Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Trollpakk på Idsal

Tollef Thormodsen Botne, seinare Idsal, var leiglending på Idsal. Han døydde i 1860. Lenge var han mykje plaga av trollpakk som romsterte på bruket. Det var helst i løa dei heldt til og laga eit svare leven så det ikkje var fred å få. Til slutt vart Tollev så lei av denne styren at han tok børsa for å jaga dei bort. Han gjekk kring løa og sende skot på skot inn i løemurane. Dette vart  for heitt for trollpakket. Dei lovde då å flytta bort frå bruket på dei vilkår at Tollev skulle gjeva dei ein ny stad å slå seg ned..

På Idsal ville han ikkje ha dei meir, men lova dei friplass i Fåråsen (Furuåsen) inne mot Erlandsdalen. Der har dei fått leva i fred og etter som det vert fortalt, held dei til der enno. Kanskje bråkar dei ved nattetider like mykje som før, men det skakkar ingen, for Fåråsen ligg langt frå folk. Dei som hastar forbi i bil  kan ikkje høyra noko i bilbråket. Neste gong du fer framom ved nattetider, rår eg deg til å stagga og lyda etter. Kanskje kan du ei kort tid få leva deg inn i fortida då troll, tussar og heile hera av underjordiske var klar røyndom. Dei gamle hadde i dette trass alt ein rikdom, ein gamal arv me har mista.

Joomla templates by a4joomla