Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Alf Dreggevik

Alf Dreggevik forteller fra Erlandsdalen.

 

 Alf Dreggevik   (født 16-04-1915 - død 06-01-2000) i Erlandsdalen i Strand Kommune. Han skrev ned denne historien i januar 1997, 82 år gammel.

 

Her er den gjenngitt i hans skrivemåte uten endringer.  Kart og bilder er lagt til av historielaget.

Tur til Habn etter sauer.

            Eg og min søster Sigrid var mykje saman, både når me var på berturar, og når det jalt tur i fjell og skog. Ho Sigrid var godt kjent med områdene omkring. Eg huska ein gong me skulde te Lågaliå og henta ber. Då starta me ifrå Erlandsdalen om morgonen. Der var nokså bratt fyr man kom på høyde Bjørkåsen samtidig ligg Tippamyren i same høyde. Og då mann kommer så langt, vert de ein jevn stigning innover mot fjelltoppen Hesten.

            Me tok inøve forbi Maritavaren, nye stølen og Longarfjelle til Bodrikjødnå. Denne nye stølen tilhørte Erlandsdalen, den eksisterer ikkje nå for tiden. Då me i den tiden skulde på berhenting i Lågaliå, var stølen enda godt synlig. Nå var me komne inn øve Lomarfjelle, og her er en svert naturfine plass med små kjednar. Her i desse kjednane er de mange slags fuglar som likar seg. Og de gjorde lomen og. De er nettop lomen fjelle har fått navne sitt av. Me har nå Hesten-fjelle på sørvestsida, nå som me skal ner Lågalia. Eg og min søster er nå komne til berplassen. Og nå skal kjele oppvarmas og kokes kaffe, og me skal ha mat fyrr berhenting. Å ja, dette var kos. Me set nå og ser i retning mot Bjøndalen og Bjøndalsvatne.

            Nå i denne skrivende stund sitter eg på kjøkkenet i Erlandsdalen. Tankane svingar i alle retningar. Ho Sigrid. Tenk om eg kunde fortalt eller vist dett skriv, og at ho forsto kva de var.

Erlandsdalen ca 1950?

 

            Nå tilbake til Lågaliå og nå er det ful berhenting. Min søster er snar og henta, hu henta det dobla. Ho rende itte for at eg trødde ner bera. Eg vasa meg vekk, var ein tur og såg ner til Botne. Og då eg kom tilbake var de på tide og dra på heimveg. De var ein heil oppstig og då med berspann attåtil. De gekk aligavel bra.

            Ein gang kann eg huska de var i ei rås i Bjørkåsen som kaldas Jodå, der ramla eg, og spanne for sin veg. Spanne var fult av tytteber. Eg sto der, kunne ikkja seia eit or, tok tome spanne og rusla heim. Ja, så va de.

            Eg og Sigrid tok same vegen heim over Lomarfjelle, imydlå to av Hestakjødna. Min søster hadde tidlegare oppdaget eit revehi her. Ho mjelka kyrne heilt her inne. De var i nerheten av fjelle Hesten. Eg må og nemna revahie igjen, de var ei vaske-filla som ho Sigri bruka te og vaska spenar og jur til kyrne. Så lenge denne vaskefilla vart hengane på plass her, var revane på plass her. Men da vaskefilla ikkje var der lenger, flytta revane ungane ein annan plass.

Fra Maretavaren er det vid utsikt i alle retninger. Her ser en Idse og bylandet i bakgrunnen. 1988. ATK

            Me for framom Longarfjell og Korpakubben og Måsadige som ligg ovan Mauralikjednå. Og nå var nedstigning til Erlandsdalen, og me kom heim klokka åtte om kvelden. De var godt og komma heim no tykte me etter ein slik long tur. Me lagde berå til lagring på lofte, de var vanlegt og jera dette. Mor og far var begeistra for dei fine tytteberene . De skulde smaka med mat nå. Mor hadde fert til mat til oss. For de andre, så er de snart og til køys og kvila seg.

