Primstaven for oktober
Namnet oktober kjem av 8. Han var 8. månaden i den gamle romerske kalendaren, men i den norrøne er han siste delen av haust månaden og 2/3 av neste som dei kalla gørrmånaden. Han tok til 14. oktober. Gørrmånad tyder venteleg slaktemånad, og me brukar endå gørrnamnet i samband med slaktinga. Ved gørrmånaden tok vinteren til med den såkalla vinternatt, og då lyt ein snu primstaven med vintersida fram. Islendingane, som tok best vare på den norrøne kalendaren, rekna året for kort, og for å bøta på det, skaut dei kvart 7. år før vinternatt inn ei heil veka, dei såkalla aukenetter.
Tidsrekninga har vare ulik frå land til land, og ho har skifta med tidene, og slik synest det å vera eit rot å koma fram til ei sameint rekkefylgja. Jødane gjekk ut frå det året mennesket vart skapt, og som dei sette til 7. oktober 3761 f. Kr. Muhamedanarane rekna tida frå den dagen Muhamed laut røma frå Mekka til Medina i året 622 e.Kr. Dei reknar elles året elleve dagar kortare enn solåret. Andre folkeslag skaut inn visse dagar for å halda på årstidene, men dette forbaud Muhamed dei å gjera, og på den måten får dei alle kalendareiske data til å flytta seg over heile året. Romarane rekna tida frå då Roma vart grunnlagt, som var i året 753 f Jr. Slik kunne me nemna fleire utgangspunkter for tidsrekninga. Men me veit alle at dei kristne no reknar tida frå Kristi fødsel.
Slik har det ikkje alltid vore. Først 222 år seinare finn me dei første spora av denne tidsrekninga. Då var det ein kyrkjefar som rekna seg til at Kristus var fødd 25. desember. Men det var ein lærd abbed som i året 532 gjorde framlegg om å nytta denne tidsrekninga, og ho vart godkjent av paven. Etter gransking seinare er dei helst komne fram til at Kristus vart fødd fem år tidlegare, og etter det skulle me i år ha skreve fem år høgare enn me har i dag. Den greske kalendaren gjekk ut frå då dei første olympiske leikane vart haldne, og som dei har oppteikning om frå 776 f. Kr. Den tida på fire år som låg mellom leikane, kalla dei olympiade. I India har dei 20 forskellige tidsrekningar, og japanarane reknar tida frå den første keisaren.
Det første symbolet på primstaven finn me 4. oktober, og merket er eit einarma kors. Det skal tyda at det er ikkje ein av dei store merkedagane. Han er sett opp til minne om den kjendte Franciskus frå Assesi, som var stiftar for Minoritetsordenen.
Den.7. oktober heldt dei messa til minne om den heilage svenske kvinna, St. Bergitta. Ho stifta ein eigen orden, Bergitiner ordenen. Dagen vart kalla Brettemessa. Sume kalla han også for kåldagen, for då skulle kålen skjerast og gøymast for vinteren. Dagen kan vera merka med eit kloster. Men dei sa også at då samle bjørnen lyng til hiet sitt, og difor kan merket vera lyngbusker.
St.. Dionysius vart mina den 9. oktober. Han var biskop i Paris kring året 250 og leid sidan martyrdøden. På sume primstavar er dagen merka med eit brystbilete og ein fisk.
Den 13. oktober er siste dagen på primstaven si sumarsida. Kring året 1245 fastsatte erkebiskop Sigurd i Nidaros at dagen skulle heilaghaldast til minne om alle dei heilage leivningane (relekviene) i krosskyrkja og vart kalla relekvienes fest. Denne dagen skulle heilaghaldast som ein av dei store. Då var det fastsatt at dagen skulle høgtidasthaldast med faste, og frå med nonsøkta føre. Non tyder 9. timen, som var kl. 15. Desse store festdagane skulle haldast som sundagar. Dei som arbeidde då måtte bøta som for sundagsarbeid.
Den 21. oktober var minnedag for Ursula og dei 11000 jomfruer, som det heitte. Men dette talet er feil omsetjing av dei latinske tala, det skal berre vera elleve. Det heitte at Ursula var dotter til ein kristen konge i Britania., som rømde saman med 11000 andre gjenter for å sleppa å gifta seg med ein heiden konge. Dei seilte opp Rhinen og tok ei pilegrimsferd til Rom. Men på heimvegen vart alle drepte i nærleiken av Køln av hunarane. I Køln vart det seinare bygt ei minnekyrkja om henne. Denne segne liknar mykje på den me har hjå oss om St. Suniva, som rek i land på Selje. Det heitte at denne dagen måtte ingen arbeida med noko som gjekk rundt. Dagen er på primstaven merka med fleire kvinner.
Den 28. oktober vart det halde messa til minne om apostlane Simeon og Judas. Dagen vart ofte kalla Tveggjapostola-messa eller helst Simonsmessa. Dagen er på primstaven merka med ein slede og skulle tyda at då kunne ein venta sledeføre. Dei kalla han også førebod, som skulle tyda det same. Om snøen heitte det:
Vetternatt kan du venta meg,
Til førebod kjem eg visst,
Men kjem eg ikkje før til helgamess
Så bøyer eg bar og kvist.