Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Eike, Jan

Minner Frå Gamle Dagar! 
           

Jan Eike f. 1929

Eg er født på eit lite gardsbruk i slutten av 20 året nærmare bestemt 1929. Og kan ganske godt hugse tilbake til 1934 for då begynte far på staalverket. Før den tid var han på sildefiske om vinteren, og diverse små arbeid rundt om kring i bygda. I blandt annart var han på vegarbeid. Timelønn på staalverket var 85 øre, og ei krone timen når han gjekk nattskift. For oss som var ungar var forholda helt forskjellig enn notida. Der var ingen straum, den fekk me i 1940. Radio var det einaste me hadde frå utanverden. «Batteriradio»


Eg er føde tvilling (med ei jente), og til saman var me fem søsken. Tre gutar og to jenter. Tvillingane var yngst av søsknene og dei blei brukt til alt som skulle gjerast.

Anna Eike 1889-1975 og Jakob Eike 1892-1976

Om våren var det å henta på stein, sette poteter, pløya og havra «med hest». Så korn, køyra ut hevd og alt som høyrde til eit lite gardsbruk. Om sommaren var det slåtten, som blei slått med maskin for hest. Me tørka høyet flatt, sete høyet om kvelden og kasta det om morganen. Måtte som regel sete høyet tre ganger før me kunne køyra det inn. Om høsten var det å få avlingane i hus. Poteter skulle opp av jorde, kornet skulle skjærast og tørkast. Det blei skjært med sigd, og tørka på staur. Det måtte vera godt tørt før det kunne køyrast i hus, for seinare å bli (trukst). Då var det eit stort treskjeverk som blei køyrt frå gard til gard. Det var alltid stor ståhei når treskjeverket kom til gards. Det var ein eigen mann som følgde treskjeverket, som besto av tre deler. Først treskjeverket, ein stor motor og hakkar. Hakkaren var til å kutte opp halmen med. Det måtte tre hestar til for å flytte alt.

Familien Eike: 
Midterste rekke nr 4 fra v. Anna Eike 1889-1975, Jakob Eike 1892-1976.

På garden (fødde) me fire kyr ein hest noen sauer, og ein del høns. Hønsene blei produsert heime. Når ei høne blei (SUD) blei det lagt egg under henne 15 til 20 så mange som høna kunne dekke. Etter noen veker kom det kyllinger. Men det forutsette att det var hane i hønsegarden. På garden hadde me ein okse. Folk i frå Tungland i aust til Nag i vest kom med kyr når dei skulle til oksen. Det var ingen kunstig befruktning i dei dagar. På garden hadde me som sagt også sauer. Dei blei sendt til «heis» heia om sommaren akkurat som i dag, men då blei det ikkje brukt lastebilar slik som no. Dei blei drevne heimante og heilt fram til beite som var Lyngsheiane, det tok gjerne både to og tre døgn. Som for til sauene om vinteren var det høy det meste av maten, men det blei også lagt «kjerva». Det blei laga for det meste av bjørk. Då sagde me ned bjørketrena i august etter slåtten, lagde passe kjærvar som blei tørka før det blei lagt inn i sauehuset. Sjølve bjørketrena blei brukt til ved om vinteren. Etter at sauene hadde ete av bjørkelauet blei kjørvene brukt til å fyra under vaskegrytene, og bakstehella i eldhuset. Me hadde også eiget eldhus som besto av grue, og vaskerom i eine enden veasvål i andre. Om sommaren blei all mat kokt og servert i eldhuset. Då blei «Storhuset» leigd bort til «byfolk», som var nokså vanligt på den tid. Der var «byfolk» på mange garar, det var for å tjena noen sårt trengte kroner. Byfolka var der heile sommaren så lenge skule ungane hadde fri. Heima hjå oss leigde me ut til to familiar frå Stavanger, dei hadde kjøkken og to stover. Sjølv sov me oppe på lemmen i stovehuset. I eldhuset blei all mat laga med unntak av brød som blei bakt på kjøkkenet, og steikt i ein vedfyrt steikeovn. Bakverket besto av hedlekake «potetkake» to til tre ganger i veka. Flatbrød, kråtekaker, saubkaker og lefser i svære ruer som blei lagt oppe på lemmen i svære kister. På garden var me fleire generasjoner. Der var ingen gamleheim på den tid. Heima budde besta (som var enka) som var eit veldig driftig menneske.

Jakob Eike  1892 - 1976.  I naustet ligger Gavlabåten.

