Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Huldresogor

Huldrefolket var ofte å sjå fyrr i tida. Dei var nedætta frå Adam, men ikkje frå Eva. I bibelen vantar me ei av Mosebøkene. Denne har paven gøymt. Der står fortalt at Adam fyrst hadde ei kona som heitte Lilia. Med henne hadde han mange born. Surne av desse var uvanleg vene, medan andre var ljote. Dette lika ikkje Adam.

Ein dag kom Vårherre og spurde Adam um han skulde få sjå borna hans. Adam synte han berre dei ljote. «Har du ikkje fleire?» sa Vårherre. «Nei,» svara Adam. «Vel», sa Vårherre, «dei som er dulde ska verta te huldre.» Ein kan elles sjå det av vår bibel og at Adam hadde vore gift ein gong fyrr. For då han fekk Eva, sa han: «Denne gongen er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.» Han trong ikkje ha sagt denne gongen um han ikkje hadde havt ei kona fyrr.  

 

 

Frå Furunes, Foto Aleksander Jøssang.

Det er berre eit par år sidan det livde folk i Strand som fortalde at dei hadde set huldrer. Ein av desse fortalde: «Eg kom gåande langs med nordre sida på Åsvatnet. Då vart eg var ein liten gut som gjekk på austre sida av vatnet og fiska. Guten såg ut til å vera uvanleg fin. Då eg nærma meg han, var det som han sko vore sokken i jorda.

Ein annan fortalde at han kom gåande upp Jørpelandsdalen. Han skulde eit ærend til Furunes. Han var ikkje fælen, og fint måneskin var det. «Best det var, såg eg tolv små menneskje framfyre meg. Dei var alle gråklædde. Eg skunna på og vilde nå dei, for eg kom ikkje på noko gale, men so med ein gong var alle burte.»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ei gamal kona fortalde at ho tente på Vaula i ungdomen. I den tida såg dei ein ljoske i Bjørkeneset å segja kvar einaste kveld. Der bur ikkje folk, so anna enn underjordiske kunde det ikkje vera. «Men me var so van med det at me tykte det var 'kje meir enn som tilhøyrde,» sa ho.

 

Elles var det mange stader det var utrutt.  Men verste plassen var likevel Trodlahaugane midt millom Tjøstheim og Vaula. Mange rare ting har folk set der. Ein gong tok trolla der ei livande gjenta or røyk stova på Vaula; Folk høyrde ho ropa um hjelp, men dei kunde ikkje berga henne. - På Idsal var det ei tid so mykje huldrefolk at dei fann på å skjota dei ut av øya. Dei måtte då halda byrsa bak ryggen og skjota bakover. Såg dei den vegen dei skaut, kom hagla attende. Der var so mange huldrer at dei rodde to fullsette båtar over Idsalsundet. Dei tok bu i bakken på austsida.

Joomla templates by a4joomla