            Eg og min søster hadde eit verelse på lofte der me låg i kvar si seng. Me har to brødre. Tvillingbrødrene og var i dette tidsrum fem års alderen, dei såv i dagligstova i saman med mor og far.

            Heime på gården var de mykje arbeid som skulde gjerast, nå under innhaust arbeid. De skulde sjeras laukjervar og kornåker sjerast og kornban hengjas på staur. Og tøa – eller hå som den og heiter skulde tørkas. Seinare utåver hausten vert de skogarbei som var nødvendig. De var vehogst og matrial for oppsjering og for salg. Og dette arbeide forejekk som regel utover heile vinteren.

            Eg huskar de var omkring jule og nyår. Ja de var akkurat etter nyårshelga. Ho Sigrid Stein kom opp te oss og varsku om nokre sauer som tilhørte oss og dei var i Habn ved Lysefjorden. Ho Sigrid Stein hadde vore på Meling, og då hadde ho høyrt at han Børe Habn som hadde vore i Habn ein tur fått greia på at der var sauer som høyrte til oss. Han Børe hadde butt i Habn fyrr og var flytta til Meling.

            Min søster Sigrid hadde vore mykje på leid etter nettop desse sauene. Og nå var de på tide og dra i veg og få sauene heim meinte ho. Ja, og så vert de.

            Sigrid fra Stein vert og med, og så var de eg. Og nå gjekk me inn yver Erlandsdalsvatnet på isen, den var sterk og god. Og videre gjennom Krogadalen, og oppover til Fårelirinnane. Der er nokså bratt stigning heile vegen, men når ein kommer til Fårelia e de flatt inn til Jubavatnet så og seia. Ho Sigrid min søster var vegvisar her og, eg var lite kjent her. Og hu Sigrid Stein var heller ikkje kjent. Me hadde gått veldig fort. Etter bereining skulde mann bruka ein og ein halv time til Bossheia. Men de sjå slik ut at me trenger mindre tid. De var jo ungdom i sin beste alder som var ute og jekk. Ho Sigrid Stein var svert uredd og flink jenta. Ho var på same alder som meg. Som var tolv år. De var nokk slik at som skotøy brukte med labbar. Og de var veldig turt og lett og gå adle stader.

            Me for over Jubavatne og videre over Midalsfjelle var til høgre og Mjåvatnet til venstre, og nå var de ein dryg nedstigning te Bossheia. Me kom ner klokka sirka halv to og traff Bertine med barna. Han Jens var ikkje heima, han og Aslag sonen var nede ved Vassbotn, de er i enden av Botnevatnet. Og nå spurte me Bertine kona på garden om vegen, og ho fekk to av gjentebarna og følgja oss og visa vegen. De var ein dryg strekning frå Bossheia til Habnaskaret.

Bossheia 2016. GTK

            Men nå var de nedstigning til Habn som me kom ner klokka tri tiden. Nå var de min søster Sigrid som jorde oss kjent med kva ereind me var ude i. På forhånd visste me om kva gard som skulle besøkjas. De var berre kvinnfolk heime. Men min søster vilde veta kvar sauene var. Og då skulde hu sjå korleis dei såg ut. Me vert nå innbudne på mat, det vert servert kaker. De var kring nyår, så dei hadde en del kaker att.

      Her har jeg prøvd å tegne inn ruta de gikk fram og tilbake til Habn. Den andre ruta er da de gikk om Hesten for å levere lykta til Jens i Heia. Den tredje streken viser delvis området de hentet bær i.  ATK.

 

   Me takka for oss og fekk sauen i band og dei andre var fjordlam og et årslam som fulgte etter sauen. Og nå måtte der setjas farten opp, de begynte alt og skumra. Komne på toppen på Habnaskaret trafte me Bertel og Gottvald. Dei såg ut til å ha vore på jakt. Dei hadde gever på aksel. Om me snakka litt med dei kann eg ikkje seia noko om. Men han Bertel høyrde til på same gården som sauene vert henta frå.

