Laurits Krumsvik 15/9 1921-27/1 1996. 
           

Tau 1995
Etter intervju med Laurits Krumsvik 
Nedskrevet av sønnen Leiv Krumsvik

 

Han har fortalt fra barndommen og sønnen Leiv har skrevet det ned. Laurits vart fødd i ein søskenflokk på 10. Dei vaks opp i trange kår, men som han sa, ”me klarte oss og minnas denne tida. Trass alt hadde me det bra, sjøl om me måtte jobbe hardt”. Husken til hans var god, den går tilbake til 3-4 års alderen.



Ole og Anbjørg Krumsvik med barna. Ca. 1936
Fra v. bak Ole, Ane, Anbjørg, Ludvig, Ole
Foran fra v. Laura, Laurits, Lars, Ingeborg, Arne, Lena

 

Laurits var sønn av: Ole 1884-1961 gm. Anbjørg Gjerde 1892-1978. De hadde barna: Ludvig f. 1912 - Ole f. 1913-1937 - Ingeborg f. 1915 - Lars f.1961 - Arne f. 1918 - Oline f. 1920, Laurits f. 1921 g.m. Selma Tjøstheim - Ane f. 1924 - Laura f. 1928 - Arnt f. 1930.

 

Laurits fortalde da gamle Hans Tjøstheim kom burt til mora på trappa. ”Eg hang i skjørtene hennes. Hans fortalde da om ei kone på nabogarden som hadde hengt seg. 


Videre hugsar eg når eg var i svala og prøvde øksa. Dette hadde me ikkje lov til, så dermed hogg eg meg i fingeren. Eg remja og gråt og mor kom springande, ”ka er det”. Eg har øksa meg! Mora satte i og le da såret var undersøkt, ho tykte det var slik eit underleg utrykk.

 

Eg kan og hugse att meg og eine broren min klatret ned fra eine rommet på loftet og ut på svåla. Over svåla hang greinene av eit morelletre. Me forsynte oss vel og hoppa ned, da skar eg meg i foten i ei knust flaske. Såret var gapande og blødde. Da kom eg på far si store skomakernål, kanskje ville han sy med den. Vel eg hadde ikkje anna enn å gjera enn å skjula det. Det gikk bra.”

 

Barna måtte tidleg hjelpe til på garden Dei begynte med små lette jobber i 5-6 års alderen. Faren var streng og lystra dei ikkje eller gjorde ugagn så var det juling på blanke baken. Gjorde dei jobben godt så var faren god og kjærleg mot dei. Tross desse harde tidene lengtet Laurits heile livet sitt etter foreldrene sine. Han var svert glad i dei.

 

Barna hadde mange leikar som dei kosa seg med om kveldane og fridagene. Gjøymeleiker, slå ball, jeppe og slå på ringen sammen med jentene. Sport som høydehopp og lengdehopp var guttesport. Jentene "MUNKA" som dei kalla det. Videre leika dei med kjepp og sykkelfelgar eller tønneband (singleband) som dei trilla og førte med ein kjepp. Leikefigurar laga dei av tre eller satte bein på kongler som skulle forestille dyr. Dei leika mye i ei sandgruve ved bedehuset (Leabakkgruba).

 

Om vinteren gikk dei mye på ski særleg i Leabakken eller i Fossabakkane og Ronnane. Her var fine bakkar å renne i. Ellers gikk dei på skøyter på Bjørheimsvatnet eller Hedleleit­tjørna. Dei arvet utstyret fra eldre søsken. Videre kunne dei og bruke snøskøyter som var laget heime. Noen laget ski av tønner, dei utnytta da buen på tønna. Men det hende sjelden. Kjelke og krubbe (ein kort butt kjelke) blei laget heime av faren.

 

Det må ha vart eit yrande liv på Tjøstheim i dei tider for det var ein del barn her da. Gamlehuset var ikkje rart, dei feia støvet ned i sprekker i gulvet. Videre hadde dei eit loft og ein sal og tri små rom. Her hadde dei eldste barna soveromma sine. Her oppe stod og ei kiste med bøker og anna som faren var redd for. Laurits husket att blandt dei mange bøker var ein bibel med messinghjørner. Ellers var det og ei Svensk visebok. I eine sida låg ein "leddik" med skrivesaker. Faren låste kista med ein stor nøkkel, dette var hans private ting. Han hadde hatt kista på fiske, så her var nok gode minner. Småungane låg nede i kammerset med foreldra. I stua hadde dei ein sandnesbenk som og noen av barna låg på. Eldste broren til far budde for det meste hos besteforeldra like ved. Huset var utstyrt med ein liten jordkjeller. Ute i gangen var eit lite spisskammer hvor ein del kjørler og diverse kjøkkenredskap var oppbevart. Kjøkkenet hadde ovn hvor dei fyrte med "knagg" og ris eller avetne lauvkjerver for det meste. Oppe på salen hang tørket kjøtt og diverse andre saltete kjøttvarer. I svåla hang ljå river o.l. Eit veala med hoggestabbe, og vassedel som siden blei flyttet inn på kjøkkenet.

 

Gamlehuset blei revet høsten 1939, stua stod igjen eit år. Laurits og broren Arne låg her eit år for siden å flytte inn hos besteforeldrene.

 


Anbjørg med Arne på armen, Laurits, Lars, Ingeborg og Ole Krumsvik for det gamle huset.

