Barndomsminner ifra Erlandsdalen

(Landslaget for Historie, Minneoppgave for eldre 1996) 

Forteller: Alf Dreggevik (16-04-1915/06-01-2000) i Erlandsdalen i Strand Kommune.       


Den fyrste skuledagen


Me hadde lang skule veg 3 km. ifrå Erlandsdal og til Kvalvåg skulehus. Der var krongligt og mykje vanskeleg at gå, serlig vinterdag i snø og grapse ver. Vanskeleg var de i den tid då skulebarn brukte å gå med treskor. Og då når snøen var blaut var de vont og koma fram. Eg husker at då ein var seint ute kunde ein ta treskorne, ein i kvar hand og dura i veg ned Stiabakken forbi Halvard Kvalvåg sin bustad. Ofte sto han ute om hushjørna og praia meg og lo på sin måte, ha, ha, han var koseleg han Halvard.

Min søster Sigrid som eg først nå nevner var nå kan eg tenka nått fram til skulestova. Men de var den første skuledagen min som skulle berettes om i første omgang-. Eg bjynte på skule då eg vert åtte år gamal. De sog ut til at mine foreldre hadde god bruk for meg heime blant anna for og sjå til mine mindre brødre. Eg har hatt flere lerare i min skuletid.

På min fyste skuledag kan eg husa at leraren bodde i Idsal og minnes at eg snakka noge upassande i skoletimen. Hu gamle Rakkel gjekk forbi og toftla på treskor. Hu Rakkel var søster til Halvard, og nå var hu på veg til Sletto. De var då eg ropa ut om ka e de så kjeme der. Og då vart der fnising med dei andre i skulestova. De var så vanskeleg og halda seg og sitja roleg at de vart til at viss ein sog noko utanfyre skulestova måtte ein liksom spørja eller anmerka slikt någe. Ein var ikkje vant med a veta korleis de skulle vera endå.

No skulle me ha eit kvarter fri så nå vert det å slå ball eller jeppa. Andre helt på med hinkespill. Me va visnokk tolv born ialt. Eg var feien då dagen var over og me skulde heimat. De vart mykje og fortelja då.

 

Fyrste gang te byen


Og så var de den fyrste gangen eg skulde vera med til byen. Eg var tolv år, eg hadde ikkje vore i byen før og nå var dette spennande. Han far og farbror hadde kjøpt ein båt saman og denne båten skulde me reisa til Stavanger med. Båten heite Ormen Lange for den var lang hadde ein motor som heite Rapp. Me hadde ein lang veg til sjøen ved Kvalvåg. Komne ned til mottorbåten trafte me han Jonas. Han var og såg til skjøyta si. De var begynt å blåsa kraftig. Han Jonas var tenkt og reisa me skjøyta til byen han og Sigvald bror hans. Men han såg ikkje i stan til og legga ut for han meinte de var for sterk storm.

Vinden var søraust. Han farbror hadde allerede sett på fyrelampen på mottoren, og etter ein tid var maskinen igang. Og nå var då setja farten opp ut vågen og forbi Itsalsunde. Eg sit framme i båten, der var ikkje hytte så de var såleis at eg langs fremme så kunne ein få mest livd for vinden og sjøskvett. Og nå var me komne sålangt, båten begynte få føling med bølgene den hevet baugen høgt og slo ner med kraft og då var de som båten skulde truffe berg der eg sat i baugen. Han farbror ropte til meg og spurte om eg var redde, å nei fekk han til svar anten de var så eller ikkje. Han far passa rore og det var mykje viktig.

 

Han farbror og far var kledd i oljehyre-uverskler for sjørokket raug over atterenden på Ormen Lange. Ormen Lange var båtens navn som me hade gitt den for båten var lang og den var smal. De var ein Aslagsbåt. Bestefar hans Alfred og Martin i Vigå hadde bygt den. Han Aslag var ein god båtbyggjar. Nå hadde me kursen for Fiskevig på vestsiden av Idsø. Og nå var de god oversikt øve Høksfjoren. Bølgetoppane var store og sjørokke stod til vers over fjorden. Eg følte meg kvalmen og måtte kast opp. Her på Fiskevig skulde me nå lasta inn ein del stein for og få båten stivare i sjøen så den ikkje slo så mykje. Han farbror og far var redde der kunde slås av bånnaglar når båten var så lett. Nå narma me oss Kalvøynå og då var de Gansfjorden igjen.

