Fra Ætt og Heim 1968, av Jon Bergsåker.
Det er gjerne eit noko uklårt spørsmål i vår jordbruks- og for så vidt i vår kosthalds-historie kor breidt rom nepa hadde i dyrking og som dagleg mat tilbake i hundreåra og før poteta vann sitt rådande rom i så måte. Svenske etnologar, som ein gjerne vil søkja til etter opplysning når det gjeld spørsmål av slikt og liknande slag, så medvete granskingsarbeid det gjennom årrekkjer er dreve på svensk område, dei tykkjest ikkje ha noko fullt overtydande samsvar i sitt syn på tilhøvet nepe — potet i hushaldet. Gösta Berg (Potatisen och rovan) meiner såleis at ein bør vera varsam i vurderinga kor vidt nepa som mat vart redusert ved potetene, då dei kom inn i hushaldet. Ein må skjøna han slik at han lite vil tru at poteter avløyste nepe i så måte. Bruken av poteter førde meir til eit redusert kornforbruk. Frå svensk område vert det såleis nemnt korleis ein frå første helvta av 1800-åra — då potetene hadde «slege igjennom» — fekk ein stogg i den stendige auken i kornforbruket som ein hadde hatt i tida føreåt. Arthur Montgomery (Industrialismens genombrott i Sverige) tykkjest sjå det same: han merker seg korleis tida med redusert kornimport fell saman med den sterke ekspansjonen i potetdyrkinga, og at det kan vera grunn til å sjå ein årsakssamanheng i det.
Gösta Berg understrekar sakte nepa i hushaldet, men i høve til potetene tykkjest han ikkje vilja gjeva nepa det romet som ein må få inntrykk av at Sigurd Erixon (Landbruket under historisk tid) er inne på: «Hos romarna synes den ha varit ett viktigt födoåmne och under medeltiden liksom under nyare tidens förste århundran fore potatisens införande utgjorde den en betydelses-full beståandel i folkkosten både i Mellan- och Nordeuropa».
Sakte skal ein også vera merksam på opplysningar om nepe som krøterfor, — men ein veit då at noko brei bruk i så måte høyrer eit meir avansert jordbruk til.
Visst er det i alle høve at nepe har vore dyrka på nordisk område i mange hundre år før potetene kom hit. I Uppsala botaniske hage er det oppgjeve at det fanst potetplante i 1658, — og elles høyrer ein frå 1600-åra om potetplanten som prydvokster i svenske slottshagar. I 1724 veit ein at det vart dyrka poteter til mat i Sverige, og at det vart sett inn opplysningsarbeid for å spreia denne matplanten. På norsk område har ein vitring om dyrking av poteter i åra kring 1750. Men nepa har ein litterære opplysningar om både i Norge og Sverige frå 1200-åra. Den norske landslova av 1274 omtalar nepa. Den svenske Götalova har også føresegner om nepedyrking, der det vert peika på kor stort nepe-areal ein skal ha, med trugsmål om bøter dersom ein let vera slik dyrking. Gösta Berg vil likevel sjå desse lov-orda meir som propaganda for nepedyrking enn som føresegn i høve til faktiske omstende.
Det er likevel rimeleg å rekna med nepe-dyrking på nordisk område fleire hundreår før ein finn nepa omtala i lovverket. Det kan vera sumt som tyder på at nepa har vore kjend på nordisk område alt i vikingtida. Då byggjer ein også på meir språklege vurderingar, såleis at nepe på norsk og islandsk (og samisk) er lånord frå angelsaksisk og at vikingar i vesterveg kan ha lært nepa å kjenna i England. Svensk rova og dansk roe skulle tyda på samanheng med lågtysk ord for denne planten.
