Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Minne frå Førre 1944 - 1945

50 års minne frå Førre 1944 - 1945

(Landslaget for Historie, Minneoppgave for eldre 1996)

Forteller: Bjarne Høyvik

I forbindelse med minneoppgave for eldre, født før 1930, utgitt av landslaget for lokalhistorie i samarbeid med Norsk etnologisk gransking, kor eg deltar, skreiv eg litt om Førre. Men eg vil her skrive en meir utfyllande historie.

Ein byrja å arbeide tidleg. Eg byrja med skogsarbeid frå 15 årsalderen, på Jelsa, Åradal Hamra­Vadla, og sist Førre. Førre ligg i botnen av Jøsenfjorden. Der har det til uminneleg tider vert ferdselvei over fjellet til Bykle i Setesdal. I seinare tid med hytta i Blåfjell og turiststasjon hos Johne Førre.

Førre består av 2 mindre bruk, med store heia-områder. Gardane har vert bebodde frå 1700­tallet, så Johne namnet går tilbake fleire generasjonar. I seinare tider har Johne og Fina budd på den nederste garden, og Olaug og Jonas, sonen til Johne, på den øverste garden, med 60-70 meter avstand.

Fina og Jone Førre tar en pause i onnearbeid på gården

Huset som familien Jonas Førre bodde i. Det er nå i bruk som feriebolig.

Førre hadde vert ein fredeleg plass å bu, men var ofte innestengt frå uteverden på grunn av uberekneleg fjord og uframkommeleg fjell.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Men så vert det ufred. Førrefolket var motstandsfolk, dei tok imot motstandsfolk av alle slag som måtte søka dekning for seg og utstyr som ikkje måtte komma i hendene på gestapo.

Det ramma Førrefolket ganske hardt, med arrestasjonar av familien, og arrestasjon av arbeidsfolk som Peder Grønnevik, sonen Bjarne, og Vilhelm Tveitarå. Difor er det all grunn til å fortelje ein del av det som hendte her i Førre, ting som ikkje har vert kjent, eller var upåakta utan betydning. Kjellaug Førre Høyvik og eg er dei einaste gjenlevande til dette.

 

Disponent Petter Ravn i vedhogstnemda i Stavanger skulde ta ut 1000 til 1200 famnar ved i Kreppingdal, veden skulde gå til bedrifter, private og til knott. Elve løyping var lenge på tale i 1942-43, men det ville medføre mye svinn ettersom det er ei stor elv. Det vert difor valt Taubane. Der var 3 kilometer til hogstfeltet i Kreppingdal. Der vart oppsett ei stor tømmerhytta som me skulde bu i. Me var 3 lag der oppe, Ola Fatnes frå Hylsfjorden med 8 mann frå Hommersåg Brødrene Kvestad og Finnseter, Nils Tysse Mondstad Skjærahaug og eg me var således 17 mann i hytta. Me halt til på søre sida av elva, langt opp over lia, me brukte løypestreng, til å fira ned veden til banen.

Taubane var litt av eit anlegg svære kablar, reiser utover svære juv med ei brusande elv nedunder. I tillegg vinkel på den siste delen. Her måtte der fagfolk til, Peder Grønnevik var ekspert på taubaner i Ryfylke. Han fekk med seg sonen Bjarne, Vilhelm Tveitarå, Ottar Høyvik og ei tid brødrene Øystein og Leiv Jårvik alle frå Jelsa. Dei starta i 1943. Ved sjøen var det ikkje starta endå, der sko riggast opp ein svær dampmaskin til drift av banen. Det var brødrene Kornelius og Harald Hagen og Kåre son til Kolle. Alle frå Jelsa.

Etter att Jonas Førre vart tatt av tyskerane, var Peder ein tur heime i Grønnevik. Han var då ein tur til naboen og slektningar på Nådland, og spurde Johanna, min forlovede, om ho kunne komma til Førre for Olaug var åleine med 2 små barn, Svanhild 4 år og Asbjørg 2 år. Johanna er søskenbarn til Olaug.