Strandkaien, Stavanger 1920 årene

Me kom til Stavanger ut på foremidagen og tok i land ved Nygård og Dale ved Fiskepiren. Eg var glad og koma på land i byen. Eg var med far og hanla forsjellige ting, de var matvarer og de var kler. Han farbror skulde av stad til Bjørheim ved Sankthansgatå. Der budde og han onkel Kaspar. Han var bror til farbror og far. I byen var der mykje å sjå. Hestar som kjørte i gaten med kjerrer med kjerrejul som skramla mot broleggningen i gatene. Og hestalort kunde ein sjå både her og der. Det var nokså heimsleg i så måte. Og me måtte  og ha ein tur til torjå for der og kjøpa sei. I den tid var de fin sei og få kjøpa billig. Då me kom til bake til Fiskapiren traf me farbror og nå vert de bestemt at så snart me vert ferige skulde me starta på heimveg at.

De såg ut til at vinden hadde stilna mykje. Me hadde nå fått alt ombord. Så nå var de igen og varma opp mottoren og starta avgåre. Kursen vert forandra slik at me hadde kurs for Brattholmen og Viersundet. Vinden hadde løya ein god del her på Gansfjorden. Men den vert nokk sterkare når ein kommer på Høksfjorden. Her mydlå Brattholmen - Viersundet er der ganske smult farvan. Eg kan nå finna min vante plass helt fremme i baugen på båten. Og nå har Ormen Lange igjen letta baugen og slå hart ned. Me helt på og runda Vierneset og her står heile Høksfjorden på og nå har me kurs for Breivik.

 

Komne til Breivik ver de og legg godt opp mot Hammarfjelle for derifrå og sett kurs mot Idsasunde. Og nå vert ein sjøskvett og sjøråk. Med stormen og sjøråke på styrebord side. Båten hadde ein annan sjøgang den liksom rulla og vrei seg frem. De kom av at me hadde vinden ifrå siden. De var ein lettelse då me kom så langt at ein såg neset og kaien på Kvalvåg og kunde leggja til båten og koma oss heim. Han Jonas og Sigvald snakka med oss dei var forvetne korleis de hadde godtt. Han farbror og han far sa at de hadde godt bra.

Eg var av ein annan meining og sa at de var så vitt me greide de. Og nå var de og komma seg heim, der var mykje og fortella om byreiså for dei som heime er.

 

På røntgen

Ofte når eg tenker på den tid som er gått. Ei tid som er gått over i historien. Historie, ja det kan man sige. Eg må då frå begynnelsen av fortelle virkelighetens grunn som er en hofteslitasje. Denne slitasje vart verre ettersom årene gikk, og vert til slutt vanskelig å leva med. I den første tiden kunde eg med stort besvær arbeida utan å bruka stavstøtte. Men sidan vert det til å bruka to stavar, vintersdag med pigg i endane. Det var vanskeleg for meg å tenka på operasjon og med dens følger, og det var vel med dette det drog slik ut med mitt standpunkt, endåte at eg visste at det var ingen veg utanom.

Min kjære og gode doktor Rein og frue gjekk mykje fjellturer og då kom dei frammom Erlandsdalen. Og då kunde det verta mykje snakk om hofteslitasjen, og dei ville telja meg til operasjon. Min svigerinne Beathe heldt på det same og oppmoa meg til å ta rønken.

Å ja, hu Beathe har og hatt hofteoperasjon for ein tid tilbake og nå går ho og spring til og med.  Dette virka mykje i viktig retning for meg også. Men så var det dette med operasjon, tenkte helst å stoppa, venta til utpå våren. Det lei nå ein heil del uti oktober, det var vel i andre halvdel. Eg helt på å masa og tok opp jordeple, då kom doktor Rein og slog av ein prat om poteter. Eller kanskje han skulde ein tur til heis.

 

Etter ei stund kom me inn på hofteondet korleis det var å arbeide med opptag av jordeple med stav i den eine handa og greip i den andre. Og eg måtte innrømme at dette er bakvendt. Doktor Rein tok då fram eit papir han hadde og viste fram og sa. Om eg ville følge hans råd og reise til sykehuset i Stavanger til rønken.