 

Den 4. Mai brann gamlehuset opp, rett etter att bestefaren "Lars" døde. Da var det nye gardshuset nettopp påbegynt. Dette huset hadde vore gamle forbruken på Jørpeland. Det blei da hastverk for å få huset ferdig. Materialene blei kjørt heim med lastebiler. Laurits låg da i løa eit år, men fraus ikkje ei natt. Sjølv om det var harde tider så hadde dei tre moltider om dagen. Dei hadde lov å ete tre skiver om dagen. Ellers hadde dei havremelsgraut til nesten hvert moltid. Den blei dei etter hvert svært lei av. Brødet var som regel grovbrød og halvfint. Kinnet smør på brødet og margarin på steikepanna. Pålegg var mye mørk sirup og syltetøy, tørket kjøtt hadde dei alltid. Bær hentet dei i marka og "Tjøstheimlia". Mye bær blei og solgt til Stavanger. Av bær hentet dei blåbær og tyttebær. Heime hadde dei noen busker med stikkelsbær, rips, solbær, plommetrær og moreller. Epler og søt­kirsebær var og å finne i hagen. På havregrauten brukte dei sirup som dei strimlet over. Til drikke hadde dei gjerne separert melk eller sprengt melk med dravle. Vatn eller heimelaga saft hørte og med.

 

På høsten i slaktetida hadde dei mye godt så som leverpølse, isterpølse, blodpølse og sauepølse. Middagen hadde dei i tolvtida. Den kunne bestå av fersk fisk, saltet eller tørket sild. Lubbesild som var røykt, saltet og tørket sild hadde dei mye av. Lubbesilda var tredd med hodet inn i hverandre og hengt over ein tynn stokk (tein). Silda blei røykt, mest med einer. Foruten hadde dei flakt tørr sild. Vårsilda steikt med rogn eller kokt.

 

Ole og Anbjørg

 

Mye salt flesk og kjøtt fantes, ellers tørket fenalår, pinnekjøtt, pølse og griseskinke. Kjøtt av sau, gris og geit var vanleg. Mellemat var havregraut, gjerne og til kvelds. Men fenalår fikk dei ete attåt. Grønnsaker hadde dei lite av. Dei grønnsakene dei brukte var som regel kokte. Poteter, nepe, kålrot, gressløk og persille var dei vanlegaste. Småpoteter eller skadde blei brukt til potet­kaker. Flatbrød og brød blei og bakt. Mora kunne steike rundt to hundre potetkaker på ein dag.

 

Ein dag rundt bordet kunne vare slik: Faren Ole hadde fast plass. Bord­bønn hadde dei ikkje. Poteter i skål og fisk på fat. Kanskje flesk på panna og flatbrød. Jerngryte eller aluminiumgryte blei brukt. Tyttebær og saft til middagen. Av grønnsaker var kålstuing og kokt kål vanleg. Kålrot i store biter var og vanleg. Hunden låg under bordet og tok mot bein eller fleskebiter som barna lurte under bordet da det blei for mye. Faren var streng og forlangde att maten skulle etast opp. Mora hadde småbarna på fanget, men faren var svært hjelpsam og kunne og ta sin tørn. Småbarna fikk det samme som dei andre, gjerne knettet sammen med saus eller smør. Brystmelk ved bordet hørte med, brukte aldrig tytteflasker.

Sukkerkavring blei og brukt til småbarna. Hadde kona i huset lite brystmelk kunne dei amme andre kvinner som hadde nok. Komfyren på kjøkkenet blei tent med avetne lauvkjerver eller kjeppved.

 

Den hadde plass til tri gryter. Barna hadde ansvaret for å bære inn ved og hjelpe til med å fyre opp. Rundt bordet hadde dei eit forsete (ein benk med lokk, hvor ting låg i som i ei skuffe.) og under bordet ei skuff hvor diverse kjøkkenredskaper var. Separator stod ute i gangen under trappa til loftet på ein krakk. Kinning av smør var dei eldste barna sin jobb. Vaskestol med vaskevannfat og mugge stod i stua og kjøkkenet. Grønnsåpe (sunligt) var det vanlegaste av såper. Søndagsmaten blei alltid laget litt utenom det faste. Mye kjøttkaker, fleskepannekaker og fiskekaker.

 

I april var far til Laurits mye på sjøen og fisket skrubbsei. Han reiste og til Stavanger og kjøpte torskehoder. Disse kløyvet han og saltet for siden å bli hengt til tørk. Dette var god mat. Laurits kunne og huske att dei kokte langehode. Sauehoder blei kjøpt i sekk. Her låg mye arbeide bak. Barna hjalp til med flåing og rens. Hodene blei brukt ferske, saltet og tørket. Høns som grå­ Plymertrox og brune å kvite italienere. Hønsa hadde dei under eit skur. Noe egg blei solgt. Sauene var i skuten. Laurits kunne huske dei låg i løa og hørte sauene ete lauvkjerver. Dette var så fint og avslappende etter ein lang dag.

 

Laurits og søsteren Ane

 

Høsten var og tid for snarer hvor dei fanget trost. Rognebær eller havrestrå var vanleg låkkemat. Helst fikk dei svarttrost, gråtrost eller rødvingetrost som dei kallet "singros": Svarttrosten med gult nebb blei kallet "Gultippe". Gråtrosten kallet dei "Skittrast". Ringtrost hende det og att dei fikk. Det hende dei hadde over hundre snarer. Solgte ein del fugl på Tau og ellers rundt på Strand og Tjøstheim.

 

Da faren tok opp åker var han dyktig til å veite (grøfte) den ut skikkeleg. Hovudveite gravdes opp, og siden stikkveiter inn mot denne. I veitene brukte dei stein og heller. Hellene blei lagt på kant og stein og heller blei lagt oppå. Da blei det eit hulrom under som ledet vatnet. Oppå der fyltes stein og grus og på toppen mold. Dei hadde berre spade, hakke og spett, så det må ha vore eit slit. Seinare hadde dei steinbukk. Laurits kan huske bestefaren var heilt kroket i ryggen på sine eldre dager. 


Å skjære havre var yndlingsjobben til hans. Det var travelt med hogst, slakt, bærplukking og å få tøa inn før regn og vind kom.

