Det var ikkje berre på Barka og Tau dei stelte vel med  haugabonden. På Amdal hadde dei ei eige seng til han i bua. Han var særs kveldsvevd og kravde tidleg ro på garden. Fekk han ikkje det, vart det ikkje greit for nokon. Alle var så redde for å uroa han om kvelden at dei gjekk mest på tærne. Noko vidare arbeid kunne dei ikkje gjera, og tala høgt torde dei ikkje. Det var snautt nok dei torde kviskra.

Så kom det ein skomakar til garden for å stella skorne. Han måtte også ha seng for natta. Men den ledige senga stod også i bua, og der torde ingen liggja. Skomakaren visste at tunkallen hadde senga si der og at han var særs var på svevnen. Dette brydde skomakaren seg ikkje om. Den puslingen ville han ikkje bry seg med. Då han gjekk for å leggja seg, slo han budøra hardt att. Han merka ikkje noko straks, men like før han heldt på å dorma av, byrja levenet. Det vart ei fæl skraping på utveggen. Han tykte det lyddest som nokon stadeg køyrde forbi med eit vedlass og at kvister og greiner heldt på å skrapa langs veggen.

Skomakaren var trøytt og freista lata vera å høyra etter, men skrapinga og romlinga langs veggen auka berre på, og han fekk ikkje blund på augo heile natta. Han fekk truleg angra at han hadde slege så hardt med budøra om kvelden.