Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Historie om Jørpelandsholmen

 

Intervju Jørpeland, 10. mai 2011, med Tom Steinsvåg

Her kommer det en tekst om Jørpelandsholmen sin historie. Teksten ble laget og fremført da pensjonistene i Tirsdagsgjengen gjestet holmen tidligere denne uken. Skriftspråket er tilpasset selve fremføringen og følger derfor ikke rettskrivningsnormen.

 

Helge Steinsvåg

Tom Steinsvåg forteller:

Eg har blitt spurt om å sei någen ord om historien her på Jørpelandsholmen. Det synes eg va kjekt for eg har alltid vore interessert i lokalhistorie. Heilt fra eg va liten har me hatt båt, og eg har mange minner fra turar rundt holmane her. Me va sjelden i land på denne holmen. Det va mest på Fjellsholmen folk va om somrane.  

Jørpelandsholmen e navnet på holmen. Mange har sagt og seie fortsatt Sauerholmen. Det komme av tyskeren Wilhelm Sauer som budde her med sin familie i 1920 og 30 årå. Størstedelen av holmen hørte te garden Jørpeland som grensa te Tunglandselvå i aust, Fiskånå og Fjeldegardane i nord, og til kommunegrenså mot Årdal i nord aust. Ittekvert blei garden delt opp i forskjellige bruksnr, og Langeland og Førland blei utskilt. Den austre delen av holmen har alltid hørt te Tungland.  

Fysste gong me hørre om busetting her va siste halvdel av 1700 talet, og fra ca 1850 og fram mot århundreskifte budde det mange husmenner her. Me kan følge flere av familiane som budde her fram te folk som bur på Jørpeland i dag. Rasmus Eriksen hette ein som budde her i 1880 åra. Han va født i 1841 på Kvalshaug under Jørpeland. Han budde først på Tungland, så kom han te holmen før han i 1910 fekk skjøte på gard sammen med sønnen Erik Rasmussen Tungland på ein del av område der Staalverket ligger. Erik var gardbrukar og sjømann. I 1911 selde de garden te Stalverket. Etter at første kona til Erik døde blei han gift igjen etter någen år og flytta til Nedre Fjelde. Han tok navnet Østvoll, og derav Østvollvegen. Han var far til Randi Rygh som var mor til Ingolf Rygh og Jette Vadla, og til Eli Knutsen som var mor til Erling og Sverre.  

Jørpelandsholmen blei utskilt fra bruk l i 1881 og første brukar var Torger Bjørnsen Jøssang. Han budde her i 1880 åra før han flytta te Jøssang. Han var far til Arnt som blei gift med Gurine Mauritsdatter Langeland. De va besteforeldre til Gerda Neverdahl , Sigval Jøssang og deiras søsken. 

Kristoffer Tungland eigde holmen ei stund før han selde til Ryfylke Kraftanlegg i 1909.   Wilhelm Sauer kom til Jørpeland i 1912. Han var ståltappar på verket. Han kjøpte holmen og bygde hus her i nordre enden. Han va gifte med Josefine som var i fra Hyllestad, og barna hette Willy født 1918 og Elly i 1920. De hadde dyr, høns, gris og geiter. De dyrka poteter, grønnsaker og de hadde frukttrær. Sauer rodde kver dag til Staalverket, og ungane gjekk på skulen. Sundet mellom Staalverket og holmen va møje breiare då. Den delen av verket som ligge nedfor Valseverket ligge på utfylt område. Det kunne blåsa friskt i sundet, og da Willy skulle konfirmeras i 1932 blåste det så hardt at familien ikkje kunne ro over den søndagen.  

Sauer døde allerede i 1933, 42 år gammal. Det blei hardt for familien å klara seg på holmen. De budde her någen år før de flytta te Jørpeland. Fru Sauer selde den midtre delen av holmen til Harald Haugen. Han var ein pensjonert sjømann fra Stavanger som slo seg ned her rett opp av Djubavigå . Han bygde hus, løa og naust. Han hadde dyr og dyrka poteter og grønnsaker. Han budde her te han døde ca midt i 1950 åra. Arvingane ville selga eiendommen te hyttebygging, men det fekk dei ikkje lov til, heldigvis kan me vel sei. Staalverket overtok eiendommen og eige den fremdeles. Klaus Schmidt som mange huske, leigde huset om somrane någen år .  

Josefine Sauer eigte fortsatt den nordre delen, og sønnen Willy som flytta til Sandnes etter krigen, brukte det i mange år som sommarhus. Han fekk ikkje lov te å gjør någe med huset. Kommunen overtok seinare denne eiendommen.   Det huset som stod rett på siå her bygde ein som hette Mikal Gundersen. Han arbeidde i Støperiet. Om vintrane budde han i kjellaren hos Eskevik på Tungland. I begynnelsen av 50 åra reiste han fra Jørpeland og selde te Bergit og Hartvik Eike. Hartvik var fra Skartveit og Bergit fra Randøy. Hartvik var fiskar, og de budde 25 år her før de i slutten av 70 åra kjøpte huset til Kornelius Fjermestad i holmen ved Jørpelands Brug.Huset på holmen blei brent ned i fjor. Mikal Gundersen lengta tilbake til holmen itte någen år. Han fekk lov til å bygga nytt hus på vestsida mot Lars Svendsen sin holme. På ein betingelse: At huset blei revet når hans tid var slutt. 

Den austre delen av holmen har alltid hørt til Tungland, og den ble kalt Tunglandsholmen. Den var felleseige for Tunglandsgardane. Under utskiftinga i 1935 var det Bertinius Tungland som blei eigar. Nå e det dottera Elbjørg og systera Hanna sine barn som eige den delen. I 1940 og 50 åra hatte de både kyr og hest her ute, og de måtte ut for å molka 2 ganger te dagen. De tok og ein del ved , og hadde ein fine flåde som de frakta den te land på.   Det e mange her som e oppvokst med holmen i sin nærhet, og som huske lenger tilbake enn meg. Viss det er någen som vet någe som eg ikkje har nevnt, eller huske någen spesielle hendelsar, eller at någe som eg har sagt e feil, så håpe eg dokk seie fra.

 

Joomla templates by a4joomla