 

Flatbrødbakst foregikk i eldhuset og var kvinnearbeide. Ei eldre kone fra Strand som var innleikt på bakst kom ein morgon klokken fire. Ingen i huset var oppe da ho banka på døra så ho ropte inn: 
”Er dere ikkje oppe enda, det er jo lys dag!” Kona heitte "Laura Strand". Barna fyrte under jernhella i eldhuset og mora og Laura kjevlet og steikte til kvelds. Det blei store ruer som blei pakket inn i klede og hengt opp på salen på loftet.

 

Trøske og drøftemaskin hadde dei sjølv. Dei store ungane sveivet og to barn satt på golvet og kastet vekk ureinheter i kornet. Fire sekker havre blei kjørt til Fiskå. 

Arbeidsliv: Far til Laurits gikk på skift på Tou mølle. Etter nattskift kom han heim syv om morgonen. Tok seg ein kaffekopp og la seg nedpå til middag. Da faren kvilte måtte det være ro i huset. Mora stod tidleg opp for å kveike i ovnen til barna som skulle på skulen. Hun dekket bordet og smurte matpakkene. Skulen begynte klokken ni om morgonen og sluttet klokken fjorten. Om sommeren begynte den ein halvtime før. Barna sto opp og åt for siden å gå til "Breidablikk" skule på Århaug.

 

Mora gikk da i fjøset, Laurits var der sjelden under morgenstellet. Barna gikk annen hver dag på skulen. I fritida stelte dei eldste dyra i fjøset. Etter fjøstid fikk dei mat. På garden hadde dei tri kyr som blei foret med høy. Sauene fikk lauvkjerver eller høy. Faren satte ein eller flere pålar ned i hevda og tredde lauvkjervane nedpå. Mye vatn skulle bæres til dyra, dette var dei eldste barna som gjorde. Likeså vatn til kjøkken og klesvask. Barna var med på det meste, potethenting skogsarbeide, lauving, bærhenting o.s.v. Under lauvinga la ungane greinene i passe dungar og smidde skjerveband. Mora bandt dei til og barna reiste dei opp. Faren fann ei greinet bjørk og kutta greinene passe av slik att kjervane kunne hengast opp. Han kalla det å ”stekkje” lauvkjervane. Deretter klatret han opp i treet og tok imot lauvkjervane fra barna. Han stakk dei innpå greinene fra bunn til topp. Siden hang han ein seilduk fra toppen og ned og bant steinar i bunn. Da regnet kom rant vatnet fint av, og lauvkjervane var like tørre. Dei kunne ha over 600 kjervar på ca. 20 sauer.

 

Kornhøsten var travel, barna og mora skar, bann så kornbanna sammen og satte dei i skru. Seks til åtte band på marka i ein runding med kornet opp. Siden blei banda "røva" eller brukke på midten og hengt på hesje. Gjerne tri strenger i høgda. Hadde dei austervind, noe som var vanleg på den tid så tørket dei på ei veke. Det normale tørketiden var opp mot fjorten dager. Så tok dei kornbanda inn og lødde dei opp. Kornet inn mot midten i ein stadig større runding. Dette var dei svært nøye med. Her blei det lagret i flere veker. Siden trøsket dei kornet. To større barn sveivet trøske­maskinen. Ein ga maskinen korn og noen raket kornet ut på låven. Siden drøftemaskinen, (den renset kornet) og kornet kom ut på sollene og ned i eit kar. Småbarna med ein voksen tok vekk ureint korn. Det hende dei hadde erter, dei kom ut i eit annert trau. Siden lagret dei kornet i svære tønner. Rottene måtte dei passe på så dei ikkje gikk i kornet. Etter ei stund lagring kjørte dei kornet til Fiskå mølle. Her fikk dei kornet malt.

 

Vedhogst foregikk mye i Tjøstheimlia, dei hadde ikkje skog der, men fikk hogge på garden ”Foss". Mye av hogsten var greiner eller stor einer. Denne veden kallet dei kjeppved. I midten av tredeve­åra kjøpte dei utmark til garden. Her var ein del bjørkeskog til å hogge ved av. Tre blei hogge tidleg høst eller før sevja kom om våren. Tynne greiner lauvet dei, slik att alt blei brukt. Store tre blei skatet (hogget av greiner). Siden dradd heim på dråg med hest. Einer som dei fekk i Tjøstheimlia laget dei til velter som dei sa. Dei bandt fast ein stor dynge med tykk einer og veltet den nedover bratthenget. Baret av eineren hadde dei under sauene. Fine rette einere blei til staur, det andre til god ved. Bjørkeveden som blei kjørt heim saget dei opp i passe lengder, kløyvt og lødd fint opp. Å ha tørr ved var alltid eit mål. Dei større barna var med i skogen. Laurits likte dette arbeidet og har mange gode minner.
 


Laurits kan huse att faren hans var svært glad i heggebær. Han kunne ta fulle hendene og ete. Ulempen var att han tørket opp i halsen av bæra så han måtte gi seg etter ei stund. 
På skogen hadde dei med surmelk og havregraut. Om høsten spedde dei på med blåbær da dei blei så leie av grøten. Om vinteren var dei i Tjøstheimlia og drog frem ved. Mora hadde laget "labbar" Som dei hadde på føttene. Dei var laget av lange tøvde ullsokker med ullfiller under foten. Seilduk var sydd som ein såle under og rundt foten nede. Labbane fraus dei aldrig i, og så var dei gode på glatt føre.

 

Oppdragelse: Faren tok barna for seg om kveldane og fortalde hvordan dei skulle oppføre seg. Videre fikk barna beskjed kva dei skulle gjøre neste dag. Faren hørte dei i lekser og hjalp til sammen med mora. Faren lærte dei mye om skogsarbeide, gårdsdrift, behandling av utstyr osv. Å ta vare på ting og å behandle utstyr såg han som viktig. Ikkje kaste ting, men spare penger. For å tørke staur etter bruk var det viktig å skrape mold av slik att stauren tørket og ikkje rotnet. Dei lerte og å måtte ta av seg lua og hilse da storfolk som lensmann og prest kom framom. Oppføre seg fint på skulen og ha reine klær.

