Tore Barka var nærmast ein institusjon på Jørpeland. Han var fødd på bruk 5 på Barka i 1894 og var yngst i ein søskenflokk på sju. Foreldra var Thore Tormodsen frå Nag og Gurine Kristoffersdotter frå Barkved. Alt i 1915, berre 21 år gammal, etablerte han seg med landhandel i Vågabakken. Han dreiv ei mangslungen verksemd. Såleis heiter det i «Det norske næringsliv» frå 1950: «Landhandel, trelastforretning, sagbruk og innramming av bilder».

Barnebarnet Ove Jakob Larssen gjorde i 1978 eit filmopptak med Tore i krambua. Han døydde i 1979.

Trykk på "Siste nytt" for å sjå lenke til filmen.