Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Nøkkaberget

I nedre delen av Korsvatnet ligg Nøkkaberget. Der heldt nøkken til. Det har levd folk på Tau heilt inn i dette hundreåret, som i fullt alvor kunne fortelja om han og hadde sett han.

Skulestyrar Amund Salvesen dreiv amtskulen i Strand i eit av åra kring århundreskifte. Han fortalde meg om ei kone på Tau som den gongen var over nitti år. Ho hadde fortalt Salvesen om nøkken. Ho såg han ofte og stelte vel med han. Han såg ut som ein lågvaksen mann og gjekk kledd i svart stutbukse og raud stutt-trøye. På hovudet hadde han svart hatt med vid brem. Han hadde fast tilhald om nettene i eit lite hus på garden hennar. Der sette ho  kvar kveld inn mat til han. Om dagane sat han på Nøkkaberget. Han gjekk aldri den vanlege vegen til og frå garden men hadde ein eigen veg, som berre han bruka. Ho rekna han  som fast gjest på garden, men av og til kunne han også overnatta i Ugelid.

Joomla templates by a4joomla