Eg svara ikkje med det same, og Rein sto ventande. Ja eg måtte jo svare som tenkt allerede var avgjort.

- Ja doktor Rein når de har kommet hertil i ekstra oppdrag for mig då må mitt svar verta ja.

Og nå skulde eg ha ein undersøkelse av blodtrykk og hjerte og føtter, som Rein noterte på eit ark. Etter ein tid var han ferdig og ga beskjed om at eg skulde få underretning då rønken skulle foregå. Rein  måtte etter dette forelegge ein rapport for doktor Heiselberg som videre skulde sendas Stavanger sykehus, så nå var dette i orden, nå var det og venta nerare ordre. Når den kom måtte eg ha drosjesjyss, tilstanden min var altfor vanskeleg.

Det var vel i juni Heiselberg kom forbi, han hadde med sin frue og andre og sin hund. Dei spurte etter veg til fjelltoppen Hesten, eg forklara dei om det. På den tid grasa eg eller rydda ugras or jordeplene. Ho Kristin Øvstebø kom og spurte om ho skulde taka ut hesten på beite, han kunde ha godt av og lufta seg, som ho sa. Ho Kristin er god med hester. Det var forresten Kristin som fortalde meg at det var Heiselberg som var framom med sit fylgje.

Så - ein kveld eg kom inn i stova låg eit brev frå sjukehuset på bordet, så nå var det like før tenkte eg. Så vert brevet åpna straks, men  det var akurat ikje så uventande. Det var som jeg sa tidlegare i mitt skriv, så måtte det verta drosje. Og nå fekk Larsen beskjed om å henta meg i Erlandsdalen om morgonen for at me skulde nå fram til sjukehuset i rett tid som var kl 1.

Det var hu Larsen som skulde kjøra til sjukehuset for røken. Fru Larsen er hjelpsam og henta meg ved vatnet. Me e nå på Tau og til ferjestøa komne fram, vert den første bil som kjørte ombord. Fru Larsen traff en kjent dame som og var med i bilen, hun skulde same veg som oss. Det vil sei til Stavanger sykehus. Dermed var ho med dertil og nå til rønken. Fru Larsen følgde meg inn og hun skulde venta på til eg vert ferdig i rønken.

 

Etter ei tid, for eg måtte venta ei stund før det var meg. Best eg sat der såg eg eit kjent ansikt. Og då vert det helsing på kvarandre. Det var jo kona hans Georg Lauvås, bror hans Trygve Lauvås som bor i Kvalvågdette. Og då tyktes eg det sto til. Omsider vert det min tur i rønken. Ei søster kom og me gjekk inn i eit rom som der var ein benk og attmed eit lysapparat eller rønken. Eg måtte då ligga på benken og søster ga beskjed og ordna  korleis ho vilde ha det. Der vert fotografert i forskjellige retningar og det var ikkje berre godt alt som eg då måtte utføra. Ja nå kan du reise opp sa søster, eg skal hjelpe til samtidig få klærne i orden.

"Å ja, takk skal du ha." Eg var sevfølgelig feien eg var ferdige. Nå kan du koma inn og setja deg, så me får sjå over fotoane dine så du får vita resultatet. Ganske riktig om ei ti fekk eg veta at der var mykkje slitasje. Rønken søster tykte staven eg gjekk med var var veldig fin. Hun fortalteat hu hadde vore ein tur på Kjerag, ein fjelltopp som er vel et tusen meter opp over Lysefjorden Ja, då kunde du gjerna trengja ein stav meinte eg. Men søster meinte hu var for ung til å bruka stav og vilde gjerna ha ein når hu vert eldre.  Ei søster fulgte meg ut i gangen.

Og der var drosjesjåfør Fru Larsen. Og nå kunde me dra på heimveg. Bilen stod parkert utforbi inngangen. Det vert kjørt ein annan veg ned mot ferjekaien, slik at me kom forbi Stavanger museum og over jernbaneovergangen og videre inn i tunellen, som førte til at det vert ein snarveg til ferjekaien og ferja som går til Tau. Tau heiter også ferja. Desse fergene som går mellom Fiskepiren i Stavanger og Tau i Strand gjer ein god fart. Og er framme ganske snart.

