Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Strandasoge - Enkemannen

Det er ei god tid sidan dette hendte for enkemannen med den store barneflokken. Kvar dag laut han gå på arbeid og måtte koka middagsmaten til ungane før han for, men maten måtte gøymast skulle den vara så lenge. Eldsteguten måtte få greia for kvar maten var gøymd og hadde ansvaret for at den kom på bordet i rett tid. Men ein dag hadde mannen gløymt å ordna dette og sansa seg ikkje før han var komen fram til arbeidsplassen. Det var for langt å gå heimatt, men han visste råd til å ordna seg. Då det leid mot middag, gjekk han frampå brotet, og der kunne han sjå heim. Så gav han seg til å huija til han fekk sjå einkvan av ungane, og så ropa han med den grove fjell-røysta si: KOMLÅ STÅR I TRESKONÅ UNNE SENJÅ!

 

 

Gamlingen var folgemann og budde i eit bittelite hus saman med dottera. Dei fødde nokre sauer og ein liten hønseflokk. Han hadde aldri vore nøye på korleis han såg ut, og dette besna ikkje på med åra. Han slepte seg ut med hår og skjegg og såg ut som ein villmann. Men det skadde ikkje mange, for han heldt seg helst i senga; og hadde lite anna å gjera enn å tyggja skråtobakk. Men ei av hønsa like å rusla kringom i stova. Ho vart spak og lika å verta godsnakka med og sette seg enda opp på sengekanten til mannen. Men så tok han til å gje henne eit lite flass tobakk for dagen, og det lika ho betre og betre etterkvart som ho vart van med den. Men det skulle lite til før det vart for mykje, og då sjangla ho skakk, med slakke vengjer og var vel helst eit ynkeleg syn. Neste dag måtte ho ha tobakk att, for trongen hadde ho fått i blodet. Det vart jamt snakke om denne høna, men korleis ho kom til å enda dagane, veit eg ikkje. Men eit høneliv er ikkje så langt.    

 

Peter Barkve, fra Strandbuen 1989

 

Joomla templates by a4joomla