Huldreliv

Det budde huldre i Lusabergknuten. Dei heldt ofte eit svært rabalder. Ei tid hadde Barka stølane sine like ved vestsida av denne knuten. Men huldrene heldt ofte slikt leven at det var ikkje råd å halda ut.

Så vart stølane revne og bygde opp att lenger vest i heia, omlag der fellesfjaset står no. I mørke haustnetter dreiv huldrene og treska i Lusabergknuten. Folk felte slik av disse huldrene at det var sjeldan nokon torde ferdast over denne heia utan ved høgljos dag. Eg tala med ein eldre mann frå Førland. Han hadde ofte høyrt tale om treskinga i Lusabergknuten. Heilt oppe i mogen alder bestemte han seg for å undersøkja dette. Ein sein haustkveld gjekk han opp i heia og la seg til å lyda etter ved denne knuten. Han fekk ikkje høyra noko så lenge han låg der. Han høyrdest helst skuffa ut. Så la han til: Eg var nok for seint ute. Huldrene var der ikkje meir.

 

Me høyrde jamt om huldrer som heldt til både her og der, mest på kvar garden. Det vart fortalt eit utal soger om dei. Mange folk felte mykje og mest på dei stadane der huldrene heldt til. Dei kunne fela mest livet av seg, som dei sa. Ein slik stad var m.a. Fullshammar på Førland. Der høyrde dei ofte huldrene. Verst var det med barnegråten. Ofte trudde ein det var gråt frå menneske­barn, som huldrene hadde tjuvbytta til seg. Småbarn måtte alltid ha stål liggjande i vogga, i alle høve før dei var døypte. Elles kunne huldra koma og tjuvbytta barnet. Dei var alltid slie etter menneskebarn, for dei var mykje vakrare. Det var stor sorg når mora fann huldrebarnet i vogga istaden for sitt eige. Det var lita råd å gjera med det. Det einaste som kunne hjelpa var å pryla huldrebarnet ofte og sterkt. Då var det ikkje alltid huldremora kunne halda ut å høyra barnet sitt gråta så sterkt. Så gildt kunne henda at ho då kom og bytta barna om att. Eit huldrebarn som var bytta med eit menneskebarn vart kalla bytting. Eg kjende ein mann, nokre år eldre enn meg sjølv, som mora trudde var bytting.

Vart ho arg på guten, kalla ho han gjerne for bytting.

 

Den verste plassen for huldre i Strand var Trodlahauane i Tjøstheimlia. Dei ligg ned til bygdevegen. Skulle ein til eller frå Bjørheimsbygd, laut ein framom desse hauane. Ein kunne ro vatnet, men då laut ein også halda seg langt frå sørsida. Det har vare mange soger om hende i Trodlahauane. Dei skal ikkje takast med her, men litt om korleis innstillinga kunne vera til trua på huldra. Far min, P.O. Barkved var ein av direktørane i Sparebanken. Han hadde ofte bankerend med for folk Bjørheimsbygda. Etter arbeidet i banken, kom han ofte seint heim om kveldane. Ein slik kveld sat ei kona inne i stova hjå oss og venta på far som skulle koma med bankoppgjeret hennar. Eg kan berre minnast at ho i samtalen kom til å seia: I kveld kunne ingen ha fått meg til å gå framom Trodlahauane om dei hadde vilja betala meg med heile Bjørheimsbygda.

 

Huldrene var ofte mange i talet. Såleis var det ei hulder på Tau som heitte Tove. Ho skulle telja systrene sine:

Tove skulle telja:
Snart sjuti telja:
2 i Helja (Helgøy)
2 i Bryne
4 sankar gull i skrin
5 blinde standande i berg
6 på Sanne (i Håland)
7 på Lanne (på bylandet)
8 i øye smøye (i Fister)
9 i Neredal (Daudungeheimen) 
10 i Tedrefjell (Tadr - Tastad) 
17 hadde ho heime