Hjem fra tysk fangenskap i maidagene 1945.
Fra venstre: Olaus Rødlende, Fina Førre, Jonas Førre og Knut Gil

Eg kom til Førre i første halvdelen av Oktober 1944, og stasjonerte i hytta i Kreppindal, men det skulle bli forandring på det. Varene frakta Knut Gil til Førre.

Ein søndagsmorgen var det min tur til å gå til sjøen og henta varene. Det tok ca 1 time kvar veg, på nedturen stoppa eg i stova til Peder og dei andre, hos Olaug. Det var godt kjente folk, Peder og far min var i årevis saman på skogsarbeid, og Bjarne og eg var skulekameratar. Etter i stund tok eg rypesekken og drog av garde til sjøen. Finnseter var gått ei stund føre meg. Då er var kommen ca halvvegs såg at Finnseter snakka med ein del folk før han gjekk videre.

Eg stussa då eg såg 10 - 15 tyskerar, eg ville gå vidare, men nei takk. Dei var interessert i rypesekken min. Det bar rett i stova til dei 3 som var der. Opp i mot huset spredte tyskerane seg og ornringa huset. Ein del tok oppstilling av huset med våpna klar. Hollscher tok sikte på stova der Peder; Bjarne og Vilhelm var. Olaug og Johanna blei beordra inn i stova. Johanna ville gå ned til Malli, men blei snart sett på plass. Det var ikkje særleg triveleg. Dei vart nok forundra i stova, då eg kom med følgje mitt. Olaug og Johanna vart henta inn. Etter ei stund drog 3-4 tyskerar avgarde med Vilhelm.

Tyske soldater i Norge 1941. Illustrasjonsbilde.

Etter ei tid kom dei tilbake med ein del utstyr: 2 gevær, radioledningar og anna samband utstyr. Høllscher vart rasande, men gjorde ikkje noko. Ein del av tyskerane tok Bjarne med seg, uten handjern, og Ottar Harry og eg måtte fylgja med til sjøen. Ca 100 meter frå brygga vert det stopp, opp i ura, Bjarne først så oss andre omkransa av tyskerer. Lageret låg under eit overheng eller hidler i ura, ca 10-15 kassar. Fleire av dei var 1 meter i omkrets, ein del mindre, dei var veldig tunge. Der var også proviant hermetikk. Bjarne var som vanleg i godt humør og ved godt mot.

 

Tyskerane var ikkje med på å dra på kassane. Dei skulle passe på oss, især på Bjarne. Den eine var veldig utidig med han. Då fekk eg høyra det gamla ordet: Din drittstevel. Heldigvis forstod ikkje dei ikkje han. Han beundra den svære tyskaren med den svære hua som sto oppe på ein stein å skaut i lufta. Etter ei stund kom tyskarane med Peder og Vilhelm, alt vart frakta ombord i fartøy ein sverte slupp, ikkje gestapo båten eller ekspress som dei ofte bruka.

Dei vert førde til gestapo-kjelleren, til harde forhør, før dei vert sende til Grini. Den som var hardast behandla var Peder. Ein kan tenkje seg kva det hadde blitt til dersom Peder hadde sprokke med 6 krag Jørgensen gevær og eit par andre gevær. Desse geværa tilhøyrde Jelsa skyttarlag og vert frakta av far min og bror min til Grønnevik. Peder var formann i skyttarlaget då, dei låg nedgrava i ei ur men der var litt fuktig, så Peder frakta lageret til Førre. Utan om dette var der andre geværer som låg i ein slagbenk på låven. Det skapte uro blandt kvinnfolka då Ekspress båten med Gestapo var på rassia i fjorden. Så geværene blei godt gøymde.

Hadde Peder sprokke under forhøret, hadde det gått riktig ille med han og fleire av medlemmene til skyttarlaget på Jelsa, Georg Fjeldberg vart henretta for mindre lager en dette. I denne forbindelse snakka eg med Kjellaug Høyvik etter 51 år, og Johannes Grønnevik son til Peder, som gjerne ville gi opplysningar om opphaldet på Grini og andre ting, og korleis familien opplevde dette. Det einaste Peder sa var; -Krigen er slutt, la oss legga dette bak oss.