Me vert plassert fremst til høgre ombord, så dersom ikkje høgresiden fekk sleppas i land først, måtte me venta. Det er slik at er mann nødt til å sitja i bilen så ser ein ikkje og følger ikkje med kor langt man er kommet på fjorden. Men det får nå så vera. Men nå er det øyeblikkelig Tau ferjekai som med legger imot, for nå kommer Fru Larsen som har vore ein tur ute på båten. Heldigvis fekk me slippa i land fortare enn  det kunde sjå ut til. Nå settes kursen mot Erlandsdalen.

 

En fortelling ifrå tenåringsdagane.

Alf Dreggevik,  nedskrevet sommeren 1996

Me hadde høyrt at i Hengjane atved Lysefjorden, der skulle der vera mykje blåber. Han Sigurd Kvalvåg hadde fått høyrt om dette. Me la no planer om at dersom der var andre i Kvalvåg eller omkring som skulde i veg til Hengjane. Ja så va de klart at me og skulde vera med. Å ja han Erik på Slettå skulde gå med stor mottorbåt, som var god hytte på. Han skulde starta ifrå Slettå til Hengjanekaien ved Lysefjorden. Og når dette vart kjent så var der mange som vilde vera med. De var Lina og søstera Margit frå Kvalvåg og så var de Serina og broren Sverre ifrå Slettå og han Oskar som var mitt søskenbarn, han er død for mange år sia. Han var og med til Hengjane på blåberhenting.

Og nå var me klar for start til Hengjane. Han Erik sette i gong mottoren og me reiste langst lande søraustover. Forbi Bergsvik og Steinsvik, forbi Bruravik. De var fint ver med solskin. Høksfjorden låg der stille og fin. En del av folkne hadde sett seg på hyttetaket og dei song sanger. Her ser me fagre fjord og bygder, og dette vart kompenert med mottor - slagene av Greismottoren.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Me var nå komen forbi Meling og runda Lerangs-hammaren og inn mot Skjeivik og videre forbi Erevik til Oanes og Lysefjorden.

Og her var mykje nytt å sjå for dei fleste hadde vel ikkje sett Lysefjorden frå sjøflaten før. Dei to kilometrane ifrå munningen av Lysefjorden til Bergsholmen låg nå fåran oss. På høgre side Fossan og Bergevik, på venstre side var de Levik og Høllesli. Me passerte akurat nå Bergsholmen og Lastabotn på høgre side og på venstre side den meir merkbare Havn.

Og nå ligger den omtalte Lysefjorden meir open. For nå ser me langt innetter fjorden. Viga er ein boplas som tidlegare har vert industi av forsjelli art, tøffel og kasseborfabrikk. Viga har me på høgre side og Refså på venstre side. Frå Refså kann man gå til Torsnes og Vatne i Strand komune. Og nå nermar me oss målet Hengjane kai innføre Preikestolen. Ein liten stund fyre me skal legja til kai ropa han Erik fra styrehuse på båten. Der inne er Songesand og der på andre side er Kallali.

Noen av de som var med på turen: Karl Dreggevik, Peder, Lars og Edvard Berge, Alf og Kåre Dreggevik, Sigurd Kvalvåg , Leif Berge og Tordis Kvalvåg

Og så er me komne te Hengjane kai i Lysefjorden. Nå skulde båten fortøyast slik han ikkje sku gnaga i kaien når de vert tungsjø av båtar som reiste ut og inn på fjorden. Og då vart båten fortøyd slik at tau var sette fast framm og bak på båten og som var festa i land. Me står nå på kaien og ser på den store høyden og den bratte bakken som skal overvinnas, er ikkje vant te så stor stigning. Han Erik Slettå er og komen seg iland og var fornøyd med at båten låg godt.

Nå  hadde han fått berskrine på rygg og så kom igjen og nå var de han som var vegvisar og me andre fulgte etter. Hu Lina ropa ut at det var tunkt og gå for de røynte knerne hennes. Eg hadde og skrin på ryggen og tau omkring og då lage slik at man bar skrinet i fatler. Erik bar og skrinet i fatler.

