Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Løysa og binda Hinmannen

Ein gong var presten og preika på Høle. Best han stod på preikestolen, kjende han at det var noko gale heime. Han gjorde seg snøgt ferdig og bad skjussfolka ro alt dei orka. Då han kom burt under Strandalandet, såg han at det rann ein strid bekk nedover, og den bekken fanst elles ikkje til.

Det hadde seg slik at prestefrua tykte det vart noko langsamt heime, og so hadde ho funne seg ei bok. Det høvde seg soleis at det var Svarteboka ho hadde funne, og der hadde ho kome til å lesa eit stykke som handla um å løysa og binda. Best som ho sat og las, kom Hinmannen og spurde kva ho vilde. Frua visste vel at det var inga moro å ha den karen gåande laus, for då kom han til å ta henne. Ho laut skaffa han arbeid til mannen kom heim. Det var um hausten, og det stod fullt av kornstaur på alle åkrane. Desse fekk han bod um å bera heim. Men det var gjort på ein augne­blink. So fekk han bod um å ausa tom Prestetjørna. Det gjekk med dagen, men tjørna er kolande djup, so det hefte nok meir enn han hadde etla. Han var ferdig straks fyrr presten kom. Etterpå hadde prestefrua sett han til å bera solskinn inn på myrkekammeret i eit heresold. Det greidde han ikkje. Han var åt og gret då presten kom. Då vart det ei hard tretta med dei. Presten svara godt for seg og heldt på og mana. Etterkvart folna Hinmannen burt, so han visste ingen ting å svara. Presten tok ein syl og stakk gjenom golvet, og der laut styggemannen ned. Sidan har han ikkje synt seg der i garden.

Joomla templates by a4joomla