Om vinteren sat mor å karte «ull» besta spann og spøte så snart dei hadde ei stund. Dei spøte alt fra sokkar, gensere, huer, våtter, underbukser og undertrøyer. Me var som sagt sjølv hjelpne med nesten alt. Det einaste som måtte kjøpast på fortetningen var sukker, salt, parafin, såpe, vaskepulver, «grønnsåpe», kaffi og av og til brød. Heim lagde me også ost, smør, fadost og gammalost. Kveldsmaten besto for det mesta av havregraut, vassgraut med sukker på kvar kveld, om dagen var det for det mesta hedlekaker med sukker på. Alt kjøte som blei brukt blei slakta på garden, og til jul var det alltid julegriser. Når det gjalt griseslaktet var det alltid ein slakter som kom til gards. Av grisen blei absolutt alt brukt med unntak av øyrene og «busta». Der blei laga pølser sylteflesk blodpudding med «mes». For å oppbevara kjøtet blei det salta, der var ingen fryser. Me var så heldige at garden ligg ned til sjøen så all fisk blei tatt for eigen hand.

Jakob Eike 1892-1976 fisker i fjorden 
Båten var ca 16-17 foot, bygd av Kristian Heimlund.

Eg likte godt å vera på sjøen å fiske både med garn og handsnøre. Det var alltid mykje fisk å få.
Me hadde også tid for mykje leik og moro. Om vinteren sklei med på krubba, og seinare ski. Når fjorden hadde fråse til gjekk me på krule skeiser eller stokkaskeiser.

På fjordisen utfor Barkved, Ingolf Barkved med hockeykølle og to venninner på krøllskeiser.

Om sommaren leikte. Me mykje i bekken som me hadde demt opp, der hadde me små båtar og «kadl» som sveiv lenger nede i bekken. Hvis me var mange i lag kunne me slå ball (eppa) spenna fotball, og mykje annart. Sjølv om me hadde mykje fri hadde me alltid noen forpliktelser. Eg var den som måtte passa å på å få sauene heim om kvelden, og gje dei mat.
Når det gjalt sko var det mest tresko me gjekk på. Fylla byslaget med tresko var eit vanligt syn på den tid. Treskoene kjøpte me på Barka av ein som gjekk under navnet «Tommes», han lagde tresko og river. Om sommaren gjekk me med nakne føtter, då sparte me på skona. Me hadde også gummi sko og eit par bestesko. Av klær var det for det meste dongeritøy som blei sydd heime, både til bukser og bluser.

 

I 1936 begynte tvillingane på skule. Det som var fordelen med å vere tvilling var at du hadde alltid lag. Sjølv om det var med ei jente så hang me i saman som «bakhahodn». Å begynne på skulen i dei dagar var vel ikkje så stor forskjell på dei som begynner i dag bortsett frå utstyret. Me hadde ransler med penalhus og bøker. Den største forskjellen var vell at me skreiv med penn og blekk, i dag er vel det slutt. Me gjekk tre år i barneskulen og fire år. Dei tre fyrste åra hadde me frøken dei siste fire åre lærar. Som alltid var ein mann. Til saman sju år folkeskule. I Strand var det kun sju år folkeskule fram til miten av 30 åre, då starta dei opp med «Middelskule» som det den gong heite. Den var treårig og frivillig. Av fag var vel rekning det som eg likte best å skriva stil var vel det eg likte minst. Geografi og historie likte eg og godt.

 

I 1940 kom krigen. Då var eg 11 år og det hugsar eg veldig godt, har mange både gode og vonde minner frå dei dagar. Det blei innført rasjonering på absolutt alt. Mat, klær, sko, tobakksvarer, alkohol, såpe. ets. ets. Dei som hadde radio måtte levera den inn til myndigheitne, likeins våpen. For oss som hadde hest måtte me møta på Tau med hesten. Tyskarane tok dei beste hestane. Heldigvis var vår eigen «Samson» for gammal så me fekk han med oss heim. Då vart eg glad. Men det var mange som aldri såg hesten sin igjen.

 

Me hadde også eigne pengar under krigen «papirpengar». Der var einkroning og tokroning av papir som me kalte for uslingar og øvslingar. Det gjekk to uslingar i ein øvsling.
Det var mange Tyskara på Jørpeland, og det fyrste dei okkuperte var Staalverket. Det var piggtrå sperring rundt heile Staalverket. Miner og store skilt fortalte (Achtung minen legemgefahr.)

