Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Tau - den gamle Kultusplass

 fra Stavanger Electro-staalverk medlemsblad

Nr 4 vinteren 1954:

 

 

 

 

Går me 6—7000 år attende i tida, var det mildare enn no. Skogen voks frodig overalt. Men det var så uendeleg stille. Det var ingen dur frå fabrikkane, ingen bil tuta, og det var ingen motordur frå fjorden. Det var inga ku som rauta, og ingen sau bekta. Men bamse brakar gjekk og brumma i skogen, og villsvinet rota  i jorda  etter saftige  røter.

Det fanst menneskje og, men dei var ikkje mange. Me finn merke etter dei frå ein buplass på Tau, i skiftet med prestegarden omlag 100 meter opp frå sjøen. Der var m.a. ei flintoks og noko flintavfall. Dei budde ikkje fast, men farta rundt på jakt etter elg, hjort og fugl, eller dei rak omkring i sine primitive båtar. Hunden var einaste husdyret dei hadde. Sidan kom kua og sauen, grisen og hesten. Eit stort framsteg var det då dei fekk korn og kunne skaffa seg mjølmat. Då tok rydjinga så smått til. Men skulle dei så og hausta, laut dei verta fastbuande. Slike folk vart kalla buandi, eller bonde, dvs. ein som bur  fast (er  bunden) på ein plass.

I slutten av det fjerde hundreåret etter Kristus var det folk tok til å busetja seg i Strand for ålvor. I denne tida som me kallar folkevandringstida trengde rygane inn over fylket vårt, og etter dei fekk det sidan namnet Ryiafylki. (Ryfylke). Frå denne tida har me dei gardane som endar på heim. Sidan kom alle land-gardane.

Det vart sjølvsagt krig mellom dei som budde her før og dei nye som flytte inn. Dei  fyrste  bygde  seg  då  borger  der  dei kunne verja seg. Rester av ei slik borg har me på Borgåsen nord for Tau, nord­aust for Marshove der tyskarane bygde sine festningsverk under siste krigen. Ennå lever det sagn om kampar på Borg­åsen, men kor mykje ein kan lita på desse, er ikkje godt å vita. Ein har og fleire  funn  frå   jernalderen.

Navnet Tau hadde frå fyrst av ikkje noko med garden å gjera. Garden heitte Sæfwarbakka, dvs. bakken (garden) ved sjøen. Namnet lever att på den flaten som ligg ned mot Krossvatnet. (Ned for pleieheimen).   Den  heiter Sævebakken.

Her ved vatnet var det ein gamal heidensk kultusplass. Folk frå Houldastrond og bygdene ikring møttest her til sine offerfestar. Garden Sæfwarbakka vart derfor ein kjend plass. I fleire hundreår — lenge etter at det var slutt med heidenkultusen her — var det slik at når ein skulle gjera greie for kor ein gard låg, så nemnde dei han i samband med Sæfwarbakka. Døme: I eit skriv om Strand frå 1331 står: «—iord pa er Strond heiter i Ryiafylke sem liggur medh Sæfuarbakka.» I 1427 finn ein Østerhus nemnd slik: «Austhwsom ligg her i sama sokn sem Sæfwarbakka.»

 

Tau med Krossvatnet

 

Ein fast lekk i offerfestane var taufir (trolldom). Folk gjekk til frettar, dvs. dei spurde til råds om korleis deira lagnad skulle verta. Eller dei freista oppnå ove­naturleg makt til trygd for seg og sine — eller for å skada motmenn. Derav kjem namnet Taufir. (Tau) Det ser ut til at Taufir har vore det gamle namnet på Krossvatnet. Da Kristus-merket avløyste solhjulet som er merket for solkultusen, og fallossteinane som er merket for grøde- og avkjømedyrkinga, har dei byta om dette grunnheidenske namnet med Kristus-merket eller krossen.

