Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Tau

Tau har vore ein gjæv stad gjennom aldri så lange tider - lenge før skrivne ord kan fortelja om denne staden. Namnet peikar mot ein nifs stad som har med trolldom å gjera.

Gjennom dei siste generasjonane har Tau vore eit viktig knutepunkt for båtferdsla i Ryfylke, men også langt tilbake har nok Tau hatt ein sentral funksjon. Tradisjonen fortel at denne hamna hadde forsvarsverk. Lenge før kanonane si tid hadde Tau "tungt artilleri", det vil seia ei blidestilling, truleg to.

Då eg kom hit til Strand for godt over femti år sia, fortalde ein gamal taurar at der hadde lege to bliderøyser ganske nær stranda i Tauravågen. Blider er fastmonterte grove slyngjer, der ammunisjonen er stein, truleg av variert storleik. Steinane kunne i beste fall nå 150 meter, såleis at blidene dekte heile den indre vågen. Lesarane kan i leksikon finna skisser av blider.

Og når eg først har dette temaet for meg, så ergrar det meg til hjarterøtene at me ikkje har desse to røysene å gå til. Dei kunne fortalt om storleiken på ammunisjonen?

Kvifor var Tau så viktig for så lenge sidan? Det låg til dømes bare om lag ein kilometer frå det sagnomsuste Lilland (Liland - landet i lia) som naturleg nok kunne vera ein nokså trygg buplass for ein hovding, med ei hamn med forsvarsrusting. Tau låg heller ikkje langt unna storbøndene på Strand, og dei var "store" lenge før Strand vart kyrkjeplass. Tau låg nokså langt unna den større sjøferdsla i Karmsundet, og sjømenn som ferdast der var ikkje støtt så venlegsinna.

 

Eitt stadsnamn på Tau strekar under kor viktig denne hamna kunne vera. Namnet Sævebakkjen tydar nokså sikkert Sjømannsbakkjen av ordet "sæfarar" som var ei vanleg nemning på sjømenn, langt tilbake i tida. Truleg var Tau sommarhamn - og "sæfararene" kunne ha bustad nær hamna, slik at dei i opplagstider kunne ha daglig tilsyn med fartøya sine. Så kunne det naturleg nok bli Sjømannsbakkjen. Mange er nok ikkje samde i denne tolkinga. Då skal dei veta at det er eit forslag til tolkning, men eg stør meg på ein av dei store namnetolkarane våre.

I historisk tid var framleis Tau ein viktig stad. Her har vore kvednabruk så langt tilbake som på 1200-talet, og møllebruk i dei seinaste hundreåra. I bekkekvernane si tid nytta store område av distriktet vårt møllesteinane her. Dei kom frå Randaberg og Ryfylkeøyene, ja, dei seilte og rodde heilt frå Utsira, fortalde Nils Tjøstheim.

På Tau kom der og oppgangssag svært tidleg, og tau var ei viktig utskipingshavn for grovt tømmer, mest eik. Det var nok nokså store farty dei nytta til dette, noko ein diger seglfartyhake, funnen i Tauravågen, kan gi oss vitring om. (Strand Bygde-museum har denne haken i samlingane sine.)

Dette var litt om Tau, til ettertanke og til å sysla vidare med. Lat meg heilt til slutt nemna namnet på Krossvatnet, som visselig ikkje har med det kristne krosssymbolet å gjera. Truleg er det Tauraånå, som med fleire kvisler renn inn i vatnet og som namnetolkarar i seinare tid tolker som "kross". Me talar om at ånå renn på kryss og tvers inn i Krossvatnet.

  (Strandbuen 23.04.2004, Kåre Tveit)

 

Joomla templates by a4joomla