Den norske kosthaldshistorikaren Fredrik Grøn nemner frå mellomalderen døme på korleis nepa har vorte nytta til mat, — både som nedsalta nepe og tilferda som eit slags surkål. Ein høyrer også om nepe kokt som graut, — det veit mellom anna Petter Dass å fortelja om frå Nordland. Frå svensk område høyrer ein om korleis nepe-velling var vanleg mat hjå bønder i Småland i 1700-åra, og ein har svenske oppteikningar om både steikt og kokt nepe.
Ein må også nemna den dampkokte, den tørrkokte nepa som har vore i brei bruk i Rogaland og som ein kjenner til frå Hordaland også. I Rogaland er det i den søre delen av fylket ein har tradisjonen om den tørrkokte nepa, som vart brukt attåt brødmat, t.d. på flatbrød, og elles attåt middagsmat også. Spesiell brei bruk tykkjest slik nepe-mat ha hatt som «pålegg», opp-skoren i høveleg tjukke skiver. Ein vil gjerne sjå denne bruken av tørrkokt nepe — som har halde seg langt inn i dette hundreåret i deler av Rogaland — som minning om kokt nepe med sterkt feste i det gamle matstellet.
Kor sterkt nepa stod i så måte — før potetene — kan ein også finna opplyst m. a. frå Setesdal. Johannes Skard fortel at dei «reidde mykje av eple, reidde stampegraut. Men næpone vilde dei inkje vera av med: Mi halle epli goe; men ti undesuvl halle mi næpunn bet'e ....»
I freistnad på å underbyggja det synet at nepa må ha hatt breidt rom i matstellet i tida før potetene, tykkjest ein også kunna finna støtte i gamle rettsprotokollar. Såleis frå Rogaland: bytinget i Stavanger vedtok 21. oktober 1720 konfiskasjon av 60 tønner neper: «Efter Byens Privilegiers og Sagens Beschaffenhed, at forbemeldte Næper eller Roer, hvilche er en spise som alle her i Byen boende særlig de Fattige, nødvendig behøfver til deris Husis Underholdning, bør være confisqveret».
I samband med denne saka i 1720 får ein også opplyst at det serleg var frå Finnøy det vart tilført Stavanger neper, og ein får utsegn om kor viktig ein også i byen såg nepa som mat.
Breidd over bruk av nepe i kosthaldet i framfarne hundreår finn ein også opplysningar om frå Rogaland i 1600-åra. I ei kost-haldsoppgåve for Stavanger hospital finn ein — etter Sem Aus-trumdal — mellom maten for 9 personar i tida 15. mai 1613 — 1. mai 1614 fem tønner, d.v.s. 540 kg nepe. Det tilsvarer ein dags-rasjon året rundt på omlag 0,2 kg. — eller nærare 75 kg. nepe pr. år pr. person. Ein «indeks-familie» i Stavanger i 1600-åra brukte såleis omlag 300 kg. nepe årleg i hushaldet, må ein tru, meddi ein då går ut frå at dei brukte like mykje nepe i vanlege hushald utanom hospitalet, — rimeleg mat etter måten som nepe var: Prisen på nepe den gongen var 20 skilling tønna, — det tilsvara 2,5 kg smør. «Prisen er so pass rimeleg at det lyt ha vore dyrka ikkje so lite nepa i Rogaland», meiner Sem Austrumdal (Mynt, mål og landskyld).
Ein høyrer frå gamalt gjerne om dyrking av nepe utanom dei vanlege åkrane på heimejorda. Frå Suldal er det såleis opplyst om nepefrø i buhagen. I tradisjons-oppteikningar frå Rogaland høyrer ein om breisåing — og om korleis det var vanleg å blanda nepefrøet med oske. Frå nordisk jordbrukshistorie er det elles velkjent nok korleis nepe kunne vera bråte-vokster. Ein veit også om breidd over nepedyrking i det finske svebruket. Då var det oska som gjødsla, — og det kan då nemnast i samband med den tradisjonelle skikken som heldt seg i Rogaland med å blanda nepefrø og oske.
Jon Bergsåker.