 

Då båten med fangane for ut fjorden, rusla me oppatt, eg til Olaug og Johanna. Eg tok turen opp til Kreppingdal og orienterte dei. Me vart einige om å flytta ned til stova hos Olaug, som fangane hadde hatt. Det vart då lengre skogsvei, men kunne hjelpa til der det trongs, med å skaffa ved. Dertil fekk me god kontakt me Malli og Kjellaug, Ottar og Harry Hansen frå Vikedal på nederste garden. Arbeidet i skogen gjekk vidare, men arbeidet på taubanen vart forseinka;det var Brødrene Hagen som måtte overta banen, så maskinen for drift kom ikkje gong før etter nyttår. I tillegg til Johanna og meg var me 11 personer fra Jelsa, 2 ifrå Erfjord, 3 frå Suldal, 1 frå Vikedal og resten frå Hommersand.

Ut over hausten var me helst innefrosne for isen i fjorden, men me hadde tenkt oss heim til jul. Kjellaug, Ottar Johanna og eg. Isen var usikker, så me hadde med oss ein robåt, me drog etter oss, då isen brast, hoppa me i båten og staka oss fram til sterkare is. Det var litt av ein tur, me bruka 10 timar ut til Haua (Hauge). På tilbake turen reiste me om byen etter nyttår 1945, då var me fleire stykk, difor gjekk Fisterfjord inn til Førre med oss.

Det vart vanskelegare å få varene inn til Førre, etter att Knut Gil vert arrestert og på grunn av isen i fjorden, men det vert ordna på eit vis. Karbid til lys i lyktene og kval spekk til maten fekk me av vedhogstnemda.
Tida gjekk utan fleire severdigheter ut over etterjulsvinteren, mye snø i Kreppingdal seinka arbeidet ein del, dessutan vart me som ein søskenflokk me som var igjen i Førre.

Etter å ha vore heima med helga, reiste ein del av oss til byen søndag 8 april. Me skulle til Førre på mandagen derfor overnatta me i byen. Me forsto att noe var i gjerde, me opplevde frigjøringsdagen i byen, og reiste til Førre 2 dagar etter. Me var ikkje heilt ferdige med veden og måtte difor forsetta med løypingen av veden.

 

Etter nokre dagar kom Johne og Fina og Jonas heim. Litt etter kom Ranvald Mack for å henta eit par engelske karabiner, like ledes 2 russerer, ein heite Alexiglaki den andre huska eg ikkje namnet på nå. Han snakka tålig godt norsk. Dei stansa i stova vår ein dags tid. Jonas Kack og eg tok så ein tur inn til Blåfjell eit par dagar. Ut på vårparten kom Peder og Vilhelm til Førre Det første Peder sa var att han hadde venta oss på Grini. Høllscher hadde trua med å reinska ut mannfolka i Førre, han hadde vert der inne 4 gonger.

På bilete frå venstre: Bjarne Grønnevik, Peder Grønnevik og Vilhelm Tveitarå

Peder og Vilhelm hadde veldig lyst til å dra til Blåfjellhytta ein tur. Peder hadde også eit ærend å gjera. Det nytta vel ikkje det sa Vilhelm for me har verken ski eller gevær. Me låne ein par her, så har 2 par ski liggjande på Svarthei sa eg, og eg skal skaffa gevær sa Peder.

Me starta turen i ei ur på sida av stien. Opp i mot Kreppindal låg 6 gevær til Jelsa skyttarlag, og dei var fullt brukbare. Turen var vellukka, me overnatta i Blåfjeldhytta og gjekk neste dag på tur, me var godt kjente alle 3 så me skilde lag. Strålande og varmt vær, Peder gjekk over Sandalsvatnet til Reinstølsvatnet og Beinleivatnet. Eg gjekk til Årdalskrumlevatnet og Storådalen. Vilhelm gjekk nord over til Blåfjeldnuten, og der sat han mutt aleina til kl 11.30 om kvelden. Me reiste heim neste kveld, med bører. Eg trur att denne turen satte dei i stand til å fungere vidare.

