Treff: 4888

Fra : Soga um Strand av Holger  Barkved.


I Marshove budde det ei gygr. Ho var so stor at hælen hennar syner i Nagklubben og tærne i Idsetangane. På Tau var det i den tid ein gamal heidensk kultusplass.

Olav Haraldson kom ein gong dit og skulde gjera ende på heidenskapet. Han kom i land på Tauravågen, men gygra sette etter han. Skipet til Olav for som kjent like godt over land som på sjøen. Han tok då upp over heida, og merket etter skipskjølen syner den dag i dag. Plassen heiter no Kjøldal. Men aust for Amdal stod det reist ein steinkross, og denne kom ikkje gygra frarnum. Olav stogga i Voster, og til minne um dette vart det seinare bygt ei kyrkja som vart vigd til Heilag Olav.

Då Teobaldus tok til å reisa Kristkyrkja i Stavanger, var gygra i Marshove so pågåande at Teobaldus selde seg for å få fred medan han bygde. Kunde han gjetta kven som skulde koma og henta han, skulde han sleppa fri. Men tida gjekk, og han kunde ingen ting segja. Dagen fyrr han skulde verta henta, gjekk han og grunna. Medan han gjekk over eit berg, høyrde han barnegråt, og so song med brummande røyst:

«Ro ro, liden kind! (Lite barn.)
i mårå kjerne fæle finn (den vonde)
far din me sol å måne (dei heidenske merke) 
te båne.»

Soleis fekk han greida på kva han skulde svara (fæle finn), og dermed var han fri. Risen og gygra tok då upp kampen mot sjølvaste krossmerket og kyrkjeklokkone. Dei tok på å kasta stein. Den fyrste var på storleik som eit vanlegt hus. Den fall ned på Bergaland.



Kongsteinen på Bergeland sett fra Breivatnet. (Dreyer bok)

Den andre var langt større. Den fall ned tett ved kyrkja og slo eit stort hol i jorda. Dette rann sidan fullt med vatn. Det heiter no Breiavatnet. Då tok gygra seg hardt på tak, reiv laust eit stort fjellstykke or Marshove og vassa ut over Hidle­fjorden. Men då ho var kome halvveges, vart ljoden av kyrkje­klokkone for sterk for henne so ho laut sleppa steinen. Han ligg der midt i fjorden og heiter Horje. Merket etter klypen hennar syner den dag i dag. Ho rymde då inn over land og upp mot Tysdalsvatnet, og ho seig meir og meir saman. Då sa ho:

«Tog eg hart i ebne
myste tonge stein, 
kjorkjeklokkedn skar meg
jubt i merg og bein.
Hidlefjoren meg gjekk te kne, 
men i Tysdalspytten der sok eg ne.»

Kannikkane i Stavanger vilde ikkje at ho skulde koma attende. Dei stengde då vegen for henne med to store krossar i fjellet. Når snøen har smelta på fjellet, ligg han att i krossane, og dei syner klårt ned over mot Bjørheimsbygda. Fjellet heiter no Krossen. Men gygra kom seg upp på skreppa si. (No Skreppeneset på nordre sida av Tysdalsvatnet.)
«Der ga hu seg te spøda på reib av berg å stein å sad å ruga på hevn.
Verre blei 'u kjorkjefolkje te mein.»