 

Om kveldane kunne far til Laurits fortelle eventyr og om alle opplevelser som han hadde vore ute for før han blei gift. Han hadde vore rallar i Sulitjelma, på islandfiske, selfangst og kvalfangst. Faren hadde vore to vintrar på islandfiske, så han sang mange sjømannviser til barna. Han hadde og harpeleik og kunne og ein masse rallarviser og andre. Laurits fortalde da faren var i eit brullaup sang han "Bjørkens visa". Han måtte ta den ein gang til for han sang den så fint. Mora var og god å syngje, men dei sang aldri i lag.  Laurits hadde fine minner etter disse kveldane. Og ved sang og fortellingar lærte dei masse som dei siden fikk bruk for.

Skulka dei unna jobben så var det juling på blanke messingen. Etter ein god jobb på sommeren kunne mora lage slåttegraut. Den var laget av fløte og kveitemjøl. Dette var standar når høyet var i løa, eller etter kornet var berget inn. Faren ga dei skryt da ein god jobb var gjort. Som barn fikk dei aldri penger for ein jobb dei gjorde på garden. Det var harde tider og penger var det lite av.

 

Geburstdager feiret dei ikkje, dei gratulerte berre med dagen. I geburstdagselskap gikk dei heller ikkje. 
Hygiene var dei nøye med. Hver morgen var det vask med vann og klut. Mora vasket barna rundt nakke og ansikt. Vask av hender til eit moltid var ein selvfølge. Til helgene var det bad i stamp med varmt vatn og såpe. Mora hjalp dei minste. Større barn badet i klekammeret og ordnet seg sjølv. Vatnet blei byttet da jentene skulle bade. Om sommaren gikk dei i Bjørheimsvatnet og badet. Helst gikk dei til Rausteinen under Hauen, eller så gikk dei i Tjøstheimlia.

 

Klær som guttane brukte: Lang underbukse, underbol, ullsokker under kne og skjorte eller bluse. Utenpå bruktes dongrioverhal, nikkers eller dongribukse. Vanleg skotøy som støvlar, beksaumar eller tresko var det dei hadde. Alt etter årstid. Sommertid gikk dei mye i kortbukse og barbeint. Regna det mye så fikk dei regntøy. Mora kunne sy bluser av kvite kveitemelsekker som faren fikk på Tou mølle. Det hende det blei kjøpt inn fargestoff, som det blei farget tøy med. Ein dongrioverhal kostet fem til seks kroner. Barna blei passet godt på så dei ikkje blei sjuke med gode klesplagg. Barna var så vant med å gå berføtt att dei gikk på skulen uten skor til utpå høsten. Lærer Jens Haga måtte gi Laurits beskjed eit år att nu burde han ta på seg skor. Han gikk helt til frosta uten skor. Å gå og hente bær i Tjøstheimlia var ein selvfølge. Her var mye hoggorm men dei blei aldri bitt.

 

Høytidsdagene blei feiret før som det gjør i dag. Julaften og juledag skulle dei være heime, då skulle folk få være i fred og ro. Ingen sjau når kirkeklokkene ringde.
Mora gikk ein del på møter, faren heller sjelden. På julaften etter fjøsstell tok dei på seg godklærne. Treet var pyntet før dei gikk i fjoset. Treet var som regel furu eller enkelte ganger einer. Barna hadde pyntejobben med kuler, flagg, glitter og bomull. Små kaker med hull i hengdes og på treet. Mora hadde bakt grovbrød og kveite­brød. Likeså ein del småkaker. Det samme til påske og. Videre fikk dei små rasjonar med frukt. Det kunne være appelsiner druer, figen, eller dadler.

 

Frå Volda hvor faren var fra fikk dei alltid ein kasse med små­pakker til barna. Her kunne være mørk krydderkake (voldakake), pepperkaker, lefser, dadler, julegeit (sirupsbakst) eller jødekaker. Dette kom fra foreldra til faren og hans søster Laura. Presangane kunne være små spel, vanter, luer osv. Da faren tok opp kassen stod barna spent rundt og ventet. Han tok seg god tid, benket spikrane som stod i kassen, brettet fint papiret og nøstet opp tauverket. Alt blei tatt vare på. Alltid fikk dei nyttige ting av foreldra. Som regel fikk dei klær som dei trong. Mora og faren gikk lite i kyrkja. Helst eldre folk frå gardane gikk fast i kyrkja. Middagen hadde dei tidleg på kvelden. Det vanlege var pinnekjøtt av geit, sau eller enkelte ganger av gris. Poteter, havreflatbrød, fett og kålrot stuing til.


2-Juledag var det juletrefest på gamle skulehuset på Tau, Losjen eller Tjøstheim bedehus. Lærar Jens Haga ba alltid elevane møte opp for å syngje. Dette blei og gjort på basarar. Alle gikk rundt treet i ring, småbarna innerst og dei eldre i ytre ring. Barna fikk essar, vinerbrød, boller eller jødekaker. 

Fra v. Oskar Hebnes, Laurits Krumsvik, Alma og Anna Gjerde, Arne, Laura og Selma Krumsvik og Hans Gjerde.

 

Nyttårsaften hadde ungdommen treff ved kyrkja klokken 23 på aftenen. Her pratet dei og hadde det moro. 
Påsken var dei fleste på Tjøstheim samlet på Middagsåsen for å koke egg. Dette var ein tradisjon som dei hadde. Somme ganger var og barna i ein gammel grunn i Fossadalen å kokte egg. I oppveksten rodde ungdommen over til Klubben og kokte egg og hadde det moro. Jonsok var det bål på Middagsåsen igjen. Igjen var dei fleste på Tjøstheim med. Bålet var som regel laga av einerknagg, og var stort. Dei kunne ha med kaker, appelsiner og bananer. Eller anner god mat.