 

Jon Førre var en flittig kurer i etterretningstjenesten. Han døde uventet av polomyelitt høsten 1944, samtidig som Gestapo slo til mot Førre og sendte hans foreldre og andre til Grini.

Eg var i Førre til ut på haustparten, og var då med i kranspåleggingen på grava til Jon. Der var mye motstandsfolk til stede, slekt og venner med avduking og flaggheising.

Motstandsfolk frå heile Rogaland og andre var til stede. Mange av motstandsfolka kom inn med ein destroyer eller kanonbåt. Det var Johannes Harestad frå Randaberg, bur nå på Jørpeland som var skipper på båten, ein del av motstandsfolka drog til Førre, ein del låg om bord og andre i løa.

I begravelsen til Jon hausten 1944, var Hollscher tilstede. Hollscher brølte til mora til Jon: «Ser du kva sonen din har stelt til her inne». Då svara Fina: «Veit mor di kva du har stelt til her inne»50 år etter dette, i mai 1995 var der mye folk samla til minnestund på Vadla med taler og diverse. Dei skulle minne 50-års dagen for freden, med bekransning av grava til Jon.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det som forundra meg, var att dei gjenlevande søstrene, ikkje var innbydd til høytideligheten ved grava til broren. Dei viste det ikkje før etterpå.

Det er som sagt over 50-år sidan, og dei 3 som her er omtala er borte nå. Men la dette bli kjent for befolkningen i Rogaland, la dei få den ros og oppmerksomhet dei fortente, om det er litt seint nå, men for etterslekta, familie og venner og ikkje minst søsken, barn og barnebarn.

Jørpeland 22.1.1996. Bjarne Høyvik.

Jone Førre og andre løslatte Grini-fanger i Stavanger, mai 1945

Det var i 1944 når Førrefolket allerede var tatt og ført til Grini at far som og var i Førre kom heim ei helg. Me såg på han at noe var galt, han var mutt lite prat i han, han regnet nok med at der ville skje fleire arrestasjoner der inne, men av kven?

Det var denne søndagen han reiste heimanfra, mor og me barna følgde ned mot brygga, som var første gong me som barn såg at far tok mor og ga henne ein god klem før han gjekk ombord i båten, han snudde seg fort vekk, han såg nok alvoret då.

Far hadde påtatt seg for Stavanger Vedhogstnemnd å byggje ein taubane til å frakte ein masse ved som de skulle hogge der inne frå Kreppingdal tit Førrebotnen (sjøen)

Far visste om ein del som foregikk, men kva meir??

Det var mørke skyer som hang over Førre. Han hadde hørt skriket frå dei som ble tatt tidligere når de ble torturerte i Jonehuset. Der var ingen nåde eller fin behandling dei fekk. Kledd av og banket med knudrete kvist/greiner, arrestert og ført til Stavanger.

 

Ei tid seinere kom arrestasjon på nytt til Peder Grønnevik, Bjarne Grønnevik og Vilhem Tveiterå, dei budde i huset til Jonas Førre, sønn av Jone. De ble ført til fengselet på Lagårdsveien - til  forhør om ting som gjekk sterkt inn på far. Han hadde anger for at det var han som hadde stått på for å få Bjarne med seg for lenge fra arbeidstjenesten sin. Der gjekk rykter om at de skulle inn for arbeidstjeneste og så til Russland der tyskerne hadde store vanskeligheter.

Han tenkte nok og på mor og oss barna om me blei arrestert, han visste kva som låg hjemme i forvaring. Far var formann i Jelsa Skytterlag og han fekk 6 stk Krag Jørgensen børser i forvaring. Nå forlangte tyskerne alle skytevåpen innlevert til lensmannen.

Ein dag sa far; du Johannes får ta børsene å gå til lensmannen med, men ikkje ta dei beste. Far var ein ivrig skytter og hadde privat 1 stk Krag Jørgensen, 1 Remington, 1 Winchester samt 1 hagle. Johannes tok 3 av dei og gjekk til lensmannen med. Han spurde då om det var alt, og eg sa ja. Når far kom heim om kvelden spurde han meg kva eg hadde bore ut, eg svarte som sant var, men han likte ikkje at Remingtonbørsa var borte.