            De vert ein heil sjau nå. Eg hadde fått tak i fjorlamme, hadde tau sett på de og bar de yver små iskjedner og lamme måtte fylga med. Sigrid Stein og min søster gjekk meir landfast. Me kom fram til Bossheia og nå var det svert skumre.

            Han Jens var og heime nå. De vert ein samtale og me fekk låna flaggermuslykt av dei. Eg kan husa at han Jens spurte om me jekk på øvre sida eller nedre sida av Hesten. Han snakka nokså høkt, han Jens, derfor minnes eg de. Og me forklarte han at de var nedre sida. Og nå hadde me heil stigning ifrå Bossheia til Mjåvatne.

Min søster bar løkta. Sauene og lammå forsto nå at dei skulde heim såg de ut for. Eg og Sigrid Stein kom etter. Me var no komne så langt at me hadde Jubavatne til venstre og Hesten til høgre. Der vert fulgt langs skråningen ned mot Fårelia. Og då me kom til Fårelirinnane var det som me skulde vera heima.

            Nedøve mot Kroga og forbi Bjødleskaret og Svarta berge jekk det strygande fort. Eg husker at adle jekk Stiaberge både sauer og folk. Me kom heim i klokken åtte tiden.

Han Edvart Stein som var far til Sigrid Stein var kommen for å sjå og høyra kvar me vert av, for han tykte me vert lenge nå, og det tykte mor og far vår og. Dei var svert glade at det hadde godt bra og vel.

            Ho Sigrid min søster måtte ein tur opp i stallen og sjå om sauene fyr ho lagde seg. Eg huskar då med same me kom heim i gongen sto ei primusløkt og brant med full bluss. Han Edvart Stein hadde ei slik lykt.

Alf Dreggevik slår høyet på gamle måten. 1988. ATK

            Etter ein tid, de var vel to dagar kanskje, var de og fara innyver til Bossheia att. Me måtte levera lykta me hadde lånt. Denne gongen vert det ikkje gådt Kroga, Fårelirinnane ei heller Jubavatne. Det var eg og min søster som for same vegen som då me skulde til Lågali og henta ber. De vert starta frå Erlandsdalen om morgonen oppigjennom lia til Måsadige, forbi Mauralikjødnå til Maritavaren og nye stølen, Bodri kjødnå. Og så over de vakre Lomafjelle. Adle småkjerner og pyttar var bare is. Då me kom så lankt at fjelltoppen Hesten var på sørvestlig side, og at me var halveis ner i dalen mot Lågali, vert det svingt kurs mot sørvest til Mjåvatne. Og nå var det beine vegen til Bossheia.            

            Det var middagstiden, klokka var halv ett. Bertine og barna var heime untatt Jens og Aslag. Eg tror dei var på skogsarbeide. Me vert innbedne i midtståvå og her fek me servert havragraut med jeitamjelk i, og det smakte godt, etter ein slik marsj ifrå Erlandsdalen. Tobia og dei andre barna som var heime helt seg i dagligståva.     

Døra mellom midtståvå stod åpen, så me hadde ein slags kontakt med dei. Men dei tårte ikkje og komma inn til oss. Ho Tobia var et år yngre enn meg. Då eg gjekk for presten, gekk Tobia og.

            Huset eller våningshuset på Bossheia var bygt slik som våningshuset på nabohuset i Erlandsdalen var tidlegare i åra, då onkel Mattias og tante Olava bodde der de første åra. Seinare forandra onkel Mattias heile huset.

            Etter at me nå hadde set os om ein del og takka for oss og for lånet av flaggermuslyktå, var de og dra på heimveg så fort som mulig for at me kunde nå heim fyrr de mørkna. Men då me kom til Mauraliå og Måsadige var de temeleg skumre, me gredde og å skravla oss ner liå og heim. Mor og far var fegne at me var komne heim.

Oversiktskart fra søre del av Strand kommune. Kartene er hentet fra 1881.

 

Joomla templates by a4joomla