Det var stor legekraft i somt av det kyrkja åtte. Best i så måte var altervinen. Den kunne lega mest alle sjukdomar, men ikkje helsott. Ho høyrde lagnaden til, og mot den var det inga råd.

Altervinen må ha vore ettersøkt, for det vart sett strenge forbod mot å ta eller gje bort altervin. Det som kunne skrapast av kyrkjeklokkene var god medisin. Det var også eit godt middel mot kjærleikssorg. Den eine kyrkjeklokka i Vosterkyrkja vart etter brannen hengt opp i Strand kyrkja. Det vart fortalt meg at den eine sida til slutt vart tynn skrapa. Ho fall sidan ned og måtte støypast omatt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Knut Strand fortalte etter ein gamal granne. Hoveddøra i den gamle kyrkja hadde mange bokstavar innskorne.
Det skulle vera namnebokstavane for folk som på den måten søkte hjelp i sjukdomar eller anna vondt. Det var også innslegne mange tenner. Det heitte å vera mest barnetenner. Dette skulle vera til hjelp mot tannverk. Ein neve mold frå vigd kyrkjegardsjord  skulle vera beste  medisinen mot husdyrsjukdomar.