Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Strandastøa, 1954

fra Stavanger Electro-staalverk medlemsblad

Nr 3 høsten 1954:

 

 

 

 

Redaksjonen har bede meg skriva noko om dei ymse deler av Strand. Eg vil då ta til med det gamle trafikksentret, Strandastøa.

Strandastøa er den gamle landingsplassen for Strand, Tjøstheim, Kvam og Bjørheimsbygda. Her har folk ferdast i tusen år. Og mange ting tyder på at det var mektige folk som budde her. Det syner vikingskipet som er brent på Hundsnes. Likeeins det store gravfunnet som Holger Strand gjorde i 1934. Gullskatten på Holta er det heller ikkje mange som kan syna maken til. Det er ikkje rimeleg at det er ein vanleg småbonde   som  ligg  under  den  store  bautasteinen på Tjøstheim heller. Og namnet Houldastrond som vart nytta om dalføret frå Tau og opp til Bjørheimsbygda, fortel at det var gjæve folk som budde her. For houlden stod i ei stode midt mellom bonden og hersen. Kvam var og ein gamal god gard. Det kan nemnast at i 1662 sende kongen, Fredrik den tridje, ut kongebrev om at Kvam skulle vera enkjesete for bispeenkjene i Stavanger. Og det var Peter Griffenfeldt som skreiv brevet. At Strand skulle betala pensjonen til bispeenkjene, kom seg av den grunn at bispen i Stavanger var sokneprest i Strand. Eit minne om det har me i bispestolen som står i kyrkja.

Det er uråd å skriva soga om Strandastøa utan i samband med kyrkja. Til kyrkja førte vegane for alle menneskje. I bryllaupa var det fest og gaman. Då gjekk spelemannen føre og spela fylgjet fram til kyrkjedøra medan andre for med rammel av verste slag, og sume skaut over brura for å halda dei vonde åndene frå henne som var sers utsett den dagen. Men i tusen år har og folk fulgt sine kjære til siste kvilestaden på Strand. Då var ofte Kyrkjebakken tung å fara.

Sundagene for alle til kyrkje. Og då stemde dei mot Strandastøa frå heile Søre Strand, ja gjerne Høle og Forsand med. Det var gamal skikk. Og så kom Fredrik den fjerde med den strenge «sabbatsforordningen» som m. a. sette straff med gapestokk dersom nokon heldt seg borte frå kyrkja.

Men folk heldt fram med å fara til kyrkje etter at denne «forordningen» vart teken bort og. Dei var bundne til kyrkja med sterke religiøse band. Men me   skal ikkje sjå bort frå at det var mange andre ting som dreiv dei ut på kyrkjevegen endå det ofte var lange og slitsame reiser.

Når me ser bort frå dei som budde i same tunet, var det ikkje så lett å koma saman med andre folk som det no er. Berre ei lita elv kunne stengja den eine garden av frå den andre.

Tenk deg at me no tok bort alle moderne vegane og den yrjande mengd med ymse slag køyrety som der no er. Tak bort rutebåtane og alle motorfarty. Tak bort post, telefon og radio. Tak bort alle slags foreiningar og lag der folk møttest. Eg går ut frå at folk hadde fare meir mannjamt  til  kyrkja no og,  om  så  var.

Det var berre kyrkja som var samlingsplassen. Der kunne ein treffa kjenningar og slå av ein prat. Der kunne ein fortelja om det ein sjølv hadde på hjarta, og der kunne ein spørja nytt. Der møtte lensmannen opp kvar helg og hadde eit eller anna som han las opp frå steinen rett ut for kyrkjetrappa. Kan me då undrast på om ein eller annan var så oppteken utanfor kyrkja at han gløymde  av  heile  gudstenesta.

Strand med kyrkja i bakgrunnen

Det hende ofte med ein mann i Strand. Ein gong stod han i godt prat med ein mann etter kyrkjetida. Då kom presten bort til han og sa: «Du Svein, du Svein, du kommer jo bare for å se på veggene.» «Å ja gu' du må så seia,» svara Svein. Og i same augneblinken snudde han seg til den andre og sa: «Koss va'de eg haure? Hadde Tauraradn kasta på Breivigjå, sa du?»

På kyrkjevegen fekk ungdomen driva den sporten som galdt noko før, det var å sigla og ro. Var det vind, vart båtane pressa til det yttste. Men rasa stormen, kunne det ofte gå på livet laust, og då galdt det for lagbåtane å halde godt saman om nokon skulle trengja hjelp. I stilla eller i motvind var det å ta til årane, og då var det kapproing. Det var nok tevling mellom båtane frå kvar einskild gard. Men i Søre Strand stod kampen serleg mellom båtane på kvar sida av fjorden. Ein mann på Jørpeland sa ein gong: «Me rodde så me kjende blo-smagjen i mon, for de va så fortærane å taba. Men de hjelpt' ikkje koss me sleid, for dei Kvelvågadn va så nådige at de va urå å komma forbi dei.»

