På Tau budde ein gong ein konge som heitte Geirmund. Han låg i strid med ein konge som budde på Talje. For å sikra seg og folket bygden han ei borg på Borgåsen. Han sette også opp ei vaktstove på Rossåsen. Ei jente som heitte Gon stod eingong vakt der. Då vart ho drept, og etter henne heiter lia Gonlia.

På Holta budde ein konge som heitte Grim. Han rådde over Bjørheimsbygd. Han kom opp i hard strid med Geirmund på Tau. Slaget stod i Skredalen. Der fall begge kongane. Taurakongen vart gravlagt i Skredalen, men Holtakongen vart lagt ned under åssom sidan fekk namnet Grimsåsen. Då dei hadde hatt utskiftning  på Nerhus og det skulle setjast opp skiftegard, braut dei opp ei grav under Grimsåsen. Hellene bruka dei i steingarden. Dette skulle vore grava til kong Grim på Holta.

Harald Hårfagre hadde hovudgarden sin på Mosterøy. Men han hadde mange gardar i Ryfylke, m.a. Liland på Tau. Det var meir som ein sikringsgard han kunne røma til dersom det trongst. Det er ikkje sikre merke etter nokon kongsgard på Liland. Me har difor lite å halda oss til. Men vegen frå Liland og nedover til Taugardane vart lenge kalla kongsvegen. Kanskje kan dette støtta sagnet litt. Seinare skulle Eirik Blodøkse ha overteke denne garden.

Eirik Blodøkse fall i eit stort slag i England. Han vart gravlagt der. Eirik budde i York saman med kona og sønene sine. Dei var for unge til å vera med på herferda. Sidan flytta dei heim til Noreg. Men så fortel sagnet at då grov dei også opp Eirik og førte han med seg. Han vart då gravlagt sør for Tau, på ein stad som sidan vart kalla Eriksanden. Det var planen å reisa ein bauta over han. Men steinen ligg opp frå Sandvika den dag i dag. Det er ein mekteg stein, 10,5 m lang 1,5 m breid og 0,5 m tjukk. Det vart mykje strid mellom Eiriksønene og det skulle vera grunnen til at steinen ikkje vart reist. Om ikkje denne segna har med sanninga å gjera, så veit me visst at det har budd mange mektege menn i Tau-området. Men diverre har det vore herja stygt med desse fornminna, så me vil aldri meir få noko godt bilete av dette.