Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Strandasangen

 

 

Tekst:Elisa Tilset

Melodi: Holger Barkved

 

Hør sangen her:

 

Ryfylkebygdi som ligg der so breid,

heimar i dalen og heimar på heid,

tjørnar og vatn og susande å,

skogklædde åsar og nutane grå,

Øyar og holmar som borni rundt mor,

blånande fjord, blånande fjord.

 

Her kavar folket med livsvilje sterk:

Bonden på garden sitt daglege verk.

Ute på havet til trygd for sin heim

fiskaren ferdast i villande sveim.

Fossane tamde gjev arbeid og un,

heimar og tun, heimar og tun

 

Strand, du er fager. Me held deg so gjev.

Her vil me leggja med hugnad vårt strev,

bruka vår evne til ære for deg,

vilja kvarandre alt godt på vår veg.

Gud gjeve framgang og trivnad og trygd,

signe vår bygd! Signe vår bygd!

 

Joomla templates by a4joomla