Strand Historie- og Ættesogelag har freista å laga ei så komplett oversikt som muleg over utvandra strandbuar til Nord-Amerika i hundreårsbolken frå rundt 1833 til 1928. Men kyrkjebøker og andre kjelder frå denne perioden er dessverre langt frå fullstendige, og kjeldene inneheld også av og til feil opplysningar. Såleis er det vanskeleg å få alle med. Det er derfor viktig at folk som kjenner til personar som har utvandra frå Strand i den aktuelle perioden som ikkje er komne med eller som oppdagar feil i oversikta, tar kontakt med utgivaren.
Det er nå etablert ein database som vil bli ajourført etter kvart som nye opplysningar dukkar opp. Vi har presentert utvandrarane kronologisk etter kva gard dei kom frå. Ekteskapleg stand er oppgitt (g=gift, ug=ugift, enk=enkemann/enke). Så langt det har vore muleg, har vi for kvar person oppgitt referanse til sidetal i ”Folk i Strand” av Jan Alsvik.
Vidare har vi referert til databasen over utvandrarar som Digitalarkivet har gjort tilgjengeleg via Internett, og i enkelte tilfelle til kyrkjebøkene for Strand (kb).
Det er også vårt håp at vi på eit seinare tidspunkt skal kunna utvida databasen med fleire opplysningar om dei personane som utvandra. I så måte vil alle opplysningar om kva som blei deira lagnad i den nye verda, vera av interesse.
Så langt er vi komne til at minst rundt 1 200 personar utvandra frå Strand i den aktuelle perioden. Men alle desse blei ikkje verande der borte. Vi har registrert at 101 personar kom tilbake til gamlelandet og blei verande her for godt. Som eit kuriosum kan det også nemnast at tre av dei som hadde meldt frå om at dei ville utvandra, drog ikkje. Ein av dei kom slik i tvil at han snudde på kaien! I figuren nedanfor har vi vist korleis utvandringa frå Strand fordeler seg over tid.
Det framgår av figuren at utvandringa frå Strand først fekk eit større omfang etter 1850. Det var ein klar topp i utvandringa i perioden 1860-69. Deretter fann det stad ein gradvis reduksjon i dei neste tiåra, bortsett frå eit kraftig oppsving i det første tiåret etter hundreårsskiftet. Det må leggjast til at vi ikkje har nøyaktig tidspunkt for når om lag 20 % av dei registrerte personane utvandra.
Ser vi på fordelinga av utvandrarane på kjønn, viser det seg at 746 av utvandrarane var av hankjønn, dvs. 62 %. Vidare var dei fleste ugifte. Bare 232 var gifte, men i tillegg kjem nokre enker og enkemenn. Her må det leggjast til at desse prosenttala inkluderer også barn.
I 1855 var det 1 957 innbyggjarar i Strand. Det var ein kraftig auke frå 1825 då det var 1 288 menneske i Strand. I 1875 var innbyggjartalet auka til 2 271. Deretter heldt det seg nokså stabilt i dei neste tiåra. Når truleg over 1 200 personar utvandra til Amerika fram til 1928, er det såleis ein etter forholda stor del av strandbuane som fann vegen over havet.
Det er interessant å freista å følgja utvandrarane vidare etter at dei kom til det nye landet. Det finst i dag ei rekkje slektsbøker som er utgitt av etterkommarar etter utvandra strandbuar. Desse kan vera ei nyttig kjelde dersom vi vil prøva å finna ut meir om utvandrarane etter at dei kom til Amerika. Ofte reiste strandbuane til stader der slektningar eller naboar alt hadde etablert seg. Når vi reiser både i Iowa og Minnesota, som var dei delstatane som tok i mot flest nordmenn, finn vi fleire stader at det var mange strandbuar på same plassen. Eit døme er Karl Johannes Henriksen Helland som utvandra i 1865. Han slo seg ned i Holt Township i den søraustre delen av Minnesota. Der hadde Marta Tollefsdtr. som kom frå husmannsplassen på garden der Karl var husbond, og mannen hennar Thore Eriksen Kvam for lengst etablert seg etter at dei utvandra i 1856. Det fanst også fleire folk frå Bjørheimsbygd i det same området.
Lars Asbjørn Nag 17.9.2000
Database
Vår database finner du her (nedlastbar i Excel/Calc)