Børsene til skyttar-laget vart gøymt av og tatt fram etter krigen.

Eg kan tenke meg far sine tankar, viss noen av oss heime hadde blitt tatt, kva då med oss og andre medlemmer i skyttar-laget?

Far likte aldri å snakke om den tiden han var i fangenskap på Grini, han brukte å sei at nå er krigen slutt, nå får med gløyme hatet, tilgi - og se framover.

 

Bjarne fortalte sjelden noe uten at eg spurde han. Det var tre ting eg husker spesielt han fortaIde; Me holdt på og drog på taubane kablene opp over dalen, der ble ein pause og, eg sprang nedover mot elva for å drikke vatn. Nede ved elva bak ein stor stein satt der 2 mann. Den eine spratt opp rettet ein revolver mot han og kommanderte han vekk, dei såg begge det var kjente ansikt.

Bjarne sa han trodde dei sendte melding over eller dei hadde ladeanlegg for batterier der. Eg kom meg fort vekk.

Bjarne fortalde og et par ting fra Grini; Han hadde innetjeneste ein dag og skulle blant annet sope golvene i kjelleren der det var lagring av poteter og kålrot. Når han var ferdig og var på vei ut såg han der låg kålrot på golvet som ikkje låg der då han kom inn, han bøyde seg ned, tok den opp og fekk seg dermed et slag i hode av ein tysker som hadde stått gjemt bak ei dør. Det blei altså ingen kålrot på Bjarne den gang...

Men der var og snille tyskere/vakter. Han var og på skoghogst ein dag sammen med ein vakt. Dei skulle hogge noen tre som måtte bort. Bjarne dreiv på men kreftene var små, plutselig tok tyskeren børsa si og ga til Bjarne og tok øksa og hogde resten av det som skulle vekk. Eg vil tru det hadde vært det siste den tyskeren hadde gjort viss noen befal hadde sett det.

Den tyskeren snakket litt norsk og fortalde Bjarne at han var ikke glad i krig og hadde mistet sin familie i bomberegnet over Berlin.

 

Litt om Bjarne sin tur fra Grønnevik til Førre i dulgsmål

En dag kom det ein mann og ga meg ein rekvisisjon på dieselolje som eg skulle kjøpe inn til motorbåten min i tilfelle det skulle komme noen sjukeskyss med pasienter som skulle til lege. Olja vart innkjøpt omgående av meg, eg var då ikkje klar over at det var min egen bror Bjarne som skulle føres inn til Førre.

Ei stund etter kom samme mann til meg og sa at eg nå måtte ha båten klar for transport til Førre og at det var broder Bjarne som skulle inn om kvelden. To mann til skulle være med, det var Bjørn Nådland og Kristoffer Tveitarå. Denne turen måtte absolutt gå upåakta av andre i bygda.

Båten min var åpen med benker på sidene. Dei 3 passasjerene la seg ned på dørken i båten slik at det bare var eg som var synlig frå land, dette på grunn av at ingen i stripet eller NS måtte se noen. Eg sat som vanlig bak med ror kulten til vi var nær Ombo, dei 3 kunne da sette seg opp og vi drog videre mot Hjelmeland og dreide inn midt i Jøsenfjorden til Førre. Vi kom inn der ved ca 2-tida om kvelden.

Heimturen gjekk om natta på vanlig måte, da fikk alle sitte på benken.

Det blir fortalt at Bjarne sto framme på båten då dei reiste fra Førre for å frakte dei til Stavanger for fengsling. Han ropte til de gjenværende som hadde fulgt de ned til kaien når båten gjekk fra kai.

"Gud bevare Kongen og Fedrelandet".

Eg vil tru at tyskerne ikke oppfattet dette i all motorlarmen.

Flere av bildene er hentet fra boka: A. Haga, Fristed for fredløse.

Fangeleiren(Polizeihäftlingslager) Grini

 

 

Joomla templates by a4joomla