 

Noe av det me hugsa best frå krigen var når tyske jagerfly skaut ned eit engelsk bombefly, som datt ned på Svines. Me var på skulen når flyalarmen gjekk, og alle elevane måtte i kjellaren. Når flyalarmen var over fekk me gå heim. To av flygarane hadde hoppa ut i fallskjerm og landa rett ved sida av heimen vår. Dr. Hagemann var komme og sjekka om dei var skadd. Dei var i god form. Seinare så kom tyskarane og førte dei til Stavanger og vidare til Tyskland. Det høyrer med til historien at dei engelske flygarane overlevde krigen.

 

Det var også mange andre ting som skjedde om ikkje fullt så dramatisk. Blant annar fekk me rett som det var besøk av tyskara. Dei leia etter rømlingar våpen radio ar, det var som sagt strengt forbudt å ha det i hus. Dei kom farande med bil eller motorsyklar og hylte å skreik på tysk. Dei romestrerte heile huset, heime hjå oss fann dei aldri noko.
Det blei også innført «grenseboerbevis» det vil sei at alle som var 15 år eller meir måtte til lensmannen for å få eit slikt bevis. I 1944 var me femten år og då måtte me til lensmann Haugen på Tau for å få oss «grenseboerbevis». Eg kan hugse me sykla fram og tilbake, me var veldig krye når me hadde fatt det.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rasjoneringskort

 

Som sagt var alt rasjonert og me som hadde gard måtte tvangslevere kom til tyskerne. Det var etter at me hadde «trykst» så kom ein mann og delte sekkane med korn. Kan hugsa at far gjøymde vekk noen sekkar før oppsynsmannen kom. Kan ikkje hugsa kor stor del me måtte levere. Under krigen var det også forbudt å dansa. Men ungdomane lurte seg til å dansa på fleire plassar. Blant annar Grønevoll, Kuvigå, Nordlyst, Kråkhøl, Nagaflådå, Kjølevigkrossen og sikkert fleire. Farligast var det for han som spelte, han kunne risikere både det eine og det andre i beste fall mysta han trekkspelet.

I båten Viking til Lars Østerhus. Fotball tur til Sauda. De tapte 12-0. Gunvald Nag, Syvert Nes, Torild Barka, Lars?  Han med trekkspill ukjent.

I 1943 blei me konfirmert, då var me ferdige med folkeskulen. Det blei berre eit år på middelskulen då var det slutt, me var lei av å gå på skule. Seinare blei det ut i arbeidslivet, det var nokså vanligt at ein kom ut i arbeid i 14 - 15 års alderen. Det var mest små jobbar det gjekk på rundt om kring i bygda, bl. an. steinhenting og potetopptak.

I 1945 kom freden og då var det stor glede. Heile landet var i festrus, alt som kunne krype og gå var ute på dei forskjellige tilstelingane. Sjølv var eg på folkets hus på Jørpeland. Så mykje folk har det vell ikkje vare hverken før eller seinare. Heila bygde var på fest, fem års undertrykkelse var ein saga blott. No fekk me tilbake radio, våpen og det som tyskarane hadde beslaglagt. No starta også jakten på dei som hadde vore dårlige nordmenn, dei blei fengsla og seinare dømt for sin ugjerning. Jentene som hadde gått med tyskarane fekk også sin straff, dei blei snauklyppte. Etter kvart som tida gjekk vart rasjoneringa oppheva men sukkeret var rasjonert helt fram til 1952. Heile sju år etter at krigen var slutt.

Jan Eike seilte med MT Dalfonn et år fra mai 1951 til juni 1952.  Han prøver seg som rormann.


I 1949 var eg i militære, tenestida var tolv månader. Me hadde ei krone dagen. Eg var stasjonert på Sola i flyvåpenet. Etter ent militærtenesten reiste eg ein tur til sjøss. Turen varte i tretten månader.

Eg mønstra på i Belfast som smørar og seinare seilte eg som fyrbøtar. Båten tilhøyrde Sigvald Bergesen og heite «Dalfonn» som var ein fransk båt.

Jan Eike seilte med MT Dalfonn et år 1951-52 I Suezkanalen.


Ferden gjekk over heile verden. Først gjekk turen til Middelhavet vidare gjennom Suez kanalen, og til Saudi Arabia med oljelast til Japan. Etter fleire turar til Japan gjekk turen til Amerika gjennom Panama kanalen. Me gjorde fleire turar til Amerika og etter tolv / tretten månadar retta me kursen for Europa igjen der eg mønstra av. Det blei berre med den eine turen. 
I 1954 blei eg gift, bygde hus og har sidan budd på Barkved heile mitt liv.

Åse Eike, Milrid Egeland, Jan Eike med barna Marit og Otto Jan i barnevogna .
 

Din beste helsing,
Jan Eike

 

Joomla templates by a4joomla