Historielaget arrangerte ein busstur til Hjelmeland 8.6 med 25 deltakarar. Arne Kleppa var med på turen og fortalde under vegs bl.a. om brørne Peder og Malenius Måland. Me fekk ei interessant omvising i Årdal gamle kyrkje ved Nils Viga Hausken. Lapskaus blei servert i Spinneriet på Hjelmeland som blei restaurert tidleg på 1990-talet med hjelp av den kjende arkitekten Per Line. Det blei og tid til ein liten rusletur i Hjelmelandsvågen før turen gjekk vidare til Apal Sideri på Sæbø. Der fekk folk høve til å kjøpa eplecider og eplejus. Det var også muleg å få smaka på produkta deira.

Hjl 0806                      IMG 6658 LAN B