Svartedauen
Segna fortel at Svartedauen for svært hardt fram i Strand. Det heitte at tre dagar etter at sotta var komen til Botsfjorden, låg det ni likbåtar i Barkavika. Det var kyrkjegard eller gravstad på Barka i dei tider. Vidare heitte det at det vart att ein mann på Barka og ei kone i Asen. Dei gifte seg sidan saman. På Tungland levde att ei jente. Ho heitte Ingrid. I nordre Strand rauk det berre or tre skorsteinar. Det var på Tau, Nerhus og Geitaskjer. Mange gardar vart liggjande øyde. Så seint som i 1567 var dette tilfelle med Vatland, Tveit, Nes, Langeland, Tungland, Jøssang og Botne. |
|