Olav Voster forteller om livet på Geitaskjær, om gårdsdrift, fiske, mat og stell, om oppveksten på en liten gård i årene før og under krigen.

 

 

Mjølkeproduksjon

         Me hadde som regel 5 kyr på bås og dei melka gjerne 2500 liter pr. år. Melka blei separert og fløyten blei sendt til Årdal meieri. Dei som sende fløyte, var etter det eg hugsar Konrad og Rein. Det var torsdag kvell og mandag kvell: då var det og sela opp hesten og spenna føre fjøskjerra og kjøre til Fiskåkaien, så var det Jøsenfjord som ordna resten. Me henta posten og kjøpte gjerne nokre varer og så bar det heim igjen.

 

ku

         Båten var som regel på Fiskå klokka halv seks om kvellen, så det var jamt heim og arbeide videre med forskjellige ting. I mange år kjøpte Kr. H. Grødem melk sjå oss, det var eit 5 liters spann, som når det var fylt blei sett på benken i byslaget og utpå kvelden kom ongane og henta det, dei hadde då med seg eit tomspann som dei sette i staden for det dei tok. Melkeprisen var 23 til 25 øre literen (1940) Det var og andre som kjøpte melk hos oss. Me tok altid av noko fløte som me skulle kinna til smør. Fløten blei ståande ei veke eller litt lenger og så satte med den attmed ovnen for å lunka seg, og når det var rett tempratur så skulle me kinna smør, og då var det og snu, og snu gjerne i timavis vis me uheldige. Når så det endeleg var blitt smør så var det og tappa av saupet og det var god drikk for den som lika det, men det gjorde ikkje eg. Så tok ein opp smøret og knaet det for å få ut saupet og det og det var ein heil jobb. Så var det å vaska smøret i vatn og så salta det passeleg.

         Bergljot Rein ho laga fatost kjem eg på, ho holdt altid på nedi bekken når ho arbeide med osten, trur ho vaska den og, bekken var rein og fin då. Me laga aldri fatost. Når kyrne hadde kalvet fekk me noko som heitte råmelk og den blei kokt i vannbad til noko som heitte kilsost (råmelkspudding) og det var godt. Me bruka mykje skummet melk av di me tok fløten ut av melka. Me bruka skummet melk til mest alle måltider. Til kvells var det gjerne poteter og sild med hagletta (sprengt melk) attåt. Eg var nokså vanskeleg i maten eg lika ikkje sild og sjør, ikkje syltelabbar, ikkje saup og heller ikkje lamahoved då åt eg berre tunga. Måltidene var gjamt klokka sju-halvåtte, middag klokke halv-tolv, mellemat klokka tre og kvells klokka 7-½8.

 

Kalvegarden

         Seinhaustes måtte me ut i skogen og rake gammelt lau (rotelau) oppi sekker og bera det heim, for det bruka me under kalvane, for dei skulle ha det tørt og godt. Lauvet blei til gjødsel når det låg i kalvegarden ei tid og gjødsla var verd mange pengar. Det var helst eikelauv som me fant inn forbi hauen ned mot sjøen, plassen kalla me for Svinahaien.

 

 

 

Husdyr

         På konfirmasjonsdagen min 26. sept. 1943 var der ein stut som hadde fått ein kålrotbete i halsen og han holdt på og kvelast. Me ringte til Aksel Krogevoll og han kom og skulle hjelpe til. Han smørte inn eit eit kosteskaft med smør eller noko anna og så sette han skaftet i halsen på stuten og trykte til, og kålrotbeten for ned i magen på dyret. Berget! Ein måtte aldrig stå hjelpelaus.

 

 

hest

          Den første hesten me hadde var ein stor blakk som eg hugsa, men han var utidig når han hadde stått inne om vinteren og var kåt, då la han ut det beste han var god for og då røynte det på hjulgangane kan eg komma i hug. I 1939 kom ein hestehandler Tjelmeland frå Årdal og kjøpte han, han solgte hesten videre til Østlandet for skogkjøring. Me kjøpte ny hest, Stella, av Tobias T. Gudmestad på Nærbø, 1940 og den fekk eit hestføl og det kjøpte Ludvig Tveit. Eg var med og såg når dyrlege Selvåg kastrerte følet nedforbi løa til Ludvig.