Men Taufir-namnet var så innarbeidt at det var uråd å få det bort. Det heldt seg levande på plassen, og smått om sen dreiv det bort namnet Sæfwarbakka. I fleire hundreår var det Munkeliv kloster ved Bergen som åtte garden, og i kloster-bøkene står desse to namna jamsides. I jordeboka deira frå 1463 står dei oppførte slik: Jtem aff Sæfwarbakka: 
gaar iiij  korn. Jtem aff Thawgh:

Skrivemåten har vore bridga mange gonger ned gjennom tidene. Eg har funne desse måtane: Taufuer i 1389, Taugir i 1427, Thawgh i 1463, Touu i 1567, Thouff i 1602, Though i 1606, Thow i 1661  og Toug i  1723.  Nå skriv ein som kjent   namnet    på    garden    Tau,    medan bruket  skriv  Tou.

 

Trelastutførsla.

Dei gamle kvartalsfestane heldt fram i fleire hundreår etter at kristendomen vart innført. Men formene skifte. Såleis vart Tau framleies ein kjend stemneplass. Det kom og nye ting til som gjorde at Tau vart eit trafikksentrum, ikkje berre for bygdene ikring, men for utlandet med.

Som før nemnt var det store eike­skogar i gamal tid. Ikring år 1500 tok dei til med vassdrivne sager og førte ut skoren trelast. Det var serleg Holland som var kjøparen, og det vart ein livleg trafikk mellom Holland og Tau. Nå vart det liv og rørsle i skogane. Øksane gnall så det gav atterljom i åsane omkring. Lange rekkjer av kjørekarar dreiv tømmeret fram. Dei svære eikestokkane vart for tunge for ein hest. Det var heller ingen vegar å ta seg fram på. Så sette dei den eine hesten framom den andre . . . Karane hauka og hyppa på hestane. Andre fylgde med våger og letta litt snart her og snart der når stokken køyrde seg fast. Dei song ut i takt så alle kunne ta i samstundes. Men over alt høyrde ein den kvinande ljoden av sagblada nede ved elva. På Tauravågen låg skutene og lasta. Nordmenn og hollendarar arbeidde side om side. Mange norske hyrte seg og på skutene, men andre tok berre jobb medan lastinga varde. Av og til laut dei ha noko å styrkja seg på. Då gjekk øl­bollen rundt frå mann til mann. Men sterke folk laut og ha sterkare saker. Og hollendarene førte med seg tobakk som dei laga drikke av. Det tok slik overhand at kongen Christian IV i 163 2 sette forbod mot innføring av tobakk i landet «eftersom os underdanigst andrages, den store  Skade,  som  Tobaksdrikken  Under-saatterne udi vort Rige Norge tilføyer.» Men det nytta lite med forbod, for det vart smugla inn i mengdevis, og sistpå vart  heile  forbodet  gløymt.

Tau  fyrr  utskiftinga.   (1870—80   åra).   Bilete  er   teke frå  øvre   Taugarden   ut   mot sjøen.   Krossvatnet   ligg   til   vinstre   under   den   runde   skoghaugen

 

Laurdag- og sundagskveldar møttest nordmenn og hollendarar til dans og onnor moro. Og samtalen gjekk på eit blandingsmål av hollandsk og strandbu-mål. Og dei skjøna kvarandre så godt at det vart giftarmål av. Og den eine taura-gjenta etter den andre strauk med til Holland.

Det var og mannfolk som reiste med, Men det lika ikkje styresmaktene. Skulle folk ta til å vandra ut, kunne det verta for lite mannskap til krigsflåten. Det vart sett forbod mot utvandringa gong på gong, og skip som gjekk ut av landet, var undersøkte. Men det var ikkje greitt å få fatt i dei som ville ut. Dei avtala med ei skute at dei skulle verta opptekne utanfor kysten. Så fekk dei ein kar til å ro seg ut, og borte var dei.

Men det hende og at det var hollendarar som busette seg i Noreg og m.a. på Tau. Frå den tid har me namnet Lydek i Strand. Og enno lever på folkemunn: eit vers om ei hollandsk kone som heitte Siri. Ho var frå Vlissingen (utt. Fik­singen), og av den grunn kalla dei henne Siri Flis. Når dei i den tid skulle ha seg eit lekkert måltid mat, slakta dei grisungar og koka eller steikte. Det var nok ikkje folk på Tau van med. Derfor song dei om henne:

Siri Flis — på hollandsk vis

slakta ein gris.