Han Sigurd var høg, derfor godt sjikka til å gå i fjell og han var langt komen oppøve og ropa nerøve te oss andre hengi. Serina og hu Margit klaga og pusta dei tykte de var tungt og komma opp. Me bar og med oss mat og spann til og henta bær  i. Eg som hadde skrin på ryggen og Erik og hadde mat og spannet i skrinet. Dei andre hadde forsjellige ting. Nokre hadde ryggsekk og andre berebagg og spann. Omsider kom me oss så høgt opp til et flatare tereng og nå kunde me sjå Hengjane tunet. De var ikkje de var nermare lik ein husmansplass, der var eit lite ståvehus og ei lita løa te og ha høy i og dyr.

De var lengst på ettermidag nå, klokka var sikker seks så nå måtte de verta mat. Etter mattid vert de til og sjå etter blåber. Og de var ikkje lång vegen før me kunde begynne og henta berene. Adle var så begreistra for dei fine og store blåberene der va. De var ikkje lang tid og henta eit 4-5-liter spann med fine blåber.

 

Eg slutta av og henta tidlegare enn dei andre og jekk heim til Sikke Hengjane og vilde snakka med henne og jera meg kjent slik at me adle måtte ha ein overnatings plass. Å ja ho Sikke var grei hu. Sian me var så mange måtte de varta løa tenkte eg og de vert slik. Sikke helt på og raka høy nede i engja, og eg for av sta til at hjelpe henne. På same tid kunde hu få att noko for overnatningsplassen. Og mens me helt på og seta høyet fortalte Sikke om at ho hadde ein mann som var frå Bratteli han heite Luddvik han budde i lag med henne i huset, han var treskoarbeider. Hu Sikke sa han var på ein tur til Stavanger for salg av tresko.

Eg venta nå i kvart øyeblikk og sjå berhentrane koma oppi skaret. De hadde alt begynt og skumra. De er så at de kann verta vanskeligare og finna seg til rette. Hei der har me visnokk heile flokken. Han Erik var liksom i spissen var opptatt om eg hadde fått overnatningsplass. Å ja de har eg. Ho Sikke e grei hu. Der er god plass i løa med mykje god høylukt. Og nå vert de eit heilt hurramhei. Der skulde finnas liggeplass og bagasjen skulde og ha ein plass. Og nå vert de ein lått og ein drøs øve heile høyløa.

Eg var nokså trøyt, vart ikkje så bra første dagen. Han Erik var framme med ein oppmuntring han snakka om at de var fult av håler i heile høystanen og der høyrte at Lina hadde eit kledplagg som ho ikkje fant at, ho Serina og Margit sette i og skratta og le når de gjalt Lina. Dei trudde helst hu hadde klett av seg.

Å ja såleis helt dei på fram yver natta. Her var vist ei mus som for yver høystaen tykte eg. Eg trur de var Sverre som sa dette. Og han satte i og skrattlo. Omsider vert de roligare.

Dei tenkte vel på og såve litt fyr berhenting. Då eg vakna og kom meg til å sjå i kring var de ljose dagen. Då eg kom or løa var han Erik og sjå. Han helt på og stelte med maten sin. Hadde vore og varma kaffikjelen sin. Eg hadde noge igjen på varmeflaska. Og nå kom reseten av gjengen ut av løa, dei såg meir eller mindre sjabre ut. Ialfal såg dei homsne ut. Men de vert vel likare når dei får seg mat og kaffe. Ja mange bruka mjølk eller vatn, eg for eksempel bruka vatn når de ikkje er någe ant.

Etter maten skal me avstad nord for Hengjane på berhenting, der de er store vidder med blåberlauv. Og nå begynner den eine etter den andre og henta ber. Han Erik var vel den første som henta, begynte og henta igjen. Og dei andre fulkte etter og henta. De var spennande og sjå om de var mykje og store blåber. Me hadde teknt og henta ber heile dagen i dag og reisa heimover imorgon torsdag. Då de lakka mot kvel hadde me mykje blåber i skrin og spann. Eg og han Oskar ver nede ved Hengjanekaien med berå om kvelden fyre dagen me skulde ta på heimveg.

 

Me tok ein tripp og såg på den transport taubanen som tyskeren bruka til og heisa opp ting som han bruka så som mat og mjøl varer og han bremse med ting som skulde ner. Segna sier at han dreiv hemebrenneri. De var ikkje så mykje inntekt på de litla bruge som der var. Ein gang lensmannen skulde ha tak i tyskeren fekk han Sikke til og bremsa seg ner på taubanen til kaien nede ved Lysefjorden, og derfor fekk ikkje lensmannen ikkje tak i han denne gongen.

