Primstaven for januar


Januar har fått namnet etter den romerske guden Janus. Han var guden for opphavet og ofte avteikna med to andlet. Eit snudde mot høgre og eit mot venstre, det såkalla Janusandlet. Etter den gamle norøne kalendaren, var januar slutten på den månaden dei kalla Mørsugr (feitsugaren) og to tredjedeler av den neste månaden, thorre, som kjem av tverra eller minka. Det var vinteropplegget som tok til å minka. Etter nyare tidsrekning tok månaden til 12. januar eller med den gamle midtvintersnatt, også kalla heggenatt. Då feira dei gamle nordmenn midtvinterblot eller torablot. Dett heldt mange fram med heilt til kong Håkon den Gode påla alle å høgtida jula 25. desember. Då kristendomen vart innført i Island, vart det vedteke at thorre skulle ta til første fredagen etter 12. januar. Dette gamle månads namnet hang lenge ved, og me finn det endå att i det gamle vêrmerke som Seier: Thorre tøy gjev frose korn og råte høy.

Nyttårsdagen vart på primstaven merka med eit timeglas og heilag trekongardagen med tre menn. Denne dagen vart ofte kalla trettenhelga, fordi ho fall på 13. dag jul, som er 6. januar. Dagen etter, eller 14. dag jul vart kalla avfaredagen. Det skulle tyda at då var juleveitsla over og gjestene skulle fara. Dagen vart også kalla Eldbjørgsdag. Då skulle det ordnast opp med elden etter julefeiringa og det vart drukke Eldbjørg skål eller Eldbjørg minne. Det var på den dagen hertug Knut Lavard i Danmark vart snikmyrda. Då han sidan vart høgda til helgen, vart dagen helga til æra for han og høgtida også hjå oss. Sidan dagen fall på avferdsdagen, var det at me fekk den kjente strofa: St. Knut køyrer jula ut. 
II. januar heldt dei Brettemessa. Det var ein festdag til æra for ein irsk helgen. Ein kjenner ikkje nærare til denne helgenen, men dagen er på primstaten marka med ein hest. Dette merket skal ha opphavet sitt i at ein bonde kom køyrande med hest og slede og møtte grannen sin, som åtvara han mot å køyra på brettmessedagen. Ei slik framferd ville føra ulukka med seg. Men bondes svarte: Bretta meg her og bretta meg der, så vil eg bretta meg heim med eit lass høy. Det bar ikkje likare til enn at hesten braut foten. Namnet var stundom forvanska til brikkismesse. Dette har samanheng med at dei den dagen skulle samla alle matleivningane etter Julefeiringa, røra dei saman i ei gryta og eta dei. Stumpane som var att av julelosa, vart tekne godtvare på for å kunna brukast til medesin både for folk og fe. Sidan dei hadde stått på julebordet, hadde dei fått ei heilag kraft i seg.

Midtvinterdagen eller høggemessa, 12. januar kan på primstaven vera merka. med fleire små prikkar, som skulle tyda snø. Mange av oss kan minnast dei gamle sa at på den dagen rulla vinteren over rygg, og bjørnen i hiet snudde seg over på andre sida.

Dei gamle nordmenn feira jul til 13. januar, eller 20. dagen som dei kalla han. Då skulle jula slutta, og dei gjorde det med ein dundrande fest. Dei dansa heile natta for å dansa jula ut som det heitte. Alt juleølet skulle drikkast opp, og dei hadde sørgt for at det vart rikeleg. Festen vart ofte feira som ein samskotsfest. I sume bygdar hadde det arbeidd seg inn faste reglar for kor mykje malt kvar skulle yta til øl for denne festen. I sume bygdar bruka dei å feia jula ut med bjørkekvister og limar. - Og så var det å gå attende til striskjorta og havrelefsa, og då kunne dei syngja:

For no har jula ende 
og no er gleda slutt.

På primstaven kan dagen vera merka med ei klokka. Ho skulle ringja jula ut, men det kan også stå eit omvendt horn. Det skulle tyda at då skulle det gjerast slutt på juleølet. 20. januar var St. Fabian og St. Sebastian sin dag. Hjå oss vart han kalla brødremessa. Men desse to var ikkje brødre. St.Fabian var romersk biskop og leid martyrdøden kring år 250. St. Sebastian derimot var ein tapper krigshøvding som keisar Deoclitian dømde til å binast til ein påle og skjotast med piler. Men han døydde ikkje av pilene og vart sidan piska ihjel. Dette skjedde i året 302. Dagen er på primstaven merka med ei øks. Då tek sevja til å stiga i trea og all emningsved måtte hoggast.

25. januar vart det halde Pålsmesse til æra for apostelen Paulus. Det heitte at det var på denne dagen han vart ein kristen. På primataven er han merka med ein boge. Folk trudde at den Pål dei festa for var ein stor krigshelt og bogeskyttar, og dei kalla han Pål skyttar eller Pål med bogen. Han skulle ha vore ein stor krigar på føremiddagen, men halde ettermiddagen heilag, trudde dei.