Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Eie, Bjarne

(Landslaget for Historie, Minneoppgave for eldre 1996)

Forteller: Bjarne Eie, f. 1916

Fiskå Trevarefabrikk.
(Den gamle treskofabrikken)

Den er borte nå - den gamle treskofabrikken. Berre nokre rester av ein mur ut mot åna står att og vitnar om at her har stande eit hus eingong. Elles er alt borte.

Fabrikken som stod her blei ikkje halden vedlike, og var iferd med å falla saman. Den ansås som farlig dersom ungar eller andre prøvde å ta seg inn i den. Det var då ikkje anna å gjere enn å la mann med brøyt få oppdraget med å fjerna alle rester etter fabrikken og jevn området der den stod. Det blei gjort for nokre år sidan.

So nå er berre minner att etter fabrikken som var arbeidsplassen for 5 - 6 mann gjennom mange, mange år. Og minnene lever for alle oss som budde i nærleiken av fabrikken i alle dei åra fabrikken blei dreven som tresko fabrikk. Me tenker tilbake og høyrer liksom endå duren av maskinane, og ser liksom endå for oss mørke vinterdagar då lyset blei tent på fabrikken kl. 7,30 og slukt kl. 17,45. Arbeids­tida var frå kl. 7,30 til kl. 17,45, med pause 1 time middag og 1/2 time frukost. på laurdagane var det slutt kl. 1,-.

Jo, me føler at fabrikken har hatt ein sentral plass i historia her på Fiskå, og at den burde blitt vedlikehalden, og ikkje blitt reven.

Treskofabrikken på Fiskå. Til venstre under halvtaket hadde de saga, fabrikken er i midten, og til høyre ligger malebua, tørkehus og lager. Bilde lånt av Brita Fiskå.

Fabrikken blei bygt i 1893. Den var då ikkje, tenkt som trevare, eller, treskofabrikk. Det var Gulleik Himle som oppførte bygningen. Han var frå Voss, og var utlært smed. Han kom då frå Fister og kjøpte Indre Fiskå, g.nr. 6, b.nr. 1., Til denne eigedomen høyrde også fallrettigheter i Fiskåna. Han oppførte då bygningen her og starta med smie og plogfabrikk. Han hadde då smie i underetasjen og plogfabrikken i 1ste, Himle var ein dyktig smed, og var også ein mann med mange andre interesser. Han var også ein av dei fyrste i landet som laga  skikkelige plogar. Men det seiest at han fekk visse problemer med herding av veltefjølene på plogane. Me veit ikkje sikkert om det var det som gjorde at han i 1899 selde fabrikken med fallrettigheter, og bygde ny smie lenger nede ved åna.

Fabrikken blei då seld til eit nystarta a/s. : Stavanger Metalvare­fabrikk, som produserte møbelbeslag og div. metalvarer. Bedriften hadde nokre mann i arbeid også utanbygds fra. Dei kjøpte då det gamle skulehuset på Veaskudhaugen til bustad for sine ansatte. Dette huset har sidan tilhøyrt eiendommen.

Bedrifta gjekk dårlig, og gjekk konkurs allereie i 1901. Men aksje­kapitalen blei utvida, og drifta heldt fram nokre år, men blei i 1903 seld til Carl Olsen fra Stavanger som hadde 5 - 6 mann i arbeid og dreiv med produksjon av kobber, og aluminiumsprodukter framtil 1925. Då blei fabrikken seld til Kristen H. Grødem og Aspel Eie som Starta Fiskå Trevarefabrikk med produksjon av treskor. Den blei vanlegvis kalt Treskofabrikken.

 

Fabrikken blei dei fyrste åra drevet med ein liten 5 -6 hestekreftes turbin, men i 1927 bygde dei nytt elektrisitetsverk som produserte 36 kilovatt el. Straum. Dette dekka eige behov til fabrikken, og det 
blei då også levert straum til Voster, Veland og Vervik frå dette verket, sjølvsagt då berre til ljos. Ikkje til koking og varme.
Det blei også etter nokre år oppført tilbygg til fabrikken for tørking av skor, lager av skor, og for lager av avfallsved som det sjølvsagt blei mykje av.

Aspel Eie og Kr. H. Grødem dreiv fabrikken frå 1925 til 1946. Då blei Aspel Eie sjuk og døyde. Ottar Eie og Ola S. Eie som arbeidet her då, leigde fabrikken og dreiv den vidare til i 1951. Då stansa drifta, og kom ikkje igong att.

Det arbeidet vanlegvis 5 - 6 mann i fabrikken, men nokre av dei hadde gardsbruk ved sida, og var borte frå fabrikken i onnene. Det blei produsert ca. 8000 - 9000 par skor i året. Alle størrelser frå nr. 6 (6 tommer) til nr. 11-3/4(11-3/4 tommer). Endåtil nokre få par nr. 12.- blei laga.

Produksjonen gjekk føre seg på fylgjande måte: Fyrst blei tresko­emna kappa i rett lengde til den størrelse skor som skulle lagast. Så blei emna skåret til på sirkelsag til omtrent passelig tjuknad og satt i "kopieren" som laga forma på skoen etter modell i maskin. Deretter blei skoen satt i ein maskin som kaltes "helborraren". De blei fresa ut i passelig djupne fra helen til rista på skoen, og deretter i maskin som blei kalt "borremaskinen" som borra ut fram til tåa. I denne maskinen blei borra 2 skor om gangen. Også her etter modell i maskinen. Så blei skorne plasert på lager for tørking. Etter tørking blei dei smidde og fiksa innvendig med kniv og spe­sielle treskojern, og deretter pussa slette utvendig på pusseskiva med sandpapir og på pussereim. Så stod berre att å impregnera i tå og hel for at dei skulle bli tettare, før dei tilsist blei smurt med "Tenex" og spritlakk, og var klar for salg.

Skorne blei pakka i sekker, og levert til butikker over hele Rogaland. Mykje gjekk til foretningar i Stavanger.

 

Mestedelen av skorne blei laga av bjørk, men også ein god del av svartor og furu. Dei var utsatt for sprekking i tørketida. Det førte til mykje som måtte vrakast, og mykje som måtte seljast til redusert pris på grunn av mindre sprekkskader. Mange ting blei prøvd for å hindra sprekking, bl.a. stiming før tørking, men gode resultater uteblei.

Treskoemne (treskobrann) kom frå mange stader i Ryfylke. Mykje kom med motorskøyte fra fjordane, og blei kjørt frå Fiskåkaien til fabrikken med hest og slede.

Dette vassfallet i fiskåna blir kalt "Stampefadlet". Det på grunn av at den aller fyrste virksomhet me veit om har vore drevet i dette vassfallet er vadmålstamping.

Og dette var litt om den virksomhet som har vore drevet
i "Stampefadlet".

Fiskå,

12.februar 1996.

Bjarne Eie. F. 1916

 

 

Joomla templates by a4joomla