Stamp og tynna er velkjende ord, men skal me leita etter, vert me ikkje så sikre på om dei er særleg gamle hjå oss. Dei stammar frå tysk.

 

Verbet stampa vil seia å trø, støyta m.v. Stampen kunne då vera det dei trødde i. Her kan me tenkja oss fleire ting. Den tyske vindyrkinga er frå romartida, og me veit at det var ein prosess under vinlaginga å stampa druene, med berre føter, i eit stort kar, så safta kunne renna av. Her var stampinga det viktege arbeidet, og  karet dei stampa i vart heitande stamp. Men me hadde ein annan prosess, som gjekk føre seg mest på same måten. Det var å stampa ulltøyet. Då var det ikkje druer i karet, men ulltøy som skulle tøvast i lunka vatn. Når ein skjer ei tynna tvers av på mitten får ein to stampar. Ein stamp vert såleis likt med ei tynna, eit bøkra kar, sett saman av mange stavar. Dei kan vera av ulik storleik. Dei største vert kalla kjer, og dei minste hadde også ulike namn. I norrønt språk finn me ikkje stamp, men ker finst i fleire samansetningar. Dette er med og slår fast at namnet stamp ikkje er særleg gammalt hjå oss. Noko tilsvarande må vera holk. Han har eit stort spenn i storleik, men er ikkje bøkra,(lagga). Namnet kjem av holt, holt tre. Då holken var lang og smal, vart han kalla strolk eller strokk.

Tynna skal koma av tonn. Hjå oss er eitt tonn tusen kg. og rekna med flytande vara, må tynna vera ganske stor. Men me minnest dei store vin- og olivenoljefatene, dei var kanske opp i denne vekta.

Hjå oss er tynna både vekt og holmål. Dei høver ikkje så godt inn med runde tal, då dei er  bygde på gamle einingar. I 1875 vart det metriske målesystemet vedteke, og alle gamle mål måtte omreknast etter dei nye, så ein hadde noko fast å halda seg til i alt rotet. Folket heldt på dei gamle einingane langt inn i dette hundreåret og gjer det delvis enno. Etter dei nye måla vart ei fiske- tynna 115,8 1., mens ei korntynna vart 139 l. I Danmark held dei enno på tønde land, som er 55 ar.

 

Fra heftet Gamle arbeidsmetodar i jordbruket av Peter Barkve