Pilt-Ola vart fødd fattig, og han døydde fattig. Mellom dei to ytterpunkta vart han rik og førte eit makelaust liv. Det var ei klassereise tur-retur, fortalde Tora-Liv Thorsen i eit engasjert foredrag for over 100 frammøtte i kinosalen i Torghuset måndag 18. mars.
Den segnomsuste Pilt-Ola vart fødd som Ole Olsen Sangesand i 1779 og levde til 1858. Han var husmannsson frå Bakken i Lysefjorden, men drog til Stavanger for å slå seg opp der. Han vart borgar i byen i 1811, og ei tid var han den største skattytaren i Stavanger. Han var ein initiativrik entreprenør som alltid prøvde å setja i gang nye – og mest umoglege – ting. Han importerte korn for å selja rimeleg til fattige folk i Ryfylke. Han introduserte ein ny måte å salte sild på, vart rik på det, men møtte motstand frå dei fine byborgarane og gjekk konkurs. Han starta tamreindrift i Sirdal, og han sette i gang produksjon av ulvegift. Dette var ei tid då ulven tok livet av store mengder husdyr, både sauer, geiter, kyr og hestar. Men rik vart han ikkje på det.
Mest kjent blei kanskje Pilt-Ola for vandringane sine, anten det nå var rundt Lysefjorden eller til Beringstredet og tilbake. Ole Olsen Sangesand døydde 79 år gamal i 1858, sjuk og fattig, men etter å ha levd eit rikt og eventyrleg liv.
Etter dette vart han lenge gløymt, men journalisten og forfattaren Jon Moe lyfte han fram att i ein dokumentarisk roman i 1972. Etter årtusenskiftet starta dåverande ordførar i Forsand, Ingeborg Søyland, eit arbeid for å få Pilt-Ola og hans historie fram i lyset att, og det munna til slutt ut i spelet om Pilt-Ola, som to gonger er blitt framført på Bakken i Lysefjorden, og som 4. og 5. mai i år skal framførast ved Preikestolhytta.
Skodespelaren Torfinn Nag, som har skrive manus til og regissert spelet, fortalde måndag om arbeidet med å skapa den dramatiserte historia om Pilt-Ola. Han hadde tidlegare vore med på andre spel, blant anna i Sogndalsstrand, og fekk augo opp for Pilt-Ola ved feiringa av 150-årsminnet for eventyrarens død i 2008. Han kom etter kvart i kontakt med Forsand teaterlag, las boka til Jon Moe og byrja å skriva spelet. – Eg tykkjer det er fascinerande med slike spel, der både profesjonelle skodespelarar og amatørar deltek, seier Torfinn Nag. Song og musikk spelar også ei viktig rolle, med musikarane Johan Egdetveit og Gaute Vikdal. – Nå har spelet gått seg til, og eg gler meg til førestillingane i mai, seier skodespelaren.