Hengjanetyskeren var serlig god til å naska til seg forskjellige ting så som stengnøder eller kastenøder. På denne tiden levde Gunnar i Kvalvåg, gamle Gunnar i sine beste år. Han vert vel 80 år gamal. Ein gong kom Hengjanetyskeren til Gunnar og tilbaud ein kastenot med tilbehør. Ja Gunnar kjøpte nota av Hengjanetyskeren og betalte nota. Ja han Gunnar hadde ikkje hatt nota lenge før dei som var eigarar av kastenota tidlegare kom og henta den. Og han Gunnar stod at med ingen ting, bare tabe.

Sagne seier at Hengjanetyskeren kjøpte ein motorbåt av ein mann her i Ryfylke. Men han hadde ikkje betalt for båten enda. Tyskeren forlangde nå mannen som han hadde kjøpt båten av og vera med rundt kysten og like til Kristiansand. For som Hengjanetyskeren sa, for og verta kjent på båt og mottoren. Då dei kom omtrent frem til Kristiansand var det store øyeblikke komt for tyskeren. Han bevebna seg med rorkulten og overfalt bådeigaren og skulde slå han ihel og kasta han i sjøen. Men den gang ei sa Tordenjol. Bådeigaren var ein kraftig mann må ha vore, han overmanna tyskeren og slo han i dekke og melde av til øvrigheda, som då kom og tok seg av Hengjanetyskeren. Og sidan har man ikkje høyrt någe kvar de vert av Hengjanetyskeren. Ja, det var den historien.

 

Me skulde henta ein del ber nå utover torsdag ein lita stund og så eta sirka middagstider, og derette dra i veg til Hengjanekaien og til mottorbåten der. Eg og han Oskar hadde vore nere om kvelden i forveien, slik at me hadde lite og bera. Dei andre hadde full hyra med og få med seg alt om me hjalp til  eg og Oskar. Kanskje me gjore det. De vert nå eit svert strev og koma nerøve ein slik skråningsbakke. De er helst betre og gå opp en sjønt de er tungt. Og nå vert de eit heilt ståd og koma ned. Ho Lina klaga svert for dei møyre knea sine, de var vel verst for henne. Dei andre klaga seg og. Han Sigurd var fjellvant. Der var ein del skramling og detting. Ho Margit og ho Serina klaga og bar seg. Han Sverre han hegna og lo hele vegen.Han Erik kom ner til slutt og han tok seg ein dans på Hengjanekaien med skrine på ryggen.

Og no var de Eriks sin jobb og setta på lyselampen og varma opp mottoren. Eg og Oskar og Sigurd og Sverre løyste fortøyningane og lagde båten langs kaien. Og nå krabba dei seg ombord med kvar sin bagasje samtidig fekk me ombord Eriks skrin. Greimottoren var i gong nå. Og nå kunde me reisa på heimveg. Farvel Hengjanekaien og Hengjane ropa de.
            
Eg sitter nå og tenke på nå, når eg skrive denne historien. De har vert ein god utvikling med bru over Lysefjorden. Frå Fossand til Høllesli og brei og fin veg frå Botne øve Bossheia med tunel Vidalsfjell og Habnaskare til Oanes. Og ved Oanes er de utarbeidet rasteplass. Og her er de kaffe og her får ein kjøpt middag og kaffe og her ein fornøyelse og  koma til.

Me hadde fremdeles fint ver, Lysefjorden låg der ganske stille. Me var nå så langt som Habn og Bergsholmen. Eg helt på å renska bera,  sidan me skulde reisa til Stavanger på laurdag, var det best å la skrinet stå ombord i båten. For me skulde ha mottorbåten til byen. Dei andre berhentarane som var med renska ikkje berene. Dei tok berå med heim og renska dei. Karen Slettå som var søster hans Erik Slettå skulde og reisa til byen med ber. Ho Karen skulde og selja ber for Serina og Sverre. Karen er tanten deira. Dei andre av manskape eller berhentarane skulle safta eller sylta bera.