Stella nr.2 blei kjøpt 1961 og den var på Gjeteskjær til at far hadde brekt foten i 1976.

         ”Stella I”-hesten som var på Gjeteskjær før 1961 var født på Jæren hos Tobias Gudmestad i 1939. Ho var altså 22 år då me solgte henne.

”Stella II”- hesten på Gjeteskjær var født i 1961 og blei solgt i 1978.

 

geit

Sauer og lam

Sauene gjekk på beite om våren og me måtte passa godt på dei i den tida då dei skulle ha lam, for dei kunne komma ned i huller og veiter og bli liggande på ryggen og då levde dei ikkje lenge. Om vinteren fekk sauene småhøy eller skraphøy som me sa, det låg alltid på fjøslemmen, det var som regel morgonsmaten deiras, med ansjosavfall attåt, til kvells fekk dei lauvkjerver.

          Når me la småhøyet i saueetene la me nokre lange grindar oppå fordi at sauene skulle ikkje dra høyet utover. Me bar gjerne høyet i sekk frå fjøslemmen og ned i skuten til sauene. Inndelingen var gjordt med grindar, i ein garde var dei store lamsauene i ein annan var der gimbraer og ein annan var det risbitar og lam. Kvar hadde sin plass i systemet.

         Om høsten kjøpte me gjerne ein vær utafrå for at det ikkje skulle bli for mykje innavl. Væren slapp me til i november måned og då kom lamma i april-mai måned året etter. Om vinteren var me nøye på at sauen ikkje måtte ligga ute, då særlig på hela som me sa, for at dei kunne få sprengen. Var det ein sau som feilte måtte me leita etter han til me fant han. Når det blei snøkaver og dårleg vær så var det og gå å henta sauen heim.

         Ansjosavfall fekk me frå Johs. Meland i Saudagt. i Stavanger, han hadde hermetikkfab. Og når dei hadde storsild til ansjos så kløyvde dei silda på begge sider av ryggbeinet og det var alltid mykje god mat igjen på silda. Avfaldet fekk me heim i 100-liter tønder opp til 5-6 stk. og dei stod utafor fjøset, og sauene stod på to bein for og stela når dei gjekk forbi. Dei fekk gjerne ei bøtte om dagen, me måtte vara litt forsiktige for sauene blei tøyrste av silda.

         For og jaga sauene var ikkje alltid like greit, men eg hugsa me hadde ein god sauehund ein Border Colli rødbrun av farge og stor som ein ulv, han var jevngammel med meg, født i 1929. Han var av og til veldig sint hvis me klappa han beit han hvis han kom på det. På sine gamle dagar høyrde han lite og såg dårleg, han var med oss til Lyse-heiane med sauene i juni 1944 og då var han så plagsom at han blei tatt av dage østforbi Lysestølane 15 år gamal. Navnet va Villmann. Me hadde år om anna 35 til 40 vinterforede sauer, altså sauer som skulle ha lam.

 

Sauer og gjeiter.

         Me bruka gjerne ein time for å henta heim sauene. Det var berre Konrad og Arne Krogevoll som hadde gjeiter, dei pleide vara saman med Holta-gjeitene valegvis. Det blei slutt på gjeitene i 1950-åra. Det kom seinare villgjeiter ned i buhagane og då der var tilplanta med granskog gjorde dei ofte stor skade. Me fekk løyve av sjefen for skogrådet i Strand om felling av villgjeiter. Eg gjekk på jakt med mauser og skaut 2 stk, men det var tungt å få dei heim, så det blei slutt på jakta.

         Olav O. Tungland ga tillatelse til å skyta villgjeiter av di at dei åt opp granplantene inne i buhagen. Eg skaut 2 geiter.

 

 

 

Olav Voster 

1929 - 2003