Primstaven for mars

 

Månadsnamna i kalendaren vår er romerske. Namnet på denne månaden, mars, er namnet på den romerske krigsguden og same namnet me har i ein av planetane. Hadde namnet vore etter vår eigen krigsgud, hadde han venteleg vore kalla tymånad, men istaden har me fått lagt det  til 2. vekedagen, tysdag. Etter den gamle kalendaren er mars siste tredjedelen av goe eller gjø-manaden og første tredje delen av neste, som vart kalla eje -månaden og som var tida mellom 14. mars og 12. april.

Endå det gamle namnet kalendar er romersk. Dei hadde i kvar månad tre merkedagar, og den første vart kalla kalendæ. Det er plent same namnet som går att i primstaven. Prim kjem av det latinske ordet som kan tyda den første. Etter innføringa av kristendomen vart det fastsett at eye-månaden skulle ta til med den tysdagen som låg nærast 12. mars. Den første merkedagen på primstaven, kan me på 7. mars. Det er ein av dei minst kjente minnedagane og vart høgtida for St. Perpetua og St. Felisia. På primstaven er dagen merka med eit stakeliknande teikn. Sume kalla han Gjertrudsdagen, men det er feil, for den rette dagen hennar er 17. mars. På sume primstavar er den 10. merka av som dei 40 riddare sin dag Desse riddarane var romerske krigarar, som under keisar Licinius vart mishandla og tilslutt drepne for kristentrua.

Gregorsmessa vart halden 12. mars. Det var ei messa for den heilage pave, Gregorius den store som levde kring 600 etter kr. Han er best kjent for den store omsuta han hadde for fattege barn, som han ofte tok seg av og hjelpte på mange vis. Likeeins er han kjent for at han kjøpte fangar frå den heidne norden for å omvenda dei til kristendomen. På primstaven kan dagen vera merka med ei kråka. Det vil vera kjent at kråka mange stader er flyttfugl, og i den tida dyra kunne tala, skal kråka ha sagt: Gregorsmessa kan du venta meg. Til Marimessa kjem eg sikkert, og er eg ikkje komen til sumarmål, skal eg koma om det vert på ein stav. Det var ein skikk som heldt seg lenge, at fattege barn på denne messedagen kledde seg ut og gjekk frå dør til dør og tigga. Dette heng venteleg saman med den store omsuta St. Georg hadde for slike barn. Det var eit kjent vêrmerke for dagen at dersom det draup av ofsa den dagen, kunne ein venta eit godt år. Dei gamle trudde at den dagen fekk me vår jamdøgeret. Difor sa dei

Gregors tid 
natt og dag like vis.
Gregor gåve 
råder for gode våre.

16. mars var minnedag om den islandske biskop Gudmund på Hole, men så langt me kjenner til, var det berre på i Island han vart feira som helgen. Den rette Gjertrudsdagen var den 17., men her kalla dei, dagen Per Pik. Dagen er på primstaven merka med ein lang pikstav. Han skulle minna om at den dagen gjekk St. Peter kringom med ein pikstav for å kjenna etter om isen framleis var sterk nok. Men etter den gamle kalendaren stemmer ikkje dette. Her er dagen vigd til den irske biskop St. Patrik, og neste dag er minnedag for martyren, St. Peter. Mistydinga kan koma av at namna er såvidt like.

21. mars var minnedagen for den kjente abbeden. Benedikt frå Nursia. Han var stiftaren av den første munk orden i vesten, kring år 500 . Namnet hans vart ofte forkorta til Bernt eller Bent. Hjå oss kalla dei dagen Bent prøvesvin.. Dette merkelege namnet heng saman med t den dagen kunne dei prøva om svina var fødde godt nok og hadde helsa til å nytta sumaren. Stod dei for eit krafteg slag med staven utan å falla, skulle dei gjera det.

Me var nå komne inn i det dei gamle kalla åtedagane. Åte kjem av å eta - eta snø. Det var tida då dei på snøfaste gardar skulle strøya markene med oska, mold eller sand for at snøen snarare skulle tærast. eller etast bort.  
Den største messa i månaden, heldt dei den 25. Det var ei offermessa som dei høgtida til minne om Jomfru Maria sitt bodskap, bodskapdager, hjå oss kalla dei dagen Marimessa. Det er vel berre rimeleg at dei den dagen tok merke for korleis veret ville verta. Og i ei gamal regla heitte det at så lenge det hadde runne vatn i bekkene på grunn av tøver før Marimessa, sålenge ville dei stå stille på grunn av frost etterpå. Det er her den kjente trua på fastefrosten kjem inn, og det vert rekna mykje med den endå. Det var også då me fekk dei seks Marimessenetene. Dei tre første skulle spå veret for våren og dei tre siste for hausten. Det heitte også at var veret klårt den dagen, kunne ein venta ein god haust.

Bodskapsdagen vart ofte kalla Vår Frues dag. I den katolske tida hadde me i alt 6 Marimesser, men etter reformasjonen fall det bort å halda messer om kvardagen. Bodskapsdagen var likevel så stor minnedag at han er den einaste Mariadagen kyrkja vår har halde på. Men no er han lagt til 5. sundag i fasta, og evangeliet om bodskapen er lagt til den dagen. På primstaven er dagen merka med eit Mariabilete. 
Den 29. mars var minnedagen for den heilage munken, Beda Benerabilis, eller den ærverdege munk, som han vart kalla hjå oss. Han levde i klosteret Wearmouth i nærleiken av Newcastle ikring året 730. Han er kjent for ei heilage skriftene og sitt frome liv.