Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Den gamle kyrkjevegen til Geitaskjer

Fortalt av Konrad Voster som ble fødte en tirsdags morgen 2. desember i 1895.
Nedskrevet av barnebarnet Kjell Veland i 1988.

 

 

 

Det er vegen fra Geitaskjer til Voster det er tale om.

Den gamle Kjyrkjevegen (Gangvegen) gjekk opp ovenfor Jonsahuset og over Va og ovenfor husa til Halvard Tveit, ut forbi Jon Nordli, opp til husa til Jakob Bygdevoll, opp hagen til Johannes Gjeitaskjær, over Gatnaskjær og opp til Klungle og ut Veland til Voster, midt over Sedbergsflådå, ned ein bratt kneik og ut over Håvardsbøen bort til Oskar Voster.

Haugen ovanfor Torleiv Tveit heiter Jershau. Hauen ovanfor Kristoffer Grødeim heiter Nåvå. Hauen som me ser frå husa ovanfor leite på venstre sida av bekkjen heiter Hoieberget. Toppen på venstre sida av Grøndal heiter Hamrane med Høgehammaren som den høgaste Gjeitaskjær-stødl ligg. I rett retning frå husa opp Stegane i Stølsdalen på ei lita flåd. Når dei støla gjekk dei opp om kvelden og overnatta der oppe, og kom heim neste morgon. Kråkevoll-stødl ligg mellom Grødeimsmyrane og Ormakam. På Grødeims-eiendommen ligg ei myr som heiter Byklekleivmyrå, (etter Olaf Grødeim). Øvre kanten av bjørkeskogen heiter Stad, stien går tvers over den, det er eit nakent berg. Ura frå Stegale på høyre sida heter Stald-ura.

Bekken ovanfor hønsehuset til Halvard Tveit heiter Krånå. Berget på Nils Mosnes sin eiendom heiter Toreberg. Rett nedanfor hytta til Tor Fiskå er det eit bratt berg som det gjekk an å lasta ved på i skjøytene, det heiter Veaberget. 
I kanten på dette berget hadde Jone Grødeim frå Fogn, far til Ane, gift Krogevoll, eit stort naust, det blei kalt Grødeims eller Nilsanausteret. Ved bekkjen stod Jakobsnausteret, det høyrde til Johannes Gjeitaskjær sin gard. Det store naustet i Åsevik stod før lenger ute på Johan Krogevoll sin eiendom, det tilhøyrte då brisling og sildefiskarane, det vart kjøpt av Elias og Lars Åsevik og flytta til Åsevik. Tett ved Åseviknausteret stod Halvard Grødeim sitt naust, der står nå Jon Nordli sitt naust. 
Utforbi Halvard sitt naust stod Kristoffer Myrane sitt naust (Olav Grødeim?). Utfor der sto nausta til Veland eller Holta.
 
Haugen nedanfor Nils Mosnes heiter Eikehaugen. Den gamle kjørevegen frå Sørskår kom ned forbi huset til Konrad Voster ned til øvre kant av Kringla videre i øvre kant av Segjå, der var det et va over bekkjen til nedre kant av Kringla, videre i øvre kant av Långågeren og i øvre kant av Smalhusågeren til eit va hjå Johannes Gjeitaskjær videre opp langs andre sida av Bygdarågeren over Hovedvegen og opp langs bekkjen så til høgre over Hodl ut til løa til Johan Krågevoll og tett inntil nedre siden av huset hans og ned i flukt med hovudvegen og gjennom tunet til Johannes Krågevoll og videre over Bakkjen der den går nå.

Konrad døde i 1991
Han har markert rundt hundre stadnavn på gården Geitaskjer.
Datteren Dagmar Veland skrev navnene ned. Hun kjente ikke til så mange av de stedene selv om hun var vokst opp og bodde på gården all sin tid.

Uten deres gode samarbeid hadde en stor kulturskatt gått tapt da Konrad døde.

 

 

Joomla templates by a4joomla