 

Klesvask var på vaskebrett i eldhuset hvor dei blei kokt i brunngryte. Klær blei skylt i bekken noe som kunne være svært kalt om vinteren. Til inne bruk brukte foreldra sko laget av havrehalm med seilduk under. Om vinteren var "lubbar" mye i bruk av barna. I barndommen hadde dei impregnerte jakker i uvær. Var barna sjuke med feber og sår hals fikk dei sukkerbit med kamfer på. Det blei og brukt kamfermixtur og varm melk. Feber blei tatt med kvikksølvmål. Aldri hadde dei doktor, dette hadde dei ikkje råd til. Ved tannverk drypte faren sprit i tann for å bedøve smertene. Tannkost hadde dei ikkje men tennene blei skylt etter moltidet. Meslingar, kusma, kopper (kregdå) og influensa var vanleg. Heimefødsel var vanleg, da måtte alle barna i huset ut eller til naboene. Mora låg i 5-6 dagar vanlegvis. Barnet blei reivet i lange laken (løyert). Votter og luer spøte mora heime, også finlandshette. Det hende dei blei med til Stavanger for å kjøpe klær. Dette var som regel fin­klær eller tøy som ikkje blei laget heime. Laurits som var av bonde­familie brukte helst berre tresko på skulen. Mens barna fra Tau brukte lærsko. Når dei kom heim fra skulen hang dei klærne fint opp og tok på arbeidsklær.

 

Far til Laurits brukte lite merkedagane. Men bestefaren Lars følgde med og han kunne dagane. Ei almanakk kostet 78 øre før krigen. Lars kunne si følgende før kornet skulle inn: ”Dokk kan holde på til vedå renn av hattebremmen, men da må dere slutte.” Eller han sa i dag er det Jakob vårhatt, Mari vassause osv. Dette er noe som Laurits hugsa han tok fra almanakka.

 

I slaktetida om hausten var barna med og hjalp til. Det hende faren slaktet to griser, ein sau og ein kalv. Han kjøpte og som regel to geiter. Kalven blei solgt. Dei tok godt vare på innmat og blod, innmaten blei skyllet godt i bekken med barnas hjelp. Hjertet, tarm, mellomgulvet, lever, nyrer, hode, labbar og negjå, nesten alt blei brukt. Negjå (innvendig fett på grisen) laget mora svinesmør av. Den blei lagt i gryte og smeltet. Grumset (kjøttrestene) som samlet seg i bunn blei brukt sammen med steikte poteter og løk. Fettet hadde dei i ei skål etter smelting. Så blei det blandet med salt og så stod det ei stund og så kunne dei smøre brødskiva.

 

Mor i huset hadde mye arbeide i huset i slaktetida. Leverpølse, kjøttpølse og blodpølse skulle lages. Videre persesylte, rulle­pølse og sylterull (fleskerull). Kjøtt skulle saltes og tørkes, syltelabbar, grisebog eller skinke. Dei tørket kjøtt til spekekjøtt, pinnekjøtt, tørket eller salt sauehode, saltet flesk og noe hermetisk kjøtt. Som regel tørket dei kjøtt av sau og geit.

 

Husvask eller storreingjøring til jul var dei eldste gutane og jentene med på. Dei laget ”halmdartar” (lokalt uttrykk- små ballar av halm som dei skurte med.) dyppet i vatn og grønnsåpe som dei hadde fin sand på til skuring. Gulv og vegger hvor det var tømret blei skurte, dette ga fin lukt i huset. Det blei og ryddet ute, særleg rundt huset.

 


Breidablikk skule 1929. Første rekke fra venstre: Karl Karlsen, Harald Henriksen, Olav Ingvaldsen, Edvard Nygård, Noralf Østrem, Bernt Håbakk. Annen rekke fra Venstre: Hanna Tjøstheim, Hulda Strand, Berta Langeland, Judit Kleven, Olga Karlsen, Margit Førland, Ester Karlsen, Olina Krumsvik. Bakerst fra venstre: Olav Kristiansen, Arne Krumsvik, Johan Alsvik, Evangelus Merikas, Lars Lendengen. Lærerinne: Ragnhild Bråtveit.

 

Skulegang: Gikk til Breidablikk i samlet flokk annen hver dag. Dei hadde fag som: Rekning, skjønnskrift, lesing, historie (Noreg soga), katekisme/ bibelsoge og tekning som var berre ein gong i måneden. Videre hadde dei naturkunne og litt sløyd. Fra bibelsoga og katekisma måtte dei lære mye utenat. Likeså salmevers og fedrelandssangen. Dei sang før undervisninga og ved skulens slutt. To klassar sammen gikk på lørdagen. Fra fyrste klasse til tredje hadde dei ei lærinde som het Ranghild Bråtveit. Ho var svært nøyen og sørget for att alt var pynteleg og reint. Ved straff bruktes skammekrok eller ein tur på gangen. Dette var ei stor skam. Å sitte etter skuletid var og ei av straffene. Ellers var det normalt å lugge i håret.

 

Fra tredje klasse fikk dei Torbjørn Elleflått til lærer. Ein dyktig lærer og Laurits lika han godt. Fra fjerde klasse fikk dei Jens Haga, han var strengere men meget god til å undervise. Haga var meget sprek og hadde ingen problemer med å stå på hendene. Han var og god å syngje.

