Fra Holger Barkved : SOGA UM STRAND s. 56.

 

Kyrkja fekk og mykje jordegods. Frå den aller fyrste kristne tida gjekk nok noko hovgods over til kyrkja, men det har visseleg ikkje vore so mykje. Ein større part var gåvor frå kongar og andre rikmenn, men det meste var nok gamalt bondegods. Me har ikkje so få  kjeldor som syner korleis odelsgodset kom under kyrkja. Det er fyrr nemnt at det gjaldt å stå på god fot med kyrkja avdi ho var økonomisk sterk. Ikkje mindre godt var det å hava kyrkja si hjelp etter dauden. Det vart då sett upp avlatsbrev um dette. Elles kunde ein godt sameina båe desse tinga. 

Me skal ta for oss garden Voster som døme. Ikring 1450 budde der fire systrer. Det var Margreta, Ragnhild, Sigrid og Gyrid Eivindsdøtre. Det er mykje som tyder på at dei var systrene åt bispen Audun Eivindsson. Alle gav dei eller mennene deira jordene sine til ettermannen åt Audun, Gunnar Eiriksson.

 

Gyrid var den som fyrst gav burt jorda si (14. november 1449). Umsett til nynorsk lyder dette sjelemessebrevet:

«Det er alle gode menn kunnigt at eg Peder Arvidsson, svoren lagrettesmann i Ryfylke kjennest med dette opne brevet mitt at Gyrid Eivindsdotter, mi eiga kona gav og avhende til min vyrdelege herre og andektige fader, herre Gunnar med Guds nåde biskop i Stavanger og til domkyrkja der på staden so mykje jord som ho eig i Vormster, han (bispen) og domkyrkja til æveleg eiga for sjela åt far hennar og mor hennar med alt det som ligg til frå forno og ny tid utan gards og innan med mitt samtykte handtak og gode vilje. Denne jorda ligg i Vormster kyrkjesokn i Ryfylke. Og til sant vitnesburd her um sette desse gode menn som var med og stadfesta denne gjerd, og so heiter: Eirik Halvardsson, krossbror i Stavanger, sira Annulf Anundsson, prest i Finnøy, sira Brodder Jonsson, prest i Skjold og sira Aslak Vikingsson i Vikadal sine segl saman med mitt segl for dette brevet som var gjort på Hallingstad i Vikadal fredag næst etter sankt Marteinsdag i det Herrens år MCDXLIX.»

Eit par vikor etter (26. november) fekk biskop Gunnar den parten som Sigrid og mannen hennar Thore Endridsson åtte. Denne jorda fekk han heftefritt til æveleg eiga for sjelene til foreldra åt Sigrid. Same vinteren (10. februar 1450) vitnar Geirmund Ånundsson at kona hans, Margreta Eivindsdotter, gav til biskop Gunnar det ho åtte i Voster for at han skulde lesa sjelemessor for henne og foreldra hennar. Og utpå vårparten (13. april) gav den fjorde systera og mannen hennar, Thore Gardsson garden deira for sjelene åt nokre slektningar.

En kan lese mer om dette i Soga um Strand.

 

Sjelemessebrevet frå 14. november 1449 (skinnbrev i riksarkivet)