 3 Apr 1902 d. 20 Jul 1925
3 Peter Barkved f. 18 Des 1904
g. 26 Mai 1928 Anna Dorthea Sandholt f. 6 Okt 1899 d. 21 Jan 1932
g. 5 Okt 1933 Teodora Nåden f. 12 Nov 1912
3 Olaus Barkved f. 11 Jun 1907 d. 1988
g. 7 Aug 1933 Frida Farnes f. 2 Okt 1905 d. 1985
3 Arne Johannes Barkved f. 21 Mai 1909
g. 19 Feb 1944 Klara Ingeborg Klausen f. 14 Jun 1925
3 Johanna Barkved f. 11 Okt 1911 d. 20 Jul 1925
3 Sigurd Barkved f. 28 Jun 1915
g. 21 Feb 1959 Solaug Sævik f. 1 Apr 1929
3 Håkon Barkved f. 9 Jul 1920
g. 30 Des 1954 Borghild Eriksen f. 5 mai 1926
2 Adolf Kristian Olsen Barkved f. 29 Aug 1864 d. 11 Jan 1894