 

Skulehuset oppe bestod av to klasserom, eit til lærerrom med eit lite bibliotek. Utedoen var skilt mellom jenter og gutar. I samme bygget var ei vedbu. Om høst og vinter hadde skulen ei dame som fyrte i ovnen. Ho var på skulen og fyrte før barna kom slik att det var godt og varmt. Kona heitte Beate Strand. Vask og rydding stod mora hennar for (Berta Ananiassen?). Ovnane var høge svarte koksovnar med ein skjerm nede så ingen skulle brenne seg. Foran ovnen stod eit tørkestativ. Pultene hadde blyantrenner og hull for blekkhus. I hver doble klasse var dei rundt 15 elevar. Guttane i to rekker langs vinduet, jentene ved døra. Dei mest urolege fremme. Kartverket var på to ruller med snorer i. Det var vanleg å gå frem å peike på kartet da læraren spurde om noe på kartet.

 

Videre hadde dei eit stort skap som skulebøker blei oppbevart i. Og læraren hadde stol med kateter. Far var mest interessert i lesing og geografi. Noregsoga syns han lite om.

 

Lærar Haga var flink til å ta med barna i skog og mark. Ski og skøyter om vinteren, undevisningtimar ute om sommaren med aktiv­iteter i skog og mark. Skulen var og aktivt med i skogplanting. Ellers var skulen på turar som til Utstein kloster, Hogganvik, Vikedal, Haugesund/Haraldstøtta. Da fylgde dei våre stolte fjord­båtar. Foruten var dei på Reinaknuten, Middagsåsen, Kjortåsen, Preikestolen osv. Ein lærar var som regel med på to klassar saman. Læraren hadde god disiplin. Alle hadde med stor nistepakke for dagen. Å slå ball var yndlingsleken. Haga kunne slå ballen over skulebygningen noe som var stort for elevane. I friminutta kastet dei ball i ring, løp kappert, tikken, gjøymelekene osv. Dei store barna, guttar og jenter for seg og dei mindre med anner lek. Det var vanleg att den beste stilen vart opplest, noe som alltid var spanande. Haga var flink til å gi skryt etter ein god innsats.

 

17-Mai: Besteklær blei tatt på for så å gå i tog fra Tau kai til Strandakyrkja. Foreldra var sjelden med i toget. Klokken 14 begynte lekene ved Losjen på Tau. Alle skulebarna fikk ei gratis brus. Lekene foregikk på ei eng og her kunne være mye moro. Bl.a. kappspringing, springe med egg i skjei.  Eller sitte på bjelke å prøve med puter å slå hverandre ned. Videre ei flaggstang innsmurt med såpe som skulle klatrast til toppen på for å hente ein gevinst til den som klarte det. Ringkast var og ein populær lek. Premiane kunne være ein kniv, belte eller ein pose med småting oppi. Kornelius Moen fra Bjørheimsbygd solgte heimelaga is. Isen var gulfarga og var svært god. Rett før krigen kostet isen 25 øre. Penger fikk dei lite av men litt fikk dei av besteforeldra og noe hadde dei klart å spare. Bestefar Ole hadde vart turnar, han hadde opptreden fleire år.

 

Konfirmasjonen var eit problem med å få penger til å kjøpe nye klær. Da far skulle konfirmeras hadde faren ein flott slaktegris som han skulle selge. Dessverre daua grisen, så det blei dårleg med pengar. Men til slutt fikk dei tak i klær. Det ordnet seg alltid men det kunne være hardt. Far hadde lærsko, dress med kvit skjorte og sløyfe. Konfirmantfesten hadde dei heime med kjøttmiddag og saft og vann. Dei voksne hadde litt øl eller vin. Faren hadde alltid godt øl eller vin stående. Han var dyktig å brygge. Når barna var konfirmerte fikk dei smake på litt vin eller lettøl som tystedrikk etter middagen. Når det var varmt i høyonna kunne dei få eit glas med ein blanding av sterk og lettøl som var heime laga.

 

Å gå på basar i ungdommen var alltid moro, vel kunne det bli ein del knuffing og høyrøsta snakk. Ute i gangen stod alltid ein gjeng ungdommar. Noen hadde alltid fått litt mye og måtte vises på dør. Ungdommane fra Heia var som regel dei værste mente Laurits. Drikkevarene bestod av mye heimelaga øl og vin. I den spede ungdommen kunne dei kiøpe vørterøl som blei blandet med vatn sukker og gjær. Dette fekk dei ha litt av heime og i liten målestokk. Var dei på fest fikk dei beskjed om å komme roleg heim og ikkje støye og bråke.

 

Hans og Einar Gjerde, Lars og Laurits Krumsvik.

 

Ungdommen på Tjøstheim samlet seg og marsjert til Strand på lørdagkveldane. Dei stemde i og sang og lærar Haga stod mange ganger på trappa og høyrde på dei. Han var imponert over hvordan ungdommen holdt sammen. I tenåra gikk dei til Strandakrossen og kikket og hørte på dei eldre ungdommane. Dette var spanande og få sjå korleis dei knuffa og småslost. Ellers var det alltid noen som hadde ei flaske med sterke saker i.

 

Etter endt syvårig skule var det å søkje jobb. Det var ikkje snakk om utdanning og karriere den gang. Det blei da folk av dei og. Søsteren Ingeborg tjenestegjorde i Stavanger og på Tasta, mens Lena tjente i Voster hos Erik Varlandsli. Laura var litt på hjemmehjelp, ellers heime på garden. Ludvig reiste til sjøs i tjue års alderen. Broren Ole var omtrent eit år sammen med Ludvig på rederiet Vilhelmsen. Båten het Mexico. Ole var uheldig ombord å fikk ein stor koksbit i hodet og fikk deretter ein hjernesvulst. Han hadde store smerter og synet var borte i periode Da han kom heim jobbet han ei stund hos Markus Foss. Han blei berre verre og døde 15. Mai 1937.

 

Lars reiste til Stokka og Tasta og tjenestegjorde på gård. Han jobbet og på gården til Tormod og Eirik Strand. Laurits jobbet heime på gården. Han blei ført opp som dreng og trivdes med det. Han fikk ikkje noe særleg lønn men fikk alt han trang av klær, utstyr, mat osv. Dette fikk faren skattegoder av.

