Kva har forandra Norge mest – kraftutbygginga på byrjinga av 1900-talet eller oljeutvinnga mot slutten av århundret? Utan tvil: kraftutbygginga. Den gav oss elektrisk straum, ein nødvendig føresetnad for heile det moderne samfunnet, og den gav landet nye industristader rundt omkring i bygder inst i dalar og fjordarmar.
Eit av dei tidlege, store kraftutbyggingsprosjekta var anlegget i Flørli, og det var ikkje utan grunn: Landskapet rundt Lysefjorden er perfekt for kraftutbygging, påpeika Tora-Liv Thorsen i sitt foredrag om Flørli-utbygginga for meir enn 80 frammøtte i kinosalen i Torghuset på Jørpeland måndag 16. oktober. Prosjektet byrja i 1914 med at forretningsmannen Einar Meling frå Stavanger kjøpte garden Flørli for 16.000 kroner. Meininga var å bygga eit kraftverk som skulle skaffa straum til eit smelteverk som skulle produsera ferrosilisium til eit stålverk i Duisburg i Tyskland.
Kraftverket fekk konsesjon i 1916, og utbygginga kunne byrja. Kai og hus skulle byggast nede i Flørli, og ikkje minst skulle det byggast ei røyrgate med eit fall på 740 meter. Det var ingeniørkunst av godt merke, men først og fremst var det eit umenneskeleg slit som Tora-Liv Thorsen fekk formidla på levande vis til tilhøyrarane. Blytunge bører øydela mange ryggar, og betalinga var mest ikkje til å leva av. Anlegget i Flørli var og er imponerande og spektakulært, men det måtte eit blodslit til for å få det ferdig. Det var dei slitarane som var dei verkelege heltane i Flørli, meinte Tora-Liv Thorsen.
Kraftverket blei ferdig og kom i drift i 1918. Men det planlagde smelteverket blei det aldri noko av. Då første verdskrigen gjekk mot slutten og Tyskland såg ut til å tapa, fekk tyskarane mindre bruk for stål, og stålverket i Duisburg trekte seg frå planane om smelteverk i Flørli. Men straumen blei det bruk for – i Stavanger. Med endå meir slit blei linjer spent over fjell og fjord til kraftverket som Stavanger Elektrisitetsverk alt hadde i Oltesvik. Derfrå kom straumen vidare til Stavanger, der den gav lys og varme både til heimar og industri, ikkje minst hermetikkindustrien. Slik la straumen frå Flørli grunnlag for ei ny tid i Stavanger, slik kraftutbygginga i det heile ga nye tider for heile landet.