Nå er me komne eit langt stykje i Høksfjorden, og nå treffer me stor turdamper som skal inn Lysefjorden eg trur de var ein engelske. Der vert svere dønningar av de, men mottorbåten rulla dønningane av seg. Og nå var de og takka for lagje og koma seg heim. Der me hadde mykje og fortelja dei heime. Me  komte te Slettå i 7 tiden om kvelden.

 

Og nå er de ein dag fredag til å kvila seg på. Laurdagsmorgon er eg tidleg oppe klokka var snaut seks. Han Erik snakka om og reisa i halv otta tiden. Og den tiden passa akkurat til at me kunde vera på torge i Stavanger klokka ni. Då eg kom til Kvalvåg traff eg Sigurd der, og han Oskar kom og rennade. Han hadde sprunge ner Stiabakken. Då me kom te slettå var allerede mykje folk samla der. Hanne Berge skulde og vera med, hu skulde og selja ber. Karen og Serina og Sverre skulde og på torget. Og dei andre berplukkarane skulde og til byen. De vart nå ein heil del passejerar.

Erik sette mottoren i gang og me satte kurs mot Stavanger. Først runde me Reksnes og videre mot Vierneset. Eit stort sandfartøy passerte for baugen vår. Den kom antageleg ifrå Helle eller Fossan. Den holt kurs for Åmøy-fjorden. Mottorbåten helt god fart så me er nå på fart jennom Viersunde og Brattholmen. og nå rett fram så er de Stavanger som ligger i morgonsolen. Eg kom plutslig på Stavanger sangen. som er slik

            Stavanger, Stavanger smilende
            du ligger der og drømmer
            Fjordens friske luftning
            mot deg stømmer
            Og din sjøman ut på
            langferd dreg
            Hell og lykke følger dei
            på lan og bølger tender
            stjerneglansen om ditt navn.

Tante Berta va veldig god å syngja, ho sang Stavanger sangen adle versene.

Rogaland

Riskafjor komer fra Hommersand via Uskakalven og skal til Stavanger, på babor side passerer han forbi. Når me kommer lenger i Gansfjorden komer dampen Rogland. Den kommer ifrå Sandnes og skal inn te Stavanger, den passerer oss på babord side. Me er nå komne til byen og fortøye båten ved Nygård og Dales foretning. og nå vert de og få blåberne til torjå. Me leigde ein kjøyrekar med hest og kjerre, til og kjøre varene til torgs. Prisane var låge bare 25 øre literen. Eg hadde rekna med 30-40 øre literen for blåberene. Hanne Berge sto litt lenger burte og selde tytteber, og de gjekk unna ho var ein god selger.  Ho Karen ifrå Slettå også hu fekk de til at minska i eskene. De sama var tilfelde med meg og. Kundane forlangde godt mål per liter endå til den låge pris.

Eg hadde vore av sta og kjøpt meg pipa og tobakk og homøre var på topp. Han Erik kom rennande ut og vilde sjå korleis de gjekk med salge. Han var i godt homør. Han såg at eg røykte og hadde kjøpt nye pipe, eg husker han sa gå i land og kjøp ei pipa te, ha ha.

Han Erik nemde at me skulde gå ifrå Stavanger klokka tri. Me hadde ein del tid og kjøpa ein del varer og sjå oss om i byen. Skrinet sette eg ombor i båten. Var innom Kaffipådel på Jorenholmen og eg fekk meg kaffe og heidevegg. Var og inne ved Sankthansgaten for å helsa på onkel Kasberg og tante Berta med familie, og snakke litt med dei. Då eg kom til Fiskapiren hadde Erik alt mottoren igang. Nogen av passasjerane var komne på plass, og dei andre kom etter kvart. Me hivde låst, og reiste på heimveg.

På denne tida klokken tri reiste og rutebåtene frå byen, de var dampbåt  Hjelmeland som jekk til Tau - Jørpeland. Og de va Sandeid med fler etter som ruteopplegget var bestemt. Komne over Gansfjorden og inn til Viersunde treffer me Viervåg som er rutebåt. Den passerer os på styrebord side. Klokkå halv fem la me til bryggå på Slettå. Og nå var de og takka kvarandre for lage. Og koma seg heim og fortelja dei heime om byturen og torgsalge.

Erlandsdalen. Hjemmet til Alf Dreggevik.