Kokt' 'an i kol

åd 'an opp i eit mål.

Og ennå sad 'u me bore

og  bante me' seg

at 'u ikkje va' hallmette.

Riksstyret kjempa for at ingen skulle føra ut trelast til andre land enn Danmark. Men det måtte dei gjeva opp. Berre når det galdt eik- og mastetømmer prøvde dei å halda dette forbodet oppe. I 1584 gav kongen, Fredrig II bod om at dei skulle sjå over skogane hans. Her i Strand var det då «en Mængde Egeskove med sværere Tømmer, saavel som yngre Skove i kraftig Tilvext. Der er godt Egetømmer til allehaande Skibs-bygning, og der er grovt Egetømmer til Overløberbjelker på halvanden Fod i Kanten. Bøndene bygge deres Huse af Eg og plante deres Kaalgaarde omkring med Egetømmer.» Der er fortalt om store skogar der det nå er snautt, t.d. i Holtaheia og i Tauramarka. Men dei finaste eikeskogane var opp frå Tau «noget fra Søen udi tvende Skovlier ved et ferskt Vand.» Det var truleg på begge sider av Bjørheimsvatnet.

I 1633 vart det sendt ut kongebrev om eikeskogane i Strand og nokre få andre herad i Stavanger len. Der står m.a. om skogen «—udi Idsø Skibrede og Strand Sogn: Tougs Skove. — Udi hvilke forne Skove Vi af forbete vore udskikkedes underdanigste Erklæring naadigst forfare, adskilligt til Skibsbygning tienligt Egetimber at skal findes, og eftersom vi aarligen til vores Skibsflaades Bygning en stor Andeel Egetimber behøve: da ville vi hermed alvorligen og strengeligen forbudet have, intet Egetimber udi nogen de forne Skove, ihvem de og tilhører, Adelen alene undtagen, om nogen deriblandt kan være, at maa hugges, under tilbørlig Vide og Straf, uden hvis efter vores egen naadigste Anordning til vores Flaadis Bygnings Fornødenhed bliver befalet at hugges, dog hermed ikke meent, hvis smaa Danmarks-Bjelker, Bondene kan hugge og til vore egne Undersaatter her udi vort Rige Danmark til BygningsTimber for Brød-korn afhænder, enten saadanne Bjelker der af Danske Indbyggere hentes eller og med Bøndernes egne Skuder og Farkoster til Danmark føres, eftersom al Eeg andetsteds udi Riget at udføre forbuden er. — Hvilken vores alvorlige Befaling vi ubrødeligen af alle og enhver ville have holdet og efterkommet under Straf som vedbør.»

Det var bispen som dreiv sagbruket, og han heldt fram med å føra ut. Ikring 1650 tok dei til å tala om avskoging. Som døme kan eg nemna at i 1661 står det fortalt om Nes på Heia at der var «tidligere skøn Skoug». Nå var det snautt, og tømmeret til saga på Tau, den såkalla «Løubrecke Soug» måtte nå «kiøbes och flodis fra Liusefiorden». (Lysefjorden) Frå fleire stader i landet kom det klagar på prestane og sorenskrivarane at dei hogg landet snautt, og i 1684 vart det sett forbod mot at dei fekk skjera tømmer og driva trelast­handel. Det vart utvalde 664 sager i landet som skulle ha lov til å skjera tømmer til utførsel. Kvar sag fekk eit visst «kvantum» som dei skulle ha lov å skjera. Derfor vart dei kalle «Kvantumsager». Sume tider vart dei og kalla «priviligerte». I Strand var det tri «kvantumsager». Det var Jørpeland, Tau og Fiskå. Skogen minka, og den eine bakke-skråningen etter den andre vart snau. Det var frukta av rovhogsten.

«Der ser me livsens forne form

som då bar gull og ære inn.

Der ser me folk som sådde storm og  

hausta   derfor   kvirvelvind.

Og derfor veks det lite på

den  fagre  jord  som Gud  dei  gav.

I staden for eit fræ å så

dei  heller  skogar  hogde  av.»

(Meir)                                

Holger Barkved






 

 

Joomla templates by a4joomla