Varsel om død

Det var så mange slag varsel folk trudde på. Her skal det berre takast med nokre som varsla død. Eg minnest kor sterkt inntrykk dei gjorde på oss som barn. Endå om me ikkje trudde så sterkt på dei, hadde dei likevel grave seg sterkt inn i sinnet. Dersom me såg halmstubbar eller anna liggja i kross på golvet, spådde det dødande.

Mest endå verre var det dersom hunden la seg langs golvfjølene og med hovudet mot døra. Det varsla at det skulle berast ut lik. Dersom kattugla gol i nærleiken av husa, var det eit ille varsel. Sette ho seg til å gala på husmønet, varsla det sikker død.

Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg då eg ein kveld skulle fylgja ein annan gut eit stykke på vegen heim. Me hadde fylt lommane med søteple for å ha noko å gnava på etter vegen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På vegen like ovanom ein gard, sat ei kattugle i eit tre og gol. Me våga ikkje gå framom henne, og ho såg ikkje ut til å vera redd oss. Me kasta søteple mot henne for å få ho bort. Endeleg skjedde det, men då var eg så redd at eg torde ikkje fylgja lenger. Me sprang heim kvar til seg fortast me kunne. Det gjorde ikkje saka betre at straks etter døydde mannen på garden der kattugla sat og gol.

Fekk ein høyra veggjasmeden syngja i tømmerveggen var det eit ille varsel. Eg kan enno minnast at eg som ganske liten gut låg sjuk ei natt og ikkje fekk sova. Då fekk eg høyra veggjasmeden spela og syngja. Det var ikkje det grann hyggeleg.

Når  nokon fortalte at dei hadde høyrt liksongtonar frå den eller hin kanten, var det mest som ein kunne få skjelten. Det hendte fleire gonger dei høyrde liksongtonar frå Fullshammar på Førland. Ein gamal mann som hadde høyrt dette fleire ganger sa at det var eit sikkert varsel for at det straks skulle liggja lik i Dalen. Dei sa at varselet hadde slege til.

Såg ein nåljos (dødsljos) (St. Elms ild, som det heiter fysikkbøkene) varsla det død. Ofte synte han seg i mastetoppane og gjerne før eit uver. Seinare har dei funne eit naturleg samanhang ved dette. Eit sterkt uver var ein fare på sjøen. Eit fartøy kunne forlisa og gå ned og då fylgde oftast dødsulukker med. Eit vardøgr varsla også oftast død. Alt dette fekk ein som førevarsel - og folk gjekk i otte. At det ikkje vert teke med meir om varsel, kjem av at det er så stort kapittel at alt ikkje kan takast med. Elles ville det berre verta sunnrive.