 

Arnt var heime til i 50 åra og jobbet som snikker og hos Brødrene Tjøstheim. Han var og ein tur på sjøen og jobbet på Stavanger Stål på Jørpeland.

 

Arne tjenestegjorde på i alt fire gardar på Rennesøy etter på konfirmasjonen. Siden Stavanger Stål på Jørpeland og siden på Sandnes Tegleverk. Ane var på foretning i Stavanger. Hun var og i Oslo og tjent i eit år. Ane og Lena var og i Frelsesarmeen.

 

Laurits tenkte aldri på å gå på skule, gårdsarbeide var det han trivdes med. Foruten å jobbe heime jobbet han ein del på Foss sin gård på Tjøstheim. Her var mye folk å hentet moreller i sesongen. For å hente ein kasse fikk dei 50 øre. Kassen var rundt ti kilo. Det meste dei kom oppi var rundt fem kassar dagen, og det var god lønn. Dette var moro og dei holdt mye sjau. Markus Foss og kona var greie folk. Laurits arbeidde og med annert gårdsarbeide som steinhenting og var med i kornet.

 

Heime på garden gikk faren på Tou mølle for å få pengane til å strekke til. Det var harde tider med mye arbeide. Eng og åker opp­tak, stelle dyra, skogsarbeide og vedhogst, rydding, stell av korn­åkeren, mure gardar, grøfting, kjøre ut hevd osv. Redskapene var ikkje rare og hest hadde dei ikkje alltid. På gården hadde dei poteter, kålrot og gule erter i kornåkeren noen ganger. Videre såddes havre litt mainepe og persille. Foruten hadde dei noe frukt og bærbusker.

 


Ca 1930 Ole Krumsvik med familie.

 

Om vinteren kjøpte far storsild, to til tre kasser og solgte. Han startet fra Tou kai med hest og langkjerre videre opp Våningane ved Tou mølle, Hemsen Minde, lensmannen og videre til Prestegarden. Foruten rundt på Strand og Tjøstheim. Det hendte noen prutet.

 

For vintersilda kunne han få 20 øre stk og vårsilda 4-5 øre. Han ga 5-6 kroner kassen. Pengene gikk hovudsakleg til familien. I mars eller april kom storseien (skrubbseien) denne kunne selges for 1,50-2 kroner, heilt etter størrelsen. Faren røykte og tørket sild og den var særleg ettertraktet i Bjørheimsbygd og Holta.

 

Laurits begynte å røyke i 16 års alderen. Først i fjøsstellet tok han seg ein og anner røyk så ingen skulle sjå det. Siden røykte han mere åpent i 17 års alderen. Rød tidemann kostet 75 øre i 1936. Det var ingen aldersgrense på røyk. lngen kvinner røykte på den tiden. Faren advarte ungane og sa det var uheldig å røyke, dessuten var det og ein unødvendig utgiftpost.

 

Da dei tjente litt penger sjølv oppsøkte dei foretningen til Sjøkvist på Tou. Ein full spisspose med snop kostet 25 øre og ein sjokolade fra 10-25 øre. Av karameller var det 1, 2 og 5 øres av.

 

Arne Krumsvik på hesten.

 

I ungdomstida kunne dei finne på mange ablegøyer. Ja, noen av dei var nok på kanten som denne. Ungdomsgjengen hadde vore på Hauen og drukke vin. På vegen heim gikk dei forbi Emil sitt hus. Bror til far som var fæl til å lage ablegøyer gikk sist. Brått hørte dei eit ul, og sagekrakken som stod utenfor flaug inn gjennom dørene. Alle satte på sprang heim og gjøymde seg i kjerresvåla unntatt han som kastet sagekrakken. 


Han grov seg langt ned i høyet i løa. Emil hadde sett han men fortalde siden att han ikkje turde gå inn da han var redd for å få ein hesjestaur i hodet.

 

Ein anner gang var dei i Leabakken og drakk vin. Da blei dei var Arne, han sprang att og fram på løetaket. Brott satte han i eit vræl og for utfor, dei trudde han hadde skamfore seg. Dei sprang til men han hadde berre spilt dei eit puss og hoppet rundt og var like sprek. På fine kveldar spilte dei eldre poker hos Albert på ei tønne. I eine enden var ei sprekk i tønna så her gjaldt det å få sope ned noen mynter. Her kunne dei sitte og diskutere politikk og religion som var som regel temaet.

 

Da krigen brøt ut husket Laurits det kom mange krigsfly over Tjøstheim. 
Flya var på veg til Sola flyplass. Da Ægir den norske kanonbåten blei bomba låg dei i graset på Hedleleitet og såg tri jagerfly stupte mot båten. Ei stor eld­kule skjøt i været og eit drønn. Det eine flyet forsvant. I krigen endret matvanene seg da fint korn ikkje kunne skaffes. Dette ga mørkt brød med lite sukker i. Tobakk dyrket dei heime og solgte på svart i Stavanger. Alt som skulle kjøpes måtte dei ha rasjoneringskort på. Slakt lurtes unna og blei solgt på svarte­børsen eller byttet i andre varer.

 

Folk i Stavanger flyttet rundt omkring på bygdene. Heime på gården på Tjøstheim var i begynnelsen tre gutter. Dette ga litt penger til gården som sårt trengdes. Siden kom kjærestene til guttene også dei blei buande. Guttene arbeidet på Marshove for tyskerne, veier, grunner hvor dei fikk jobbe. Om sommeren leigte foreldrene ut heile annen etasje. Laurits og dei andre søskena låg i løa. Oppe på loftet var ein liten kjøkken. Mange folk kom og gikk. Ole og Anbjørg, foreldrene til Laurits låg i fyrste etasje, dei hadde eit provisorisk kjøkken i kjelleren. Fra juni til august var Ole permittert på Mølla. Det kunne ikkje lages malt av kornet da, som var jobben hans. Ole var dyktig å skaffe mat, sjølv om dei ikkje hadde så stor variasjon i kostholdet så svalt dei ikkje.

