Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Tøgevågen

 

Øyvind Schmidt har skrevet historien om Tøgevågen og tatt mange bilder som viser spor etter de som bodde her. 

 

 

Tøgevågen ligger nord for Tau nær Nordmarka industriområdet.

 

                       Tøgjevågen

Som så ofte før så rusla eg ein tur i skogen rundt Tøgjevågen.

Dette er eit fint turområde nord for Tau som blir nytta av mange Strandbuar. Nå til dags går ein i eit område som består av velvoksen granskog som er så tett at det er så vidt sola rekk ned til skogbotnen.

Fra parkeringsplassen kan ein velgja blant mange stiar inn i området.

Eg valde å gå ned til sjølve vågen og satte meg ned ei stund for ein velfortjent kvil.

Ser ein nærare etter så kan ein sjå restar etter bygningar på den søndre breidda av vågen.

Eg fann to husgrunnar og ei båtstø med tilhøyrande grunnmur etter eit naust. Det heile er gjerda inn av ein steingard som ein framleis kan se restane av.

Desse observasjonane gjorde at eg vart interessert i å finne ut meir om Tøgjevågen. Og då er det naturleg at ein tek turen til biblioteket.

Eg finn der bygdebøkene frå Strand og Finnøy kor denne artikkelen tek stoffet frå.

Husmannsplassen Tøgje låg inn under garden ‘Gard’ på Talgje som høyrde til Finnøy kommune. Fyrst i 1947 vart Tøgje og marka rundt lagd inn uder Strand kommune.

Namnet ‘Tøgje’ kjem av ‘å ta’ i betydningen samla inn dyr.

I tidlegare tider så blei staden kalla Nødeteig og Naudatøgje.

‘’Nøde’’ er lik Nauda eller Naut=kyr/krettur.

Andre navn i nærleiken av Tøgjevågen er Ådnahove som tidlegare     (i 1597) heitte ‘Anderhouffen’. Ådne betyr ørn.

Ikkje langt unna ligg Marshove som tyder ‘hestehovud’

(iflg Inge Særheim som er kjend for tyding av namn)

Det fyrste som er nedskrive om Tøgjevågen er ein lang omtale om ei rettssak i 1597 som handla om kven som hadde bruksrett til vågen og marka rundt, kalla Talgjemarka.

Det ser fyrst ut som det dreide seg om beitemark og at det ikkje budde folk her før den fyrste husmann vert omtala i 1688.

Frå bydeboka om Finnøy bind III s. 257 står det å lesa:

                 ‘’Det var strid om eigedoms- og bruksretten til Tøgje-marka i 1590-åra, og denne striden gav opphav til prosessen i 1597, som gjev viktig historisk informasjon. Motpartane i saka var den mektige adelsmannen Aril Huitfeldt (Danmarks rikes kanslar) på vegne av søstera si Beathe Huitfeldt, som åtte Gard, og bonden Knut Ingebretson på Tau. Saka hadde gått heilt til topps i rettsvesenet, og det var kongens representant i Noreg, statthaldaren Aksel Gyldenstjerne, som kalla partane saman. At saka var sett på som viktig, avspeglar seg også i domskommisjonen: høvedsmannen på Bergenhus Laurits Kruse, gulatingslagmannen Paul Heljesen, borgarmeister i Bergen Peder Clausen, futen over Ryfylke, Jæren og Dalane Christen Thrane og adelsmannen Henrik Mundt; dessutan var bergensbiskopen Anders Fossius til stades dei første dagane. Her var det ikkje nok med ein vanleg domskommisjon av lagrettemenn frå bygdene.

   Det hadde vore trette og usemje om marka, og ei rettssak i 1593 hadde slått fast at det var Tau, som høyrde til Munkeliv kloster i Bergen, som hadde rett til marka. Dette klaga Beathe Huitfeldt på, og det er bakgrunnen for rettssaka i 1597.

   I dokumentet frå 1597 er saka omtala som

   «Proces fra 1597 angaaende en støl, Nødeteig, under gaarden Thoug i Ryfylke, som Herr Olaf Nilssøn, Ridder og Høvedsmand på Bergenhus, i sin Tid skulde have tilvendt sin gaard paa Talgøen»,

Vi skal sjå at det var ulike meiningar om kva som hadde skjedd og kva som var bakgrunnen for rettssaka.

       Ein viktig del av rettsforhandlingane var avhøyr av vitne , og det vart ført fram kvinner og menn både frå Tau-sida og Talgje-sida. Det vart presisert at det som vart fortalt, var i samsvar med det som «gammelt folch baade mend och quinder haffuer beredtett, och aff theres forældre hørt haffuer».

Vi får såleis informasjon om ting som skal ha skjedd, eller om bruksformer fleire generasjonar før rettssaka i 1597. Som vi måtte venta, var det ulike oppfatningar på Talgje-sida og på Tau-sida, slik det er vist i omtalen av Olav Nilsson ovanfor.

Fleire av vitna fortalde at gardane på Talgje hadde hatt sine stølar og drive stølsdrift i Tøgjemarka. M.a. vitna Ingeborg Hansdtr. På ‘’Bøle’’ att ho hadde tent hjå Gunnar på Tau då ho var 15 år, og sidan hadde ho tent hjå Rasmus Bjørnson på Gard.

