Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Ulven

 

Bjørnen var det største rovdyret. Likevel frykta dei ulven meir. Stundom kunne han koma i store skreider. Når folket høyrde at ei slik var ventande, kunne dei samla seg og freista skremma dei bort. Ulven var så lumsk, luren og uhyggeleg at folk våga helst ikkje å nemna han med rette namnet. Dei bruka å seia at der han er nemd er han stemd. Difor vart han ofte kalla gråbein. Det er truleg av den grunn me har så få ulvenamn i Strand.

Laurentsa Nerhus i Bjørheimsbygd kunne fortelja mykje om ulven, endå ho berre var småjente då han heldt til på garden. Ho kunne minnast at han på kalde vinternetter sat oppe på bakken bak husa og hylte uhyggeleg. Ein gong kom han ned til geitehuset. Det stod berre 20-30 meter frå røykstova dei budde i. Der grov han ut nokre steinar i den dårlege grunnmuren og kraup inn i huset. Det vart vill remjing mellom geitene. Folk sprang til for å berga, men då dei kom inn i huset låg 7 geiter daude på tufta.

Laurentsa fortalde at ho i 12-års alderen laut gjeta sauene langt borte i lia ved Holane. Men det var ikkje nok at ho skulle gjeta sauene. Ho skulle også nytta tida til å skjera lyng, som vart bruka til for. Difor gjekk ho med ein sigd i handa. Rett som det var såg ho ein ulv som var i ferd med å ta ka ein feit gjeldsau ho hadde i flokken. Eg hadde ikkje anna å gjere, fortalte ho, enn å freista jaga udyret bort. Heldigvis hadde eg sigden å berga meg med. Eg sprang imot ulven og hakka i lufta med sigden - og trur du ikkje han rømde.

På Leite var ulven nærsøkjen. Gamle Anders Leite, bestefar til Anders som sit på garden no, har fortalt. Han hadde fått eit lam for å gjeta. Det gjekk ofte litt for seg sjølv. Ein dag kom det en og gav seg i kast med lammet. Anders sprang til og fekk berga det. Ei tid sleit de i kvar sin ende på lammet. Anders dengde ulven i hovudet med treskoen og skreik fælt. Ulven laut sleppa taket og rømde bort. Kona til Anders har fortalt at ho eingong møtte ein ulv som stod mot henne og flekte tenner. Ein gong såg dei frå husa ein morgan 18 ulvar som rekte etter einannan i ein flokk opp ved Langaberg.

Gamle Halvard Langeland hadde vare i Bygda på ein auksjon. På heimvegen over heia høyrde han først ein ulv hylte ute på heia. Straks etter var det ein som svara inne i Hamrane, at om ikkje lenge vart det eit heilt ulvekor. Halvard hadde ikkje anna å bera på enn ei vevskei han hadde kjøpt på auksjonen, og han drygde ikkje ut tida på heimvegen.

Ein annan sørbygdamann gjekk ein gong over same heia. Han bar på ei kipa full av småsei og hadde ein gutunge med. Guten var ganske lei av seg. Oppe på heia gav han seg til å gaula. Faren advara han mot dette, for ulvane kunne koma. Lenger inne på heia ser dei først ein ulv koma etter seg. Mannen og sonen skunda på best dei kunne, men ulven tok inn på dei. Straks etter ser dei at det var fleire ulvar i lag. Mannen kasta då ut ein sei for å sinka dei noko. Dei skunda på det beste dei kunne, men ulvane vart berre meir nærsøkne. Meir fisk måtte kastast ut. Ulvane slost litt kvar gong om maten. Mannen og sonen hans sprang for livet og kom velberga heim. Men det fanst ikkje fisk att i kipa.

Pål Førland mista ein ver tredje juledag. Ulven var komen inn i sauehuset og det vart vill røra. Då Pål kom til for å hjelpa, var også ulven skremt. Han bykste over ein ver. Veren fekk sjokk og daua. På Sedberg var ein ulv så nærgåande at han tok mat i bislaget på eit hus. Truleg var det eit fiskeknippe som var hengt opp der.

Johs. Rørheim fortalte etter mora, som budde i Tøgje. Bestemora hennar hadde vore på Rossøya for å handla. Ho gjekk over isen. På heimvegen såg ho tre ulvar som var på veg inn mot fastlandet. Ho var svært spent på om dei ville gå inn til Tøgje. Dei gjekk opp på fjellet nærare Alsvik.

4. mars 1854 hadde dei organisert eit stort lag for å driva ulven ut. Alle vaksne menn laut møta. Var det nokon som ikkje ville vera med, skulle dei betala 2 ort og 12 skilling i mulkt. Men skrubben kom att og dei laut ut på nytt. Peder Holane fortalte at faren, Per, etter denne drifta fekk to ulvungar til å leika med. Dei vart for dyre å halda på og måtte straks avlivast.

Den siste og store skrubbejakta gjekk føre seg 17. august 1857. Då var det med folk frå Lyse, Strand, Ardal, Fister og Hjelmeland. Dei gjekk manngard, huja, skreik, skaut og jaga skrubben føre seg inn gjennom heiane. Då kom han ikkje att til Strand. Kanskje var det giftåtene til Pilt-Ola som sidan tok knekken på han.

Joomla templates by a4joomla