 


I 1941 kom arbeidstjenesten til Tjøstheim. Dei innlosjerte i gamle­huset hos Foss. Her var både kvinner og menn, så det kunne være mye moro for ungdommen. Arbeidet bestod av gårdsarbeide og mye granplanting. Folk til arbeidstjenesten kom fra heile landet. Dei marsjerte med spaden på aksla. Laurits husket han såg den fyrste kvinna som røykte på Tjøstheim. Dette blei det mye snakket om. Seinere kom mere folk, og noen bodde hos Erik i Tjøstheim og i bedehuset.

 

Tyske soldatar var stadig rundt på gardane og ville kjøpe ting. Dei betalte godt og var stort sett greie. Å ha radio var forbudt, men Ole hadde sin i ein liten hiller oppe i markja. Da han skulle høre radio måtte han ta den i løa for å få straum. Han tok da eit rislass og drog det heim med radioen inni. Han låg i løa og lyttet på radioen på Englandsendinga. Fleire folk på Tjøstheim jobbet for tyskerne på Tjøstheim. Dei la seg opp penger som dei hadde goder av etter krigen. Laurits blei beordret til å gå vakt i Jørpelandsdalen for å passe på rørledningane til kraftstasjonen ei tid. Siden fikk han jobb på stålverket. Dei tyske soldatane hadde stor disiplin når dei marsjerte rundt Bjørheimsvatnet. Dei var meget dyktige til å syngje. Laurits og ---- kunne godt huske strofer av sangene deres.

 

I 1946 var han på militærtjeneste på Madla i tri uker. Siden til Lyngdal, her var tri leirar med tyske fangar. Dei blei ut skipa fra Kristiansand. Han var med i vaktjenesten. Prøvde fangane seg på noko hadde dei instruks å skyte i underlivet. Militærtjenesten varte i fire månedar. Maten var god med corn beef, hermetisk pølse, fisk, lapskaus o s v. Brødmat som loff, grovbrød med margarin kakao, kaffi, sviskegraut og hermetisk frukt. Dette må ha vore litt av ein overgang.

 

Dei eldre ungdommane på Tjøstheim hadde forskjellige plasser hvor dei møttes. I Leabakkjen og på Hodel på Tjøstheim og små naturenger var fine plasser i godvær. Ellers kunne dei være på Knubben ved Ronnane eller Mariflåta ved Lendingane. Her hadde dei sveivegramafon, dei diskuterte turar, politikk, dansa osv. Gamle danseplasser var ved Torvmyrane ved Monane eller ved kvigehuset til Tilset på Tjøstheim. Dei hadde gramafonplater av Book Jensen, Reidar Andresen, Magnus Samuelsen, Einar Rose, Setterstrøm, Kristoffersen og Olav Verner. Hans Gjerde var god og spille trekkspill. Dei var mye på basar i Bjørheimsbygda, Heia, Tau bruk, Losjen på Tau og bedehuset på Tjøstheim. 
Kjønnslivet var ikkje godkjent å snakke om. Dette måtte dei finne ut av sjølv. Det blei knapt godkjent att kjærestepar gikk hand i hand.

 

Lars og Oline Gjerde, Besteforeldrene til Laurits

 

Søndagen var ein dag da dei skulle helst ikkje arbeide unntatt det heilt nødvendige som fjøsstell o l. Bestemor kunne ikkje finne fram spøtet eller annar håndarbeid. Ein gong ungdommane "donsa" med pengar kom ei gammel kone forbi og sa følgende: Dere må ikkje spela med pengar, det haustar armod!

 

Da dei kunne møte opp til valg anbefalte faren dei å stemme på Venstre. Dette meinte han var eit godt parti, arbeiderpartiet var ikkje likt av bøndene. Heime blei det diskutert lite politikk. 
På fine sommerdager lånte ungdommen båt og rodde over Bjørheimsvatnet til Klubben eller holmen. Her hadde dei dans og mye moro. På holmen var det på den tid mye måke og andereir, siden kom det mink og reira forsvant. 
Laurits jobbet på Stålverket og hadde motorsykkel som han kjørte 
mye med. Motorsykkelen var ein AJS 350 ccm og denne hadde han i mange år til han solgte den. I forlovelsestida var han og forloveden med eit anner par på fleire turar rundt omkring i fjordar og gardar på indre vestlandet. Da låg dei i telt eller på billege overnattingsteder. 


Laurits giftet seg i 1951 med Selma Tjøstheim og flyttet til Holtakrossen i nærheten av Bjørheimsbygd. Her blei hans to sønner født og vokste opp.

I begynnelsen av 60 åra flyttet familien til Tjøstheim for siden å bygge hus i Prestemarka på Tau. Familien flyttet inn i 1964. Laurits jobbet 38 år på Stålverket til den store konkursen kom, da blei han og mange andre sagt opp. Det var hardt å gå heime og dette tok på helsa. Etter ei stund fikk han jobb på Tou mølle. Her blei han varande ei tid til han blei oppsagt igjen pga innskrenkinger. Fra da av blei han på uførtrygd til pensjonsalder. Pensjonsalderen ble mye brukt til å hjelpe sine barn og slekt og venner. Han var mye sammen med sine to sønner på vedhogst og turar i skog og mark. Det var dette han likte, naturen stod han alltid nær. Den siste tid var han mye med på å redde Tøgjevågen fra å bli øydelagt og bygget ut til industriformål. 


Den siste tida var han mye sjuk, hjarta sviktet og han døde mens han holdt på med det han likte best, å stelle med bjørkeved. 
Laurits døde så altfor tidleg, men dårlege lunger og hjarte etter narmere 40 års sigarettrøyk knekket han.

 

Huset på Tjøstheim som brant i 1972