Ut over sundagsmorgnane samlast det etterkvart mange båtar i Strandastøa. Der måtte alle skifta klede. Det gjekk ikkje an å sitja i båten med kyrkjebuksa eller kyrkjestakken. Så gjekk mannfolka bak eit vedala, medan kvinnfolka heldt til på den  andre sida. «Du kan tru de va ett fint skue,» sa ein gamal mann til meg. «Der sto me i longe rekkjer i heimavovne elle heimaspøtte onnebokser. Der va all slags fargar, men helste grå og ledablå. Adle hadde me svære bregda sokkebann. Og så måtte me helste ha ett aua på kvar fing, for elles konne me kje vara sikre på at ikkje boksa fekk seg ein fjogetur øve te kvinnfolkjå på den andre siå. Elle de kom gjedna sennane ein stakk øve te oss. Og de var nokså sjittlegt å måtta gå øve og henta kledn tebars. Men dei så måtte gå hadde nå litt att for brye. For de va kje kvar dag dei fekk sjå så mødje.

Strandastøa

Der var to handelsmenn i Strandastøa. 
Der kunne folk få kjøpa øl og brennevin. «Va me varme og svette itte roinjå, så va det godt me ei flaska øl. Og va de kaldt og surt, så vermde de godt me ein dram. Ennå bere me to. Men du vett me måtte vara litt forsiktige før me gjekk i kjorkjå. De va kje så farligt ittepå.»

Men det hende nok at det var litt urolegt i kyrkja og. I 1792 sette Halvard Seljeskog opp eit gåvebrev til kyrkja. Pengane skulle ein nytta til å løna ein mann som skulle hjelpa kyrkjetenaren med å halda orden. Han skulle såleis «have Indseende med, at der hverken før, under eller efter Prædikenen holdes noget Drikkelav eller anden ulovlig Orden begaaes nær ved Kirken.» Det kunne visst trengjast, for kyrkjetenaren kom ofte sjølv full i kyrkja. Visitasmeldingane klagar på at folk kom fulle i kyrkja like ned til 1860 åra. Og i Strandastøa vart det selt brennevin like ned til 1880 åra.

Handelsmennene der laut betala mulkt fleire gonger for ulovlegt brennevins-sal, og ein av dei laut på straff. Det var innkalla fleire vitne i retten, m. a. ein mann frå Barka. Men han hadde nok ikkje hug å vitna imot handelsmannen, derfor sa han berre:
«Å ja, de hende nok av å te at me fekk ein dram eller to når me trong om de.»
«Fikk dere aldrig mere da?»
«Å — jog, de konne nok henna at de blei tri og.»
«Men når dere hadde fått tre, da var det altså slutt?»
«Nei, då jekk me i sus å dus, så då vett ikkje eg te fortelja meir.»

Fyrste offentlege køyrevegen som vart opna i Strand, gjekk frå Prestaneset (der Kvamabrua er no) til Strandastøa. Storparten av den veden som vart selt frå Strand, vart rodd ned over Bjørheimsvatnet, og derifrå køyrde dei han til Strandastøa. Det var grunnen til at denne vegen vart bygt. Det vart og selt limar frå Strand, men dei var lettare å ta fram. Det var vanlegt å «soba» golva i privathusa med limar, forretningar og lager likeeins, og så til gatefeiing. I Stavanger vart limane kalla «Strandbuar», og når kjerringane skjende på ungane, sa dei gjerne: «Ja, vil de kje lya, så ska de få smaga strandbuen.»

Då det kom på tale å leggja veg, ville veginspektør kaptein Tausan at han skulle gå frå Bjørheimsvatnet og ned til Tau. Men folket sette seg imot, og heradstyret sa samrøystes nei. For «sjoarvegen» hadde alltid gått til Strandastøa. Der var og kyrkjevegen, og den kom aldri til å verta omlagd. Dessutan hende det at Tauravågen fraus til. I 1842 vart det vedteke at han skulle leggjast til Strandastøa. Men det drog ut før ein kom i gang med arbeidet. For kven skulle gjera arbeidet. Det var folket i Bjørheimsbygda som hadde søkt om vegen, og dei budde i Årdal skipsreide, og då fekk det vera den som tok kostnaden. Men i Årdal meinte dei at folket i Idse skipsreide nytta han like mykje til kyrkjeveg. Det vart då avgjort slik at dei fekk byggja han i saman. Det gjekk elleve år før denne vesle vegstubben vart ferdig.

I 1870—80 åra dreiv Endre Tjøstheim og telemarkingen Sigurd Bø slakthus i Strandastøa. Dei kjøpte opp sauer, slakta og rodde til byen med skrottane.

Bryggje i Strandastøa.
Strandastøa var fyrste plassen i Strand som fekk skikkeleg bryggje. I 1894 tok ordføraren, Thore Svines fram spursmålet om å byggja ei «solid» bryggje der. Det vart gjort, men ho må nok ikkje ha vore «solid» nok, for ho måtte ombyggjast og påbyggjast fleire gonger. Siste store reparasjonen dei hadde var i 1895. Året etter fekk Strand sin eigen damp­båt, og den gjekk innom Strandastøa. Men så fekk Tau både bryggje og veg. Ferdsla i Strandastøa tok til å minka.

Brennevinshandelen svarte seg ikkje lenger, og handelsmennene stengde buene sine.
Det rike og skiftande livet i Strandastøa gjekk over i soga.

Dei yngre som no fer framom Strandastøa anten i båt, eller dei susar avstad i store bussar og knapt nok ser den vesle bryggja dei har nok vondt for å skjøna at denne vesle plassen i mange hundreår var den mest trafikerte plassen i Strand.

Holger  Barkved.

Joomla templates by a4joomla