Ho fortalde at når kona til Rasmus, Inger, ikkje ville støla sjølv, leigde ho bort stølen til folket på Runestad og fekk to pund smør i leige.

Frå Tau-sida vart det lagt fram eit brev der Jon og Anders Helgesøner vitna at mora, Helga, hadde tent på Gard i åtte år. På den tid hadde husbonds-folket brukt stølen, men samstundes hadde dei betalt ein laup smør i grasleige.’’

Den fyrste husmannen som er omtala heitte Laurits Lauritsson

og budde her saman med kone og fire born.

Den mest talrike familien som budde her var på heile 13 ungar!

Eg kan nevne at eg målte opp den eine grunnmuren kor eg reknar med at hovedhuset stod, og den var omkring 5x5 meter. Ikkje store plassen når ein skal huse opptil 13 ungar!

Litt ovanfor er det ein grunnmur til. Den er litt mindre og det er vel grunn til å tru at dette var ei løe eller anna type uthus. I tilknytning til dette er der ein mindre grunnmur kor eg reknar med har vore ein utedo.

Litt lenger ute i vågen finn ein restar etter eit naust og tilhøyrande båtstø. Med båt så må ein rekne med at fisk var ein viktig del av kosten.

Båt måtte ein og ha for å frakte dyra som skulle beite i Talgjemarka om sumaren og tilbake til Talgje om hausten.

 

‘’Husmennene i Tøgje hadde plikt til å ta seg av sauene når dei vart slepte ut om våren, og halda tal på dei.

Om Torbjørn Gunnarson som budde her i 1840 og utover vert det fortalt at reknekunsten og skrivekunsten var heller skral, men han greidde seg på den måten at han hadde ein stav for kvar saueeigar. Her skar han eit merke for kvar sau, og så var den rekneskapen i orden. Han skulle også vera med når sauene vart klypte, og om hausten når dei skulle førast heim til gards. Som vederlag hadde han rett til å ha to kyr og 8-10 sauer på beite.

Husa på plassen var kleine, og det er vanskeleg å førestella seg korleis dei kunne husa alle. Det er også gåtefullt korleis dei kunne metta opptil 13 barnemunnar i den vesle stova. Det vart fortalt at dei alltid kom og ‘’bad’’ til jul, og også til andre tider. Då fekk dei flesk og pølser av julegrisen, og flatbrød, mjøl og poteter.’’

Sjøl om dei som budde her inne var husmenn, så hadde dei likevel dyr som var deira eigne’’.

 

Som nevnt så vart den fyrste husmannen som budde her inne omtala i 1688 og heitte Laurits Lauritson og budde her inne saman med kone og fire born.

Frå 1688 og fram til 1905 budde det i alt 16 familiar i Tøgje.

Den siste husmannen med familie – den 16. i rekka – heitte

Eivind Leversen Talgø. Frå folketeljinga i 1900 står han oppført som ‘’husmand og fisker’’. Han var født i 1846 og budde her med familien til 1905. Kona hans heitte Marie Levardsen Talgø og var fødd i 1841. Samtidig budde og sonen, Laurits Evensen Talgø (født 1869) som var gift med Karine E. Talgø (født 1873). Dei fekk 2 barn.

 

Rundt 1905 flytte dei til Alsvik og fekk seg bruk der. Huset i Tøgje tok dei med seg og sette det opp att i Alsvik.

Svend Svendsen Amdal født 1876 på Amdal var gift i 1903 med Laura Eivindsdatter Tøge født 1882. Dei fekk 10 born der den eldste sonen,

Sverre Larssinius, vart fødd i Tøgje i 1903 og er den siste som vart fødd her inne.

I 1905 flytta familien til Amdal.

Seinare vart Talgjemarka nytta til beite for sauer og hestar, men no er alt dette historie. Under siste krig vart Tøgje selt til Oluf Watne frå Høyland, men han fekk ikkje konsesjon og selde like etter, i 1947, til Strand kommune. Salssummen var 24000 kr. – ein rimeleg pris for 2000 mål!

Til slutt kan nemnast:

Rundt 1400-talet vart vågen nytta som gøymestad for båtar som dreiv med kaperfart, ein framifrå gøymestad.

Det same fann tyskerane ut under krigen at det var ein fin plass å gøyme mindre båtar. I så måte ei gunstig havn i nærleiken av Marshove.

I dag er Tøgjevågen ei lun havn med eiga gjestebrygge for fritidsbåtar.

 

Kildemateriale til denne artikkelen er henta frå:

Bygdebøkene ‘’Folk i Strand’’ og ‘’Finnøy’’

Hovedbygning

Hovedbygning

Løe - uthus

Løe - uthus

 

Løe - uthus

Grunnmur for båtstø.

Fra båtstøa

Fra båtstøa

Tøgevågen bildet er hentet fra nettet.

 

 Fylkesvei 523 kommer fra Tau og går nordover. Kart hentet fra 1881 på nett.

Joomla templates by a4joomla