Ein gong i barneåra kom eg ein vårdag til ein husmann eg ikkje hadde vore hjå før. Han var venteleg ungkar og hadde to systre hjå seg.

Den dagen var alle i fullt arbeid med potetsetjinga. Åkeren var nok den same som dei hadde bruka til dette gjennom mange år. Det var hardt arbeid for gamlingen, han spadde forene åleine. Gjøtsla var trilla ut med hjulbår og låg i muver bortover åkeren. Det var sauegjøtsel, truleg den einaste dei hadde. Den eine gjenta fylgde spaden og sette potene i jorda. Slik var eg van å sjå det hjå mange. Men eg vart forundra over det den andre gjenta stelte med. Etterkvart potetene var sette, gjekk ho langs fora og gjøtsla. Det vart gjort på den måten at ho gjekk til næraste gjøtseldunge, tok ein passe porsjon mellom hendene og gnika den pulverfint over potetene; det var reint rørande å sjå på, og eg kan minnast og tenkte at dette måtte kallast å vera trugen over lite. Eg fekk ein vyrdnad som ikkje har minka for desse gamle.
        
Ein liten, seig bonde sat på eit magert småbruk. Det var tronge kår både for folk og fe. Kvart år kom han i forknipa, og kunne han då få tigga til seg ei halmbør, bar han henne på heimvegen så lett som ho ikkje tyngde. Ein fjerdingveg lenger borte låg ein av dei største gardane i bygda. Eigaren fort­alde meg at han mest årvisst måtte hjelpa småbonden i fornaua. Til gjengjeld kom han eit år og baud seg til hjelpa med korntreskinga Det var han velkommen til, men då han etter arbeidet om kvelden skulle gå heim, bad han om å få ta med seg ei lita halmbør. Ja, det skal du få, sa mannen, og lat ho vera så stor som du vinn bera. Men det han då fekk sjå, kom han aldri sidan til å gløyma, og eg trur han må ha fortalt det mange gonger også. Mannen la så mange fengjer på børatauet at det tilslutt vart meir eit lass enn bør. Ja, denne børa vinn du aldri heim med, sa bonden. Men med litt hjelp fekk han reist seg og rusla iveg. Mannen kunne han ikkje sjå det var som eit digert halmlass som seig bortover. Eg stod og fylgde med, fortalde mannen, til halmberget kom av syne bak leite og tenkte at der for den største halmbøra som nokon gong var boren i Strand sokn. 

 Peter Barkve, fra Strandbuen 1989