Sjøormen og havhesten var ikkje vidare vener. Stundom jaga havhesten sjøormen inn i fjordane og la seg sjølv på vakt utfor så ikkje sjøormen kunne røma. Slik bar det til at ein sjøorm vart dreven inn mot Høgsfjorden. Der la han seg til i mange veker og var så lang og kjempestor at han stengde alle sund. Folk kunne ikkje ferdast på sjøen. Ved Hølekyrkja var det messefall fleire gonger fordi strandapresten ikkje kunne møta fram til aneks kyrkja. Folk ergra seg mykje over dette, og det vart bede i kyrkjene om at Vår Herre måtte senda havhesten innover og fria folket ut.
Så ein dag kom den veldige havhesten innover og møtte sjøormen. Det vart eit yeldig basketak og sjøen stod ei tid i kok og rek. Då havhesten fekk overtaket låg sjøen att som blod. Havhesten storma ut mot havet att og folket gledde seg over fridomen.
Ei liknande hending gjekk føre seg ved Hjelmeland. Der vart bakstetaket like stort. Sjøormen vart drepen og rek i land. Der vart han liggjande og rotna og forpesta bygde i lange tider. Havhesten gjekk heller ikkje skadelaus ut or kampen. Kva skade han fekk, veit ingen. Men sjøormen må ha bite av han eine hoven. Han rek i land i Hjelmelandsvågen og bonden på Sæbø tok seg